vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjon om kommunalt vatn og avløp

Gol kommune har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av kommunalt vassverk og kommunale avløpsrenseanlegg med tilhøyrande installasjonar og ledningsnett.

Kommunal vassforsyning

Vassforsyning er regulert av forskrift om vassforsyning og drikkevatn.

Gol kommune har utarbeida Hovudplan for vassforsyning i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre 16.12.2014.

Vatn - Årsgebyr og tilknytningsgebyr

Drikkevatn som kommunen leverer, skal vere hygienisk trygt, klart og utan nemnande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk.

Kommunen skal, så langt det let seg gjere, varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar kvaliteten på drikkevatnet, til dømes reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå utlysing i presse, nettsider, mv. Kommunen kan gi restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel. Dersom nødssituasjonar (katastrofar mv.) gjer det nødvendig med unntak frå krava til kvalitet, vil forbrukarane og næringslivet bli informerte om situasjonen, og om kor lenge den mellomsbels/provisoriske vassforsyninga vil vare. I område utan kommunal vassforsyning må innbyggjarar, næringsliv osb. etablere eiga ordning for vassforsyninga. Kommunen kan ikkje gi byggjeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande løysingar for vatn og avløp.

Telefonvarsling

Mattilsynet er statleg styringsmakt på området drikkevatn, og fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i forskrifta om drikkevatn.

Klage

Klage på vasskvalitet eller vedtak som omhandlar kommunal vassforsyning skal sendast Gol kommune ved kommualteknisk avdeling.

Vassmålar - avlesing og kontroll

 

Kommunale Vassverk i Gol kommune

Gol vassverk

Etter ombygging vart vassbehandlingsanlegget satt i drift 19 Januar 2010.

Drikkevannsforskrifta stiller krav til at pH i vatnet skal være mellom 6,5 og 9,5.

Fram til 2010 har pH blitt justert ved å tilsette lut.

Den nye vassbehandlinga luftar vatnet, før det blir filtrert gjennom knust marmor.

Etter behandling har vatnet ut frå vassverket ein surheitsgrad på ca. pH 8. PH kan synke noko

utover i nettet. Vatnet har ei hardheit på 4°dH, noko som er betegna som ”bløtt vatn”.

Det stilles krav om at vatnet skal sikrast med to uavhengige hygieniske barrierer.

For Gol vassverk er den første barriera sikring av vasskjeldene. Den andre, har fram til 2010,

vore tilsetting av klor. Klor er nå erstatta av behandling med ultrafiolett lys (UV). Meir

informasjon om UV-behandling av drikkevatn, finnes hjå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Klor inngår framleis som ei beredskapsløysing, og kan måtte bli nytta ute i leidningsnettet.

Etter ombygginga er vassbehandlingsanlegget også blitt sikra betre mot flom i

Hallingdalselva.

Vassverket, med dei nye endringane, vart godkjent av mattilsynet 23.12.2009.

I korte trekk:

  • Vassverket forsyner Gol tettstad med drikkevatn.
  • Leverer gjennomsnittlig ca. 2000m3/døgn

Det opprinnelige vassbehandlingsanlegget på Eiklid

  • Bygget i 1980
  • 2 grunnvassbrønner
  • pH heving med Lut.
  • Desinfisering med Klor

Vassforsyninga etter ombygging

  • Vannbehandlingsbygget utvida med 90 m2, og eksisterende bygg på 250 m2 er rehabilitert.
  • Dimensjonert for 2350m3/døgn (max. 2600m3/døgn)
  • To gamle og to nye brønner alternerer i vassproduksjonen
  • pH heving ved CO2 avlufting og marmorfiltrering
  • Desinfisering med UV
  • Mulighet for desinfisering med Klor
  • Dykkede utløpspumper i lavreservoar
  • Flomsikring med jordvoll plastra med stein, heving av brønntoppar og golvnivå
  • Klausulert områder, rundt og oppover bak anlegga.

Reservevassforsyning.

  • Ligg 200m fra vannbehandlingsanlegget
  • Bygget i 2006
  • 2 nye grunnvannsbrønner (inngår i daglig produksjon)
  • Høytrykks pumper for sjølstendig forsyning av høydebasseng og nett.
  • Mulighet for desinfisering med Klor

Lekkasje på vassleidningsnettet

Av og til skjer det vasslekkasje på eller i tilknytning til det kommunal leidningsnettet frå vassverket. Ofte er dette lekkasjar på privat stikkledning eller tilkoblingspunkt til stikkleidningen.

 

Desse reglane gjeld ved lekkasjar

Kommunen er ansvarleg for alle lekkasjar på hovudleidningsnettet.

  • Den enkelte abonnent er sjølv ansvarleg for lekkasjar på sin private stikkleidning, inkludert påkoblingspunktet.

Dersom det er mistanke om lekkasje må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefon 916 84 496. 

Det er viktig å varsle fort for å unngå følgjeskader, som t.d. skader på hus eller vegar, eller tøyming av høgdebasseng. 

Dersom det er konstatert at det er lekkasje vil kommunen syte for å stenge av vatnet, lokalisere lekkasjen, evt. fastslå om den er på privat stikkleidning, og vurdere kva tiltak som bør setjast i verk. 

  • Kommunen har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel, for å reparere vasslekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Dersom det ikkje er tvil om at lekkasjen er på privat stikkleidning må abonnenten sjølve syte for at feilen vert utbetra så fort som råd.
  • Det er krav om at arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, gravemaskinførar og røyrleggjar.

Hardheit på drikkevatnet i Gol kommune

Mange lurer på om drikkevatnet er hardt, slik at dei må tilsetje forskjellige middel i oppvaskmaskiner og vaskemaskiner for å hindre forkalking, dette er ikkje nødvendig.

Hardheiten på vatnet er eit mål for vattnes innhald av saltar, i første rekkje kalsium – og magnesiumsaltar.

Regnvatn og overflatevatn inneheld til vanleg få saltar, og reknas difor som bløtt eller mjukt vatn, medan grunnvatn som har vært i kontakt med karbonatbergartar reknas som hardt vatn.

Vatnet frå Gol vassverk i Gol kommune er som dei flest andre stader i Norge bløtt. 

Dette betyr at det ikkje er nødvendig å tilsetje salt eller andre middel for å hindre forkalking i oppvaskmaskinen/vaskemaskinen.

Definisjonar på hardheit
Hardheit Nemning
0 - 2 svært bløtt
2 - 5 bløtt
5 - 10 middels hardt
10 - 21 hardt
over 21 svært hardt

Kommunalt avløp

Gol kommune har utarbeida Hovudplan for avløpssektoren i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre 16.12.2014.

Kloakk - Årsgebyr og tilknytningsgebyr

 

Gol kommune vedtok lokale forskrifter om vatn- og avløpsgebyr den 20.11.2007. Der finn du bestemmingar om utrekning og innbetaling av vass- og kloakkavgifta. Forskrifta kan du lese her

Kommunen brukar nasjonale forskrifter og normer som mal for lokale tilpasningar. Dette gjeld m.a. VA-normen og Sanitærreglementet.

VA-normen

Ny VA-norm for Gol kommune blei vedtatt i Utval for Natur og Næring 18.01.2005, og gjort gjeldande frå 01.03.2005.

Les VA-normen her

 

Kommunale avløpsrenseanlegg i Gol kommune

Gol renseanlegg

Gol renseanlegg som ligg ved riksveg 7 på Hagaskogen er eit mekanisk/kjemisk anlegg dimensjonert for ca 12000 pe. Anlegget som behandlar avløpsvatn frå Gol tettstad vart rehabilitert i 2000. Anlegget har fleire fellingstrinn med sedimentering og flotasjon. Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg. Det kommunale avløpsnettet som er knytta til anlegget er på ca 43 km og med 6 tilhøyrande pumpestasjonar.

Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Hallingdalselva. Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) jf. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m.

  

Golfjellet avløpsrenseanlegg

Anlegget som ligg ved Oset vart i 1998 etablert som eit mekansk/kjemisk anlegg med opne kalkfellingsdammer dimensjonert for ca 2600 personar. I 2007 vart anlegget totalrenovert og utvida til eit mekanisk/kjemisk anlegg basert på flotasjon i tillegg til biologisk rensetrinn. Kapasiteten for anlegget er no på ca. 5000 pe. Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg. Anlegget behandler avløpsvatn frå hotell og fritidsbustader i sentrale deler av Golsfjellet som Storefjell, Ørterstølen, Guriset og Oset. Avløpet blir frakta til anlegget via 9 km kommunalt avløpsnett og 2 pumpestasjonar.

Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Tisleifjorden. Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) og organisk stoff (KOF/BOF) jf. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m.  

Feil på kloakknettet

Av og til opplever abonnentar på det kommunale kloakknettet at kloakken vert tett. Erfaringa syner at dette oftast skuldast tilstopping av privat stikkledning.

Er det feil på hovudleidningsnettet vil dette oftast medføre at fleire abonnentar opplever problem samstundes, og dette kan lett sjekkast ved å snakke med andre som er tilknytt på same hovudleidning.

Tilstoppa kloakkledning kan oppdagast i tide ved å observere følgjande symptom:

• vatnet renn sakte ned

• det kjem luftbobler opp, i klosett, vask eller sluk.

Symptoma vert fyrst synleg i den nederst etasjen i huset.

• Symptom må ikkje ignorerast.

• Heil eller delvis tilstopping kan føre til at kloakken renn ut over golvet.

Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for tilstopping på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet. Ligg feilen på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for å få reparert feilen.

Dersom det skulle vere mistanke om tilstopping på hovudkloakknettet må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefonen 916 84 496. 

Kommunen vil då sjekke om feilen ligg på det kommunale kloakknettet.

Aktuelle linkar

Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Gol kommune

Plan- og bygningsloven § 27-1 (Vassforsyning)

Plan- og bygningsloven § 27-2 (Avlaup)

Matloven

Produktansvarsloven

Drikkevannsforskriften

Forurensningsforskriften kap. 16 (Kommunale vatn- og avlaupsgebyr)

http://dovett.no/

Kommunalteknisk avdeling

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Staffan Landsmann-Wiwe

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 483 54 893

Kontaktperson: Vakttelefon

Telefon: 916 84 496