vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Veterinærvakt

Kommunane overtok 01.01.2008 ansvaret for veterinærvakta. Kommunane har med det ansvar for at nødvendig veterinærhjelp kan skaffast utanom ordinær arbeidstid.

Veterinærvakta er viktig for å oppretthalde god dyrevelferd og ein nødvendig del av beredskapen mot alvorlege smittsame dyresjukdomar.

Veterinærvakta gjeld alle tider av døgnet unnateke ordinær kontortid på kvardagar .

Gol kommune har saman med Hemsedal, Nes og Flå kommunar inngått avtale med dei privatpraktiserande veterinærane i området om vaktordninga.

Vakttelefon:

Vakttelefon heile døgnet: 32 07 46 75

Alvorlege hendingar

Ved mistanke om alvorleg smittsom dyresjukdom eller alvorleg dyrevernsak skal ein kontakte Mattilsynet. Utanom kontortid har Mattilsynet nasjonal beredskapsvakt. Mattilsynet når du på tlf. 06040 heile døgnet.