vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ekstraordinære tilskot- næringsfondet

Ekstraordinære tilskotsmidlar som fylgje av Covid-19 tiltak

Som del av krisepakke 3 og for å motvirke effekten av koronatiltak, har Viken fylkeskommune tildelt næringsfondet i Gol kommune kr. 3.100.000.-.

Målgruppa for ordninga er bedrifter og næringsaktørar.
Ved tildeling av midlane blir bransjer som er hardast ramma av koronakrisa prioritert.
Det vert oppfordra til lokale og regionale samarbeidsprosjekt, i den grad det kan oppnåast bransjespesifikke synergieffektar.

Kven og kva det kan gjevast tilskot til

Det kan gjevast tilskot til bedrifter, etablerera og andre næringsaktøra. Med næringsaktør meiner ein aktør som tilrettlegg for og/eller gjev støtte til næringsutvikling. I vurdering av søknadene om tilskot vert det lagt særs vekt på:

a. i kor stor grad tiltaket fremjer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensiale
b. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerera og andre næringsretta tiltak antek til å motvirke negative virkningar av covid-19 utbrotet
c. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Midlertididig forskrift om tilskot til næringsfond som fylgje av covid-19-utbrotet

Korleis søkje

Send inn søknad via www.regionalforvaltning.no.
Ta kontakt med næringsutviklar Erik Hansegård - erik.hansegaard@gol.kommune.no eller på telefon 930 05 235 om du har spørsmål knytta til søknaden.

Søknadsfrist er 1.oktober 2020, men kommuna oppfordrar til å søkje så snart som råd.