vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gjerde inn hytta?

Me forstår at folk ynskjer å gjerde inn hytta si slik at ein unngår møk heilt inn på trappa.
Aktuelle gjerdetypar kan væra nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde eller skigard. Gjerde må minst væra ein meter høgt og ha ei utforming slik at sau og lam ikkje set seg fast, eller kan smette gjennom.

Mattilsynet tolkar Lov om dyrevelferd slik at det ikkje er lov å bruke tråd eller plastnettinggjerde, verken med eller utan straum, med mindre eigaren fører dagleg tilsyn med gjerde.
På ei hytte vil det sjeldan væra dagleg tilsyn heile beitesesongen.

Gjerde av tråd eller plastnetting er dermed forbode.