Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Delta i den store bustadundersøkinga i Hallingdal

Hallingdalskommunane, Regionrådet og Hallingdal Næringshage ynskjer å få veta kva alle ser etter på bustadmarknaden. Følg lenka i artikkelen eller skan QR koda for å delta. Frist 25. januar.

Bilete av ein QR kode som gjeld bustadundersøkinga i Hallingdal

Er du ung og snart på veg inn i bustadmarknaden i Hallingdal?

Eller etablert og «godt vaksen» med hus og heim – og så vidt i gang med planlegginga av pensjonisttilværet?

Eller er du utflytta halling som snusar på moglegheita for å flytte «heim att»?

Sesongarbeidar eller hyttehalling som kan tenke deg å bu her på fulltid?

Kanskje du er ein internasjonal halling med røtar frå eit heilt anna land? 

Delta i undersøkinga vår innan 25. januar, her: https://no.surveymonkey.com/r/BoligiHallingdal (no.surveymonky.com)

Undersøkinga vil bidra til at Hallingdalskommunane og næringslivet kan bygge fleire, smartare, og rimelegare bustader, som er attraktive for fleire målgrupper. 

Undersøkinga er anonym og kunnskapen vi samlar inn vil berre bli brukt i vidare arbeid i det offentleg-private bustadnettverket i Hallingdal.

Det er valfritt å legge att e-postadresse.
Viss du gjer det kan du bli trekt ut som vinnar av eit gåvekort til ein verdi av 5000 kr frå flotte Geilo Mountain Lodge

Bilete av ein QR-kode som gjeld bustadundersøkinga for Hallingdal

Sist endret: 24.01.2024