vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturprisen 2020

Kulturprisen for 2020 skal tildelast ein person som lenge har jobba for, og sett verdien av integrering og fellesskap for kvinner i vårt lokalsamfunn.

Denne fåmælte, men desto meir effektive personen, har lang erfaring i dette arbeidet. Sidan 2004 har ho vore leiar av styret i Gol Helselag. Fram til 2004, hadde Helselaget vore organisert under Bedehuset, men no skilde dei lag, og Helselaget fekk nytt tak over hove på Helselagsstugu. Og der er dei enno.

Her blir det arrangert flerkulturelt torsdagstreff for innvandrerkvinner, unge jenter og barn. Det er ulike tema kvar gang, og det blir alltid servert mat frå ulike kulturar. Kulturprisvinnaren vår er sjølv utdanna ernæringsfysiolog, så dette er nok noko ho set spesielt pris på. Tema på desse kveldane kan vera alt frå psykisk helse, strikkekveld, barnesjukdommar, mannekengoppvisning , trim med fysioterapeut, origami, sunn mat, utstilling av vakre dokker i hallingdrakter, korleis kler man seg om vinteren i Norge, i tillegg til ulike turar. Mellom 40-50 kvinner deltek på desse kveldane!

Prisvinnaren har også vore med og starta opp grønsakdyrking på Renslotunet med same målgruppe.

Gjennom det 3-årige prosjektet med Barnas Verdensdagar bidrog kulturprisvinnaren stort til gjennomføring av mattilbodet som var der. Med sine kontaktar og kunnskap om mat, blei dette eit viktig del av arrangementet, og nye kontaktar og samarbeid blei etablert.

Det er vel ikkje mange som har like mange kilometer på sin bil som henne, ho hentar og bringer for at flest mogleg skal få delta på arrangement.

Som pensjonert lærar, tek ho også på seg ansvaret med leksehjelp for barn og unge på Frivilligsentralen.

Gol kommune sin kulturpris for 2020 vert tildelt Gunnhild Sørum.

Prisen er ein akvarell av kunstnar Odd Trygve Kolbjørnsgard, frå Ål.

Me gratulerer!