vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Private vass - og avløpsanlegg

Planlagte tømminger i 2017

Frå veke 27 til veke 33 vil Norva 24 og Dalseide Septikservice AS utføre slamtømming i Gol kommune.

Alle som har slamanlegg som skal tømmast får melding om dette. Også i år vert du varsla via telefon og e-post. Dersom du ikkje har registret nummeret eller e-postadressa di hos Difi.no, får du tilsendt brev som tidlegare.

Det er tvungen tømming av alle slamtankar. Dvs. at slamtanken skal tømmast/kontrollerast sjølv om bustaden/fritidsbustaden har stått tom eller har vore lite i bruk.

Hugs å gjere det så enkelt som råd å koma fram til septiktanken. Grav fram lokket, også rundt lokket slik at det er enkelt å løfte det av. Merk og gjer tanken tilgjengeleg slik at det er enklare å vite at dei tømmer rett tank. Dersom du har bom inn til hytta må denne låsast opp.

Dersom du tidlegare har fått melding om å utbetre feil eller manglar på anlegget, kan det vere lurt å gjere det no. Norva24 (tidlegare Miljøservice AS) må få beskjed dersom det er aktuelt.

Spreidt avløp

Miljøverndepartementet har med verknad frå 1. januar 2007, vedtatt ny heilskapleg avløpsdel i forurensningsforskrifta. Formålet med avgjerdene er å motverke ureining på ein heilskapleg og effektiv måte.

Forskrift om endring i forskrift om begrensing av forureining(forurensningsforskrifta) omfattar mellom anna:

Kap. 11. generelle avgjerder om avløp

Kap. 12. krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande (0-50 pe)

Kap. 13. krav til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbusetnad (50-2000 pe)

Når skal ein søke om utsleppsløyve? (etter forurensningsforskrifta kap. 12 og 13)

Når det er utslepp av sanitært avløpsvatn frå hytter, bustadhus og liknande som ikkje kan koplast på offentleg avlaupsnett

  • Ved etablering av utslepp
  • Vesentleg auke av etablert utslepp
  • Ved innlegging av vatn
  • Installering av vassklosset

Søknad om utslepp

Søknad om utslepp skal sendast til kommunen.

Du som eigar, er ansvarleg for at det vert utarbeida ein skriftleg, fullstendig søknad, som inneheld naudsynte opplysningar som vil vere av betyding for kommunen, jf forureiningsforskrifta § 12-4.

Som oftast vil det vere eit røyrleggarføretak, eit entreprenørfirma eller eit konsulentfirma som utarbeider og sender inn søknad til kommunen.

Utsleppsløyve, søknad om (utskriftsskjema-pdf)

Private avløpsanlegg

Private avløpsrenseanlegg skal tømmast i tråd med forskrift av 29.06.2004 vedtatt av Gol kommunestyre. Her finn du opplysningar om kva type anlegg som er omfatta av ordninga, generelle vilkår, abonnenten sine plikter, tømmefrekvens, varsling og kven som skal betale gebyr.

Det er tvungen tømming av alle slamtankar.

Tømmefrekvens for slamavskiljarar og tette tankar:

  • Eigedomar med fast busetjing kvart 2.år.
  • Fritidsbustader kvart 4.år
  • Tette tankar kvart år

Kommunen kan bestemme anna tømmehyppigheit.

Ekstratømming utover faste tømmefrekvens må bestillast av abonnent. Ei slik tømming vil bli fakturert abonnenten direkte frå leverandør.

Ordninga med tømming av private avløpsanlegg er interkommunal og blir organisert av Hallingdal renovasjon. Firmaet Norva24 (tidlegare Miljøservice) utfører tømming og transport. Vil du vite meir om ditt anlegg og tømmetidspunkt klikk på heimesida til Norva24.

Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytter dette vakttelefonnummeret: 908 75 111. I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken. Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for fremmedlegement. Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.

Hugsereglar før tømming
  • Tanken må vere gravd fram og fri for jord eller snø. 
  • Grav også godt rundt tankloket slik at det er enkelt å løfte av. 
  • Tømmebilen må ha god tilkomst.
  • Tilkomstveien må vere fri for tre og buskar.
  • Hugs at dei som kjem for å tømme tanken ikkje veit nøyaktig kvar tanken er plassert. Merk difor plasseringa av tanken godt slik at dei tømmer riktig tank. Legg for eksempel brevet om tømming i ein pose og legg under ein stein på tanken. Du kan og markere tanken med ei tydeleg merka stikke. 
  • Dersom tanken ikkje er klargjort/merka før tømming, eller vi blir nekta å utføre tømminga når vi kjem på plassen, vil du likevel få årleg gebyr på vanleg måte. 
  • Du vil få utlevert kvittering på ferdig utført arbeid så snart vi har tømt tanken; enten i postkassa, på tanklokket eller hengt på døra.

 

Tidspunkt for tømming

  • Du får brev i god tid før tømming slik at du rekk å gjere klar tanken 
  • Dersom tidspunktet du får beskjed om ikkje passer, er det viktig at du gir beskjed i god tid, så avtaler vi nytt tidspunkt 
  • Dersom abonnenten ikkje tek kontakt og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare. 

 

Slik fungerer slamavskiljarar

I ein slamavskiljar går alt avløp det første kammeret i slamavskiljaren. Vidare blir slammet separert over i det andre og tredje kammeret der det er utløp.


Tømming
Ved tømming av slamavskiljarar blir heile tanke tømt, før rensa vatn blir returnert tilbake på tanken.

Septiktank

Ein eldre slamavskiljar utan kammer blir ofte kalt septiktank.

Slik fungerer tette tankar

I ein tett tank blir avløp samla opp i tanken. Tanken har ikkje noko utløp, og slammet blir ikkje rensa.

Tømming av tett tank

Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av rensa vatn.

Det er i utgangspunktet ikkje lov med tette tankar i Gol. I enkelte hyttefelt og område der det ikkje er mogleg med utslepp er det i enkelte tilfelle opna for dette.

Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.

Har du problem med tanken?

Det kan vere fleire grunnar til dette     

  • Innløp
    Røra frå huset går i tanken. At toalettet tapper seint ned kan tyde på at røret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.

    Trinnvise
    løysingar:
    1. Løft av lokket på tanken
    2. Er nivået i tanken opp til innløpet?
    3. Dersom ja, kontakt Norva24 for tømming av tanken.

 

  • Nivå i tanken
  • Nivået for ein tett tank varierer, etter bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. Nokre har også gråvasstank ved sida av ein tett tank, der vaskevatn blir filtrert.
    Nivået for ein tett tank må ikkje gå over innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.

    Det er abonnenten sitt ansvar å sørge for at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.

Slamtømminggebyr

Oppgradering av private avløpsanlegg

Gol kommune sender ut brev om oppgradering av avløpsanlegg til alle eigedommar som har feil eller manglar på sine anlegg. Med avløpsanlegg meinast her slamavskiljarar, tette tankar og diverse filterløysingar og liknande.

Dette gjerast for å gjere eigarane av slike anlegg oppmerksam på at deira avløpsanlegg kan medføre forureiningsfare. Slike feil og manglar bør rettast forast mogleg, og seinast innan neste tømming. Dersom det er direkte fare for forureining kan det vere nødvendig med kortare fristar.

Abonnenten er sjølv pliktig til å halda tilsyn med eige anlegg og omgåande utbetre skader på anlegget dersom det har feil eller manglar. Vidare skal alle endringar i tekniske installasjonar , anleggsutføringar eller endra bruk varslas jf. plan –og bygningslovas føresegner.

Privat vatn

Bur du slik til at du ikkje er knyta til vassverk, men vil sikre deg skikkeleg drikkevatn?

Er du usikker på om vasskjelda på hytta er bra nok?
Folkehelseinstituttet sin nye brosjyre gir deg både tips og råd både til kva du kan gjere sjølv, og til kven du bør kontakte.

Aktuelle linkar

http://dovett.no/