vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vassmålar

Vassmålar

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Synnøve Kristiansen

Tittel: Førstesekretær

Telefon: 32 02 90 78

Kontaktperson: Vakttelefon

Telefon: 916 84 496

Installasjon av vassmålar

Huseigar betaler ansvarlig utførande for arbeidet med installering. Alle kostnader til kjøp, vedlikehald og rutinemessig utskifting av målaren dekkes via dei årlige vatn- og avløpsgebyra. Vassmålaren er kommunens eigedom.

Registreringsskjema til bruk ved installering av ny vassmålar

Rettleiar ved installasjon av vassmålar

Seksjonerte eigedommar

Av og til skjer det seksjonering av eigedom der det ikkje er mulig å sette inn vassmålar i kvar enkelt ny eigarseksjon. Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlige for gebyra.

Gjeld slikt samarbeid et sameige etter Lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdeavhengig del av gebyret i forhold til sin eigardel, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

Følg med på vassmålaren.

Som abonnent kan du lage ditt eige avlesningssystem, månadleg eller pr kvartal, eller kva som

passar, og du kan samanlikne med tidlegare avlesningar.

Vassmålarregistreringsskjema

Lekkasje

Det er viktig å kontrollere at vatn ikkje lekk ut gjennom kraner som drypp eller toalettsisterner som står og renn.

Når det ikkje vert tappa vatn, skal visarane på vassmålaren stå stille.

Beveger visarane seg sjølv om alle vassforbrukande installasjonar er stengt, skuldast det sannsynligvis lekkasje.

Kontroll av vassmålar 

Ved mistanke om lekkasjar, ta kontakt med rørleggjar for lokalisering og utbetring.

Vassforbruk gjennom målar som skuldas lekkasje på privat sanitæranlegg er huseigars ansvar.

Kostnad ved smålekkasjer 

Ved jamn kontroll blir lekkasjar og utilsikta renning av vatn oppdaga på eit tidleg tidspunkt. Meirkostnaden blir minimal.

Regelen er at med vassmålar betalar abonnenten for brukt vatn, og for påfølgjande utslepp av avløpsvatn.

Mistanke om feil med vassmålar?

Dersom abonnenten har mistanke om feil med vassmålaren, ta kontakt med Gol kommune, Kommunalteknisk avdeling.

Avlesing av vassmålar

Du vil motta avlesingskort i desember kvart år. Les av målaren og returner avlesningskortet innan fristen. Porto er betalt.

Avlesningskortet kan også leverast direkte på kommunehuset, eller per e-post til: vannmaler@gol.kommune.no

Innmeldt målarstand vert nytta som grunnlag for berekning av årsgebyr. 

Dersom du unnlet å lese av vassmålaren vil kommunens røyrleggjar foreta avlesinga. Arbeidstid/reisetid vil då bli belasta. Dersom avlesinga må utførast etter ordinær arbeidstid vert det nytta overtidssats.

Gebyr

Alle gebyr skal  innbetalast forskotsvis, på grunnlag av et stipulert forbruk.

Når forbruket målast, skal kunden betale for det forbruket som har passert målaren i avrekningsperioden, mens innbetalt forskot for same periode kjem til fråtrekk.