vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Borgarleg vigsel etter 1.januar 2018

Borgarleg vigsel

Frå og med 1.januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsle brurepar. I Gol kommune er det ordførar Heidi Granli og varaordførar Helge A. Feet som har denne mynda. Både busette i Gol og utanbygds kan bli vigsla.

Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må være på plass for at du skal kunna gifta deg. Les meir under desse lenkene:

Ekteskapslova

Forskrift om kommunale vigsler

Reglement for borgarleg vigsel i Gol kommune

Vilkår

For å kunna gifta seg må Skatteetaten sjå til at brureparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Difor må ein del dokument sendast inn og handsamast av Skatteetaten. Sakshandssaminga hjå Skatteetaten kan ta nokre veker, så ver ute i god tid.

Dokumenta som må sendast til Skatteetaten er:

Eigenerklæring

Forlovarerklæring

Erklæring om skifte om du har vore gift før

Melding om endring av namn om du skal endra namn

Digital innsending av prøvingsattest - nytt frå juni 2018

Før de kan gifte dykk må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Dette kallast prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 ynskjer Skatteetaten at de gjer dette digitalt ved å logge inn på skatteetaten.no og oppgje ein del opplysningar.

Behandlingstida kan væra inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging. Vær ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Prøvingsattesten er kun gyldig i fire månader, fordi opplysningane de oppgjer må vera ferske.

Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logge inn i Altinn for å laste ned prøvingsattesten som stadfester at de kan gifte dykk. Prøvingsattesten kan sendast vidare til kommunen frå Altinn. Har du reservert deg mot digital post kan du søke om prøvingsattest på papir og sende attesten til kommunen som papirpost.

Dersom du vil gifte deg i utlandet kan du ikkje søke elektronisk enno.

Ynskjer de meir informasjon om kva som trengst for å gifte seg, kan de lese om det på skatteetaten.no


Under vigselen må det væra tilstades to vitne, forlovarane kan ha denne rolla. Både brurepar, vitne og forlovera må ha med gyldig legitimasjon. 
Kommuna kan stille med vitne om det avtalast på førehand.

Er du utanlandsk statsborgar, må du dokumentere lovleg opphald i Noreg på tidspunkt for vigsling og prøvingsattesten må sendast inn på førehand.

Kvar og når kan du gifta deg?

Vigselen vil føregå i kommunestyresalen i Gol kommunehus ein fredag i månaden mellom kl. 12:00 - 15:00.
Aktuelle datoar i 2018 er:

9/2, 16/3, 13/4, 11/5, 8/6, 17/8, 14/9, 19/10, 23/11 og 7/12.

Det kan søkjast om vigsel andre datoar, og det er vigslaren som tek avgjerda om det kan innvilgast.

Korleis bestiller eg vigsel?

Du bestiller vigsel ved å fylle ut dette skjemaet som er elektronisk og krev innlogging via Minid eller Bankid. Prøvingsattesten frå Skatteetaten kan sendast med som vedlegg, eller direkte frå Skatteetaten. Svaret frå kommuna blir sendt til den som står som utfyllar av bestillingsskjemaet. Svar blir ikkje sendt før gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten er motteke.

Kva kostar det?

Vigsel på oppsette fredagar i tidsrommet kl. 12:00 - 15:00 i kommunestyresalen er gratis. Om vigsel skal skje til andre tider og på andre stader må brureparet betale for meirkostnader som kommuna har. 
Har brureparet behov for tolk må dei også dekke kostnader til dette. Det same gjeldt kostnader til pynt og kulturelle innslag.

Om seremonien

Seremonien går føre seg i kommunestyresalen i Gol kommunehus og tek ca. 15-20 minutt inkludert underskriving av vigselsdokument. Det er pynta med ljos og kvit duk på vigselsbordet. Ynskjer brureparet pynt utover dette, eller kulturelle innslag, må dei sjølve ordne det.

Om brureparet ynskjer å sette på ringar under vigselen må dette avtalast på førehand.

Dersom vigsla skal føregå på engelsk må det óg avtalast med vigslar på førehand. Dersom paret hverken forstår norsk eller engelsk må dei ha med seg kvalifisert tolk.

Sjølve vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren les Det borgarlege vigselsformularet. Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Fotografering og filming under vigselen skjer i samråd med brureparet.