vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Jakt, fiske - og viltforvaltning

Jakt, fiske- og viltforvaltning

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Petter Owesen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 909

Kontaktperson: Jørn Magne Forland

Tittel: Miljøvernrådgjevar

Telefon: 32 02 90 76

Vilt - og fiskeforvaltning

Rådgjeving

Næringsavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til fiske- og viltforvaltninga i kommunen. Hjå oss vil du m.a. få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningane innan fiske- og viltstell.

Lovforvalting

Avdelinga skal medvirke til at fiske- og viltressursane vert nytta på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte.
Forvaltning av hjortedyra elg, hjort og rådyr vert utført i samarbeid mellom næringsutøvarane i landbruket og kommunen, representert ved vilt- og innlandsfiskenemda.
Storparten av utmarksområda i kommunen er organisert i bestandsplanområder, og viltnemda tildeler kvart bestandsplanområde årlege fellingsløyver i h.h.t. føremåla i viltlova.

Tilskotsordningar

Avdelinga handsamar og-/eller gjev uttale på fylgjande søknader:
· kalking av vassdrag
· ulike viltprosjekt
· erstatning grunna beiteskader frå storvilt.

Frå kommunen sitt fiskefond blir det ein gong i året gjeve tilskot til tiltak som fremjar fiskeforvaltninga i kommunen.

 

Viltkartlegging i Gol kommune

Asplan Viak gjennomførde i samarbeid med kommunene i Hallingdal ei viltkartlegging i 2003 - 2004.

Viltkartlegging i Gol kommune 2003

Viltkartlegging - kart

Fellingsløyve

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort og rådyr blir tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve. Grunneigaren kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for vald som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden.

 

Det må ligge føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr, villrein og bever. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr jf. Viltlova § 16 og § 40 andre ledd.

Klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.

Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Pris:

Det er ikkje fellingsavgift for rådyr og bever. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Miljødirektoratet fastset fellingsavgift for villrein.

 

Aktuelle linkar

ViltlovenForskrift om forvaltning av hjortevilt og bever

Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

Forskrift om adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr, Gol kommune, Buskerud

Jegerprøva

Dersom du vil jakte, må du først ta jegerprøva. Det obligatoriske jegerprøvekurset har eit omfang på 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter gjennomført kurs må du avleggje ein teoretisk eksamen som blir lagd opp av kommunen i samarbeid med lokallag til Norges jeger- og fiskeforbund. Dette blir annonsert i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversyn over eksamensdatoane

Jegerprøva kan takast av alle som er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan foregå frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha avlagt jegerprøva.) Opplæringsjakt på storvilt kan foregå frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her krevst det at ein har klart jegerprøva, og at skyteprøva er avlagd for dei artane som det krevst for.)

Klage

Du kan ikkje klage på eksamen som ikkje er greidd. Du kan gå opp til ny eksamen utan å betale ekstra eksamensavgift.

 

Aktuelle linkar

Studieorganisasjoner

Norges Jeger- og Fiskerforbund

Norges Jeger- og Fiskerforbunds lokallag. 

Jaktsesongen 2014

Elg og hjort

Det vart felt 112 elg og 40 hjort i Gol kommune i 2014.

Rapport for elg kan du lese her.

For meir statistikk om elg og hjort sjå hjorteviltregisteret.

 

Rådyrjakta

Tala frå haustens jakt er enda ikkje klare. Informasjonen vert lagt ut når alle fellingsrapportane er sendt inn til kommunen.

Kvotejakt på gaupe

Kvotejakt for gaupe i Buskerud startar 1. februar 2016