vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilkobling til kommunalt vass- og avløpsnett

Søknad om tilkobling

Tilkopling til kommunalt vass- og avløpsnett skal godkjennast av Gol kommune. Søknaden skal underskrivast og sendast Gol kommune v/kommunalteknisk avdeling. Det er svært viktig at søknaden inneheld namn og adresse til tiltakshavar (grunneigar) og den som er ansvarshavande for arbeidet (rørlegger/entreprenør).

Tilkopling kan ikkje skje før godkjenning frå Gol kommune ligg føre.

Dersom tiltaket er av slikt omfang at det krev melding/byggesøknad etter Plan- og bygningslova, ta kontakt med Gol kommune, utbyggingsavdelinga.

Sanitærabonnement, søknad om (utskriftsskjema-pdf)

Utslipp av oljeholdig avløpsvatn, søknad om (utskriftsskjema-pdf)

Påslipp av fettholdig avløpsvatn, søknad om (utskriftsskjema-pdf)

Krav om tilbakesikring for å hindre forureining av drikkevatnet

Risikoabonnentar må følgje opp kravet om tilbakeslagssikring for å hindre forureining av drikkevatnet.

Kva er tilbakestrømming?

Det hender at vatn trykkas eller sugas tilbake frå ei kran eller tilkopling. Vatnet kan kome ut i andre kranar i same hus, eller på offentleg nett. Det er to hovudårsakar til at dette kan skje. Trykkfall på kommunens nett eller at abonnenten har interne pumpesystem med høgare trykk enn kommunens vasstrykk.

Kva er ein risikoabonnent?

Abonnentar som handterer væsker som utgjer ein fare for å forureine det offentlege vassleidningsnettet ved tilbakestrømming.

 

Eksempel på risikoabonnentar:

  • Avløpsanlegg
  • Industri
  • Husdyrbruk
  • Vaskeanlegg
  • Bensinstasjonar
Korleis kan forureininga skje? 

Spesielle trykkforhold kan føre til at forureina vatn eller andre væsker strømmer frå eit tappested tilbake til det interne vassleidningsnettet i bygningen eller ut på det offentlege vassleidningsnettet. Det er derfor krav om å gjere tiltak for å hindre tilbakeslag.

Lovheimel – kommunens heimelsgrunnlag

Heimel for og krevje sikring mot forureining er gitt i Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp – Tekniske bestemmelser punkt 4.4 Sikring mot forureining. Heimel for tilsyn og pålegg om utbetring for eksisterande installasjonar er gitt i Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp – Administrative bestemmelser punkt 3.7 Besiktigelse og kontroll av eksisterende anlegg og installasjoner.

 

Krav om sikring mot tilbakestrømming finner man også i plan- og bygningsloven (pbl) og utdjupa i Byggteknisk forskrift (TEK10). Krav til tiltak for å forhindre tilbakestrømming er regulert i TEK10 §§ 15-6 og 15-9. Direktoratet for byggekvalitet har laga ein  rettleiar til føresegna, der det visast til NS-EN 1717 og VA/Miljø-blad 61.

Kven gjeld kravet for?

Verksemder som handterer væsker som inneheld smittestoffar og/eller kjemikaliar utgjer ein risiko for å forureine drikkevatnet både i og utanfor eigen verksemd. Slik forureining er det forbod mot! 

Nyttig informasjon og rettleiing

Korleis velja å installere tilbakestrømssikring? Veiledning til bygningseiere og rørleggere