vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot til private vegar

Retningsliner for tildeling av vedlikehaldstilskot til private vegar i Gol kommune

Generelt

Retningslinene er fastsatt av Gol kommunestyre i sak 0055/04 den 28.09.2004.

Tilskot

I samsvar med retningslinene kan kommunen yte tilskot til vedlikehald av private vegar i Gol.

Vegkategoriar

Tilskot til private vegar skal som hovudregel tildelast til følgjande vegkategoriar:

A: Viktige fjellvegar/gjennomfartsvegar B: Vegar med krav om skuleskyss C: Andre grendavegar

Krav til vegkategori

  • Kategori A: Kategorien omfattar fjellvegar/hovudvegar som er § sentrale gjennomfartsveger og som bind saman grender § av stor allmenn nytte og interesse § viktig for næringsaktivitet. Vegane skal vere i god stand og open for trafikk heile året.
  • Kategori B Kategorien omfattar vegar der kommunen har registrert at det er krav om skuleskyss. Vegane skal vere i god stand og open for trafikk heile året.
  • Kategori C Dette er mellom anna vegar som er spesielt kostbare å vedlikehalde pga. lang vegstrekning og få oppsitjarar, vanskelige grunntilhøve, kurvatur og stigning, og som har allmenn nytte og interesse. Dette er også vegar som fell utanom dei andre vegkategoriane og som kommunen finn det rett å gje tilskot. Vegane må vere i god stand og open for trafikk heile året.

Tilskotssatsar og berekning av tilskot

Tilskota til den enkelte veg blir berekna ut frå følgjande faste kriteriar:

  • Vegkategori og krav til denne
  • Veglengde i løpemeter med eventuell fråtrekk for minste fastsatte veglengde
  • Tilskotsats pr. løpemeter veg Det kan fastsetjast tilskotssatsar for kvar vegkategori. Det kan også fastsetjast fleire tilskotssatsar innafor den einskilde vegkategori dersom kommunen finn dette som tenleg.

Bomvegar

Vegar med sjølvbetjent- eller automatisk bom kan få tilskot. Det er ein forutsetning at vegane er open for allmenn ferdsel og heilårsveg. Oppsetjing av bom og fastsetjing av bomtakstar skal godkjennast av kommunen jfr. veglova av 21 juni 1963 nr.23  med seinare endringar.

Minste fastsatte veglengde

Minste veglengde for å få tildelt tilskot blir fastsatt av kommunen ved Utval for Natur og Næring i den årlige tildelinga av tilskot. Det samme gjeld minstebeløpet for utbetaling av tilskot.

Vegstyre

Vegar med meir enn ein brukar må etablere ansvarlig vegstyre, eller i alle høve må det oppnemnast ein felles kontaktperson. Tilskotet blir utbetalt til vegstyret eller ansvarlig kontaktperson.

Tildeling av tilskot og fastsetjing av tilskotssatsar

Utval for Natur og Næring tildeler tilskot ein gong i året innanfor dei økonomiske rammer som er sett av i kommunens årsbudsjett. Utvalet fastset også tilskotssatsane og inndelinga av desse ved den årlige tilskotstildelinga.

Når ein veg er godkjent for tilskotsordninga, treng ein ikkje søkje dei påfølgjande år dersom vegen blir halden i stand og vurdert til å vere innanfor dei vegkategoriane som blir tildelt tilskot. Dersom kommunen finn at vegen ikkje lenger kjem inn under tilskotsordninga, vil vegen blir teke ut av ordninga ved neste tilskotstildeling og uten varsel frå kommunen.

Utbetaling og kontroll

Tilskotet blir utbetalt etterskotsvis, dvs. året etter tildelinga.

Tilskotet vert utbetalt under føresetnad av at vedlikehaldsarbeidet vert utført tilfredstillande. Kommunen kan føreta kontroll av vegen.

Det vil normalt ikkje bli stilt krav om å legge fram regnskap/dokumentasjon for bruken av vedlikehaldstilskotet. Kommunen kan likevel krevje å få dokumentert dette dersom ein finn det nødvendig.

Konkretisering av retningslinjene

Dersom ein finn det nødvendig, kan ytterligare konkretisering av tildelingskreteriane fastsetjast av Utval for Natur og Næring.

Klagerett

Klage på vedtak om tildeling av tilskot skal rettast til Gol kommune ved det faste utval for klagesaker. Klaga skal sendast til Utval for Natur og Næring.

Sluttkommentar

Retningslinjene gjeld f.o.m tilskotstildelinga for 2003, med utbetaling i 2004.

Retningslinjene opphevar tidlegare reglar for tildeling av vedlikehaldstilskot til private vegar i Gol kommune