vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vilt og trafikk i Hallingdal

Vilt og Trafikk Hallingdal er eit forum samansett av personar frå kommunane, Buskerud fylkeskommune, Statens Vegvesen, Jernbaneverket, Politiet og Hallingskog. Forumet vert leia av Knut Erik Jetlund.

Formålet med forumet er forebygging av viltpåkjørsler på både veg og jernbane.

Handlingsplanen for 2014 - 2016 kan du lese her.

Sjå elles sluttrapporten frå perioden 2010 - 2013.

Ettersøk av skada hjortevilt

Ettersøksansvarleg

Leiar i vilt - og innlandsfiskenemnda, Paul Ole Kleven, er ettersøksansvarleg for skada hjortevilt i Gol kommune.

Ettersøksansvarleg og hans kontaktpersonar syter for ettersøk og avliving av elg, hjort og rådyr som er råka i veitrafikken eller på jernbanen.

Er det snakk om dyr som ikkje er i live, vilt og husdyr, er det grunneigar sitt ansvar å ta hand om dette.

Vakt-telefon til ettersøksansvarleg er 916 73 939.

Fallvilt

Informasjon om fallvilt ( i hovudsak påkjørt elg, hjort og rådyr) fins lett tilgjengeleg på http://hjortevilt.no/ Etter jaktåret 2013/2014 er over 31.03 vil statistikk for siste år vere tilgjengelig der.

Systematisk foring av elg i kombinasjon med rydding av kantvegetasjon langs veg og jernbane har som mål å redusere talet på drept hjortevilt i kommunen.