vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vassdrag

Det er Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) som er vassdragsmynde i Noreg etter vassressurslova. Kommunen er høyringspart saman med Fylkesmannen. Fylkesmannen er mynde etter lov om laksefisk og innlandsfisk.

Vassdragsovervaking

Hallingdalsvassdraget vert overvaka kvart år og Eurofins lagar rapport på oppdrag frå Regionrådet. Sjå rapporten for 2010.

Overvakingsrapport for Tisleifjorden og bekkar på Golsfjellet for 2010

Flomsonekart Gol

Delprosjekt Gol

EUs rammedirektiv for vatn

EUs rammedirektiv for vatn vart vedteke i alle medlemsstatar i år 2000. Noreg har gjennom EØS-avtala forplikta seg til å følgje opp den nye vassforvaltninga. Noreg har implementert direktivet i norsk lovgiving ved ein forskrift - forskrift om rammer for vassforvaltning.

Forskriftas mål er å oppnå god kjemisk og økologisk vass-status innan 2012 for vassdrag i fyrste planfase, og innan 2021 for resten av vassdraga.

For å nå dette målet skal det lagast ein fylkesdelplan for kvar vassregion.

Gol kommune og resten av kommunane i Buskerud høyrer heime i vassegion 2 Vest-Viken saman med heile Vestfold, mesteparten av Telemark og delar av Oppland. Fylkesmannen i Buskerud var vassregionmyndighet for vassegion 2 fram til 01.01.2010. Då overtok Buskerud fylkeskommune. Fylkesmannen i Buskerud held fram som fagmyndighet.

Vassregionutvalet for vassregion 2 (Vest-Viken) vart konstituert på møte 14. februar 2007. Utvalet består av representantar frå berørte fylkesmannembeter, fylkeskommunar, kommunar og sektormyndigheter.

Referansegruppen består av andre berørte og interesserte.

Krav om endring av konsesjonsvilkår for regulerte vassdrag

Etter lovendringa av vassdragsreguleringsloven i 1992 vart det blant anna vedteke at tidlegare gjeve tidsubegrensa konsesjonar kan reviderast 50 år etter konsesjonstidspunktet.

Hemsilvassdraget

Les Kravsdokument som er sendt til NVE for handsaming.

Åbjørgavassdraget

Revisjon av konsesjonsvilkår i Åbjøravassdraget - referat frå folkemøte 21.01.2009

Aktuelle linkar

Vannressurslova

Vannportalen - vannområde Vest Viken

Vannmiljø

Forskrift om rammer for vannforvaltningen

Fylkesmannen i Buskerud

Lov om laksefiske og innlandsfisk