vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søknad om avkøyring frå kommunal veg

Søknad om avkøyring

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Staffan Landsmann-Wiwe

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 483 54 893

Kommunen behandlar og godkjenner søknader som gjeld avkøyrsle frå kommunal veg:

  • Bygging av ny avkøyrsle
  • Flytting av avkøyrsle
  • Endra bruk av avkøyrsle

Ved etablering av ny avkøyring eller flytting av avkøyring skal søknad sendast Gol kommune ved kommunalteknisk avdeling.

Søknad

Søknad om avkøyring som har tilknytning til tomtefrådeling eller byggetiltak skal sendast til Gol kommune v/utbyggingsavdelinga.

For avkøyrsle frå fylkesveg og riksveg skal søknaden sendast til Statens vegvesen.

 

Avkøyrsle omfattar all slags tilknyting mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Som avkøyrsle reknar ein også tilknyting for fotgjengarar. Avkøyrsla må byggjast i samsvar med reguleringsplanen til kommunen og retningslinjer gitt av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei brei tryggingssvurdering til grunn. Dersom området ikkje er regulert, eller det ikkje er planar for avkøyrsle i reguleringsplanen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.


Kommunen har rettleiingsplikt og gir informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningslinjer som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.

Klageinstans er kommunens faste klagenemnd. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til klagenemnda for klagebehandling.

Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga.

 

Aktuelle linkar

Veglova § 40-43

Veglova § 13

Plan- og bygningsloven kap. 12 (Reguleringsplan)

Forskrift om (...) avkjørslesaker for riksveg

Forskrift om (...) bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg

Forvaltningsloven