vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sal, servering og skjenking

Løyve for skjenking av alkohol

Gjeld tildeling av skjenkjeløyve for alkoholhaldig drikke. Løyvet blir gitt for høgst fire år om gongen. Løyvet fell bort når verksemda som har fått løyvet, blir overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at det styringsorganet som har innvilga løyvet, har fått melding om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg, og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

 

Skjenkjeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholhaldig drikke for drikking på staden.

Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikke, må ha skjenkjeløyve. Det er eit krav om at det også må liggje føre eit serveringsløyve.

Det krevst god vandel.

Løyvehavaren må utpeike ein styrar og ein nestleiar som er tilsett ved serveringsstaden. Styraren og nestleiaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova og må vere over 20 år, og dei må oppfylle krava i alkohollova (og i serveringslova).

Løyve blir tildelt etter ei skjønnsmessig vurdering.

 

Samarbeidspartnere

Vaktselskap som har avtale om å utføre skjenkjekontroll (mange kommunar nyttar ikkje vaktselskap, men har eigne kontrollørar)

Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og til sentrale personar)

Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)

Skatte- og avgiftsstyresmaktene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren rettar seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivninga)

 

Sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, søknad om løyve (elektronisk skjema)
Sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, søknad om løyve(utskriftssskjema)

Skjenkeløyve, søknad (elektronisk skjema)
Skjenkeløyve, søknad om (utskriftsskjema)

Skjenkeløyve for eitt særskild høve, opent arrangement

Skjenkeløyve for eit særskilt høve,lukka arrangement

Når det gjeldt særskilt høve - lukka arrangement, må det søkjast minst 14 dager før arrangementet på grunn av behandlingstid av søknaden.

Serveringsløyve

Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for servering av mat og drikke på staden.

Den daglege leiaren på serveringsstaden må greie ei etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om viktig lovgiving for drift av serveringsstader.

Det blir henta fråsegn frå politiet og skatteetaten om oppfylling av krava til god vandel for den som søkjer løyve, og for dagleg leiar. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå blant anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningskontora for å kunne drive serveringsverksemd. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre formål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

Det må leggast fram skatteattest for den som skal drive serveringsstaden.

 

Det krevst skriftleg søknad. Kommunen hjelper til med å søkje om serveringsløyve.

Søknaden skal innehalde bl.a følgjande opplysningar:

Namn og adresse på den som er ansvarleg for dei økonomiske og juridiske pliktene knytta til drifta av verksemda. Dersom serveringsstaden er driven av eit enkeltpersonsføretak, skal det også opplysast om fødselsnummer. Dersom serverigsstaden er driven av eit selskap, skal det opplysast om organisasjonsnummer. Det skal i tillegg opplysast om eigarsamansetjinga.

Opplysningar om den staden der serveringa skal drivast

Namn og adresse på styrar og nestansvarleg

Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar

Skatteattest for den personen som har dei økonomiske pliktane for drifta av serveringsstaden

Vedlegg til søknad:

Dokumentasjon på at etablerarprøva er gjennomført

Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret

Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og nestansvarleg for løyvet, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen, som fattar nytt vedtak

 

Samarbeidspartnere

Lensmann/politi

Skatte- og avgiftsmyndigheitene

Tollmyndigheitene

Mattilsynet

Arbeidstilsynet

 

Aktuelle linkar

Serveringslova

Serveringsløyve, søknad om (elektronisk skjema)
Serveringsløyve, søknad om (utskriftsskjema)

Salsløyve

Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 % alkohol (tilsvarar øl). Løyver blir gitt for maksimum fire år om gangen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at den instansen som gir løyve, er underretta om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

 

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det krevst god vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar og ein fullmaktshavar som er knytte til salsstaden. Styraren og fullmaktshavaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova. Kunnskapsprøva blir gjennomført i kommunen. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda, og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova. Løyvet blir tildelt etter skjøn.

 

Det krevst skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med søknaden.

Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og fullmaktshavar for løyvet, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendes til kommunen, som fattar nytt vedtak.

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.

I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer å endre i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.

Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.

Det blir send tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

 

Samarbeidspartnere

Vaktselskap eller eigne kontrollørar

Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)

Skatteetaten (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren etterlever skatte-, avgifts- og reknskapslovgivninga)

 

Aktuelle linkar

Alkohollova

Alkoholforskrifta 

Etablerarprøva

Etablerarprøva skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta.

For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha greidd etablerarprøva (dette er ikkje det same som kunnskapsprøva etter alkohollova) og ha god vandel.

 

Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre og rette etablerarprøva. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å ta prøva.

Opplysningar om kunnskapskrav og pris per prøve får ein i kommunen. Ein betalar avgifta på førehand og tar med kvitteringa på prøvedagen.

 

Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Det blir sett av 90 minutt for elektronisk svar på prøva. Kandidatar som leverer svaret på papir, får i tillegg 10 minutt til å overføre svara til kolonnene på framsida av prøva. For å greie prøva må 40 av 50 svar vere rette.

 

Klage

Det er ikkje høve til å klage på utfallet av prøva, men prøva kan takast om igjen.

 

Aktuelle linkar

Serveringsloven

Etablereropplæring

Vinn – verdiskapning i norsk næringsliv

Kunnskapsprøva

Kunnskapsprøva er ei obligatorisk prøve i alkohollova som må vere bestått av styrar og avløysar for å få alminneleg sals- eller skjenkjeløyve for alkohol.

 

Før prøva må du betale eit gebyr på kr 400. Kvittering for betalt gebyr må visast fram før prøva vert teken.

E-læringskurs som gjer deg godt førebudd til å bestå, finn du her: Kunnskapsprøva

Kunnskapsprøva gjennomførast i den kommunen der sals- eller serveringsverksemda held til. Opplysningar om kunnskapskrav til prøva får du i kommunen. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å gjennomføre prøva

Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å bestå prøva må 24 av 30 svar vere rette. Det er ikkje lov med andre hjelpemidlar enn ordbok.

Det er ulike prøver for sals- og skjenkeløyve. For å bli godkjend som styrar eller avløysar, må du bestå prøva for den løyvetype verksemda har eller søkjer.

.

Klage

Det er ikkje høve til å klage, men prøva kan takast på nytt dersom du ikkje består. Nytt gebyr må betalst for kvar oppmelding.

 

Aktuelle linkar

Helsedirektoratet si temaside

Alkoholforskrifta kap. 5 (Kunnskapsprøve)

Alkoholloven

Opningstider for utsalsstader

I Gol kan utsalsstadene sjølve bestemme opningstidene.

Fylkesmannen i Buskerud godkjende den 31.03.2000 følgjande forskrift for Gol, Nes og Sigdal kommune. Kommunens vedtak med omsyn til sal av alkoholhaldig øl gjeld fortsatt. Meir om det finn du ved å gå inn på lenka som er lagt til forskrifta.

Rapporteringsskjema

Sal

Last ned skjema her

Skjenking

Last ned skjema her