vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Folkehelseprofilen 2020

Folkehelseprofilane for kommunane 2020 er her!  

No kan du finne årets folkehelseprofilar frå Folkehelseinstituttet her: https://www.fhi.no/hn/folkehelse/folkehelseprofil/

 

I år er tema «Sosialt bærekraftige lokalsamfunn». Dei 17 måla FN har sett for ei berekraftig utvikling kan delast i tre hovudområder; Klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Og det er dei sosiale forholda Folkehelseinstituttet nå sett fokus på i årets folkehelseprofilar. Folkehelsearbeid har mykje til felles med den sosiale dimensjonen i FNs berekraftsmål. Både sosial berekraft og folkehelse handlar om å fremme ei samfunnsutvikling som:

• Set menneskelege behov i sentrum.

• Gir sosial rettferd og like livssjansar for alle.

• Legg til rette for at dei som bur i lokalsamfunnet, kan påverke forhold i nærmiljøet og elles i kommunen.

• Legg til rette for deltaking og samarbeid.

 

Gjennom god og bevisst kommunal planlegging kan ein legge grunnlag for gode lokalsamfunn. Det er ærleg fire mål i planlegging av sosialt berekraftige

Lokalsamfunn som vert trekt fram:

  • At innbyggarane har god tillit til samfunnet og kvarandre.
  • At ein har tilgang til arbeid, utdanning og gode nærmiljø.
  • At ein føler at ein høyrer til.
  • At ein kjenner seg trygg.

 

Tall for Gol syner at ungdommen kjenner seg trygg på Gol (Ungdata 2017). Det er grei tilgang på bustader, få bur trongt, men ein høg andel leiger bustad (21% i Gol mot 12% på landsbasis). Andelen av befolkninga på Gol som stemmer med val ligg på same snitt som for Viken fylke (63%).  

Andre trekk i folkehelseprofilen for Gol 2020:

  • Andelen med låg utdanning og låg inntekt er fortsatt høg, samanlikna med resten av landet og fylket.
  • På skulen har dei fortsatt gode resultat i lesing og ungane trivs på skulen.
  • Gol har særs god kommunal drikkevassforsyning, og luftkvaliteten er god.
  • Når det gjeld helse og sjukdom ligg Gol si befolkning fortsatt rimeleg bra an. Det er få skadar og helseplagar, og forventa levealder for kvinner er fortsatt er høg.
  • Som tidlegare år ser ein at ungdommen er mindre fysisk aktive og at andelen med overvekt/fedme går opp.