vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunalt næringsfond og bedriftetablering

Kommunalt næringsfond

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Kommunalt næringsfond

Telefon: 32 02 90 00

Kommunalt næringsfond

Vedtekter for næringsfondet i Gol kommune

Vedteken av Gol kommunestyre i K-sak 15/16 den 21.06.2016.

Søknadsfrist

Søknadsfristene. Jf §5 i retningslinene for næringsfondet er søkandsfristene 10. januar og 1.august kvart år.

Tilskot til bedriftsetablering

Ved bedriftsetablering kan ein søkje om økonomisk stønad frå:·

Dei kommunale fondsmidlane  skal Gol kommune nytte til tiltak som kan fremje næringslivet i kommunen og til kommunale fellestiltak.

Kommunen skal prioritere tiltak som betrar moglegheitene for sysselsetjing av kvinner og ungdom. Fondsmidlar kan ikkje bli brukt til å sanere gjeld eller i løpande drift til private verksemder eller i kommunen. Som kommunal løpande drift er ikkje avdrag på lån og avlønning av tiltakskonsulent/næringssjef.

Verksemder som mottek betydelige overføringar over statsbudsjettet skal prioriterast lågt ved tildeling av midlar. Fondsmidlar kan berre bli brukt til investeringar i varige driftsmidlar

Næringsavdelinga i kommunen handsamar søknader om stønad frå det kommunale næringsfondet, medan Hallingdal Etablerarsenter/Næringsavdelinga gjev uttale på søknader om stønad.

Næringsutvikling

Etablering

Bedriftsetablering inneber at ein byrjar på noko nytt og ukjent, og ein må ta stilling til nye problemstillingar. Det er mykje ein må skaffe seg oversikt over, slik som fristar, lover og reglar, arbeidsmengde og forventa inntening.

Hallingdal Etablerarsenter

Til hjelp i denne prosessen har alle kommunane i Hallingdal gått saman om å opprette Hallingdal Etablerersenter som har som målsetjing å:

  • gje råd og rettleiing til personar som ynsker å starte eiga verksemd
  • gje informasjon om ulike lovar og reglar knytta til etalbering
  • bidra til auka etableringsverksemd i Hallingdal
  • gje informasjon og opplæring om bedriftsetablering
  • vidareutvikle/yte bistand til eksisterande verksemder
  • gjennomføre etablerarkurs og temakveldar
  • informasjon om tilskotordningar
  • vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor vårt distrikt, særleg Innovasjon Norge

Dagleg leiar Trond Ask Henriksen har kontor på Hallingdal Næringshage på Gol, men han møter gjerne etableraren ute på heimstaden.

Næringsavdelinga

I tillegg vil Næringsavdelinga i kommunen kunne vere rådgjevar og samtalepartnar for etablerarar.