vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot i landbruket

Det finns fleire ulike tilskotordningar i landbruket. Avdelinga for landbruk og miljø kan gi fleire opplysningar

Grøfte/drenere jordbruksjord

Målet med tilskotsordninga er å auke produksjonsevna til jorda og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Søknadsfristen er fortløpande.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet si heimeside.
Med søknaden må det leverast plan for dreneringa med kart og miljøvurdering av tiltaket.

SMIL - Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket

Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og å redusere ureininga frå jordbruket utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Pengane blir forvalta ut frå ein felles tiltaksstrategi for jordbruket i Hallingdal 2012-2015 og felles retningsliner for tildeling av SMIL. Tildelinga blir gjort kommunevis.

Aktuelle tiltak

  • planleggings- og tilretteleggingsprosjekt
  • informasjonstiltak
  • ulike forureiningstiltak
  • kulturlandskap
  • biologisk mangfald
  • gamal kulturmark
  • tilgjenge og opplevingskvalitet
  • kulturminne og kulturmiljø
  • verneverdige bygningar

Målgruppe

Det kan gjevast tilskot til føretak eller eigar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom, eller til ein som er registrert i Einheitsregisteret og som har fått løyve av den som eig landbrukseigedomen til å gjennomføre eit prosjekt eller tiltak. (som nemnt i § 4 og § 5.)

Søknadsskjema

Søknad vert å sende på eige skjema til Gol kommune. Informasjon og søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet si heimeside eller ved å henvenda deg til kommunen.

Vedlegg

  • detaljert kart (økonomisk karverk) som syner areal, viktige element i landskapet og plassering av tiltaktet det blir søkt om tilskot til
  • Fotodokumentasjon
  • Miljøplan trinn to (for søkjarar som mottek produksjonstilskot

For tiltak som vedkjem bygningar trengst i tillegg:

  • spesifisert konstnadsoverslag sett opp av bygningskyndig
  • planar for tiltaket inkludert framdriftsplan, arbeidsskildringar, noverande og framtidig bruk m.m.

Søknadsfrist

Frist for å søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket er sett til 1. april og 1. oktober kvart år.

Saksgang

I Gol blir tildelinga gjort av ei nemnd sett saman av ein representant frå Gol Bonde- og Småbrukarlag, ein representant frå Gol Bondelag, ein politikar og to frå administrasjonen.

Lover/vedtekter

Ordninga er heimla i Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Informasjon

For meir info eller spørsmål ta kontakt med avdelinga for landbruk og miljø.

Tidlegpensjon for jordbrukarar

Tidlegpensjonsordninga skal vere med på å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Føremålet er å bidra til tidligare generasjonsskifte og gjennom dette stimulere rekrutteringa.

Kven kan søkje?

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år kan søkje tidligpensjon. For å ha rett til tidligpensjon er det bestemte krav til inntekt i ei referanseperiode på 5 år. Dette gjeld både næringsinntekt frå bruket og anna inntekt.

Referanseperioden er 5 samanhengande år der siste år er 2 år attende i tid i forhold til søknadsåret. Det er også blant føresetnadene at bruket er overdrege til ny eigar. Ny eiger kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

Einbrukarpensjon/tobrukarpensjon

Tidligpensjon kan ytast som einbrukarpensjon eller tobrukarpensjon. Storleiken på tidlegpensjonen vert fastsett i jordbruksoppgjøret. For 2015 og 2016 er pensjonen sett til inntil kr 100.000 per år for einbrukarpensjon og inntil kr 160.000 per år for tobrukarpensjon.

Den som mottek tidlegpensjon kan ha ubegrensa med lønnsinntekt og næringsinntekt frå annan verksemd i tillegg til tidlegpensjon, men kan ikkje ha næringsinntekt frå jordbruksføretaket.

Søknad/søknadsskjema

Søknad om tidligpensjon må skrivast på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Skjemaet kan ein og få på Tenestetorget.

Søknad om tidlegpensjon skal sendast til kommunen. Kommunen kontrollerer søknaden og vidaresender til fylkesmannen som avgjer søknaden.

Førehandssøknad kan også sendast. Ved innvilga førehandssøknad vert det gjeve ei stadfesting på at tidlegpensjon vert utbetalt når manglande vilkår er oppfylt (t.d. sal av landbrukseigedom). Stadfestinga er gyldig i 6 månader.

Utbetaling

Pensjonen vert utbetalt kvartalsvis frå Landbruksdirektoratet.

Informasjon

For meir info eller spørsmål ta kontakt med avdelinga for landbruk og miljø eller sjå heimesida til Landbruksdirektoratet.

Tilskot til avløysing

Avløysarordninga er heimla i Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket og i  Forskrift om tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. 

Ferie og fritid

Ordninga med tilskot til avløysing ved ferie og fritid skal vere med på å fremme avløysing i jordbruket.

Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskot er dyretalet på driftseininga pr. 1. mai og 1. oktober i avløysaråret. Kva husdyrslag og vekstgrupper som tel med, maksimalt tilskot pr. føretak, samt nedre grense for krav til tilskot og tilskotssatsar vert fastsett i jordbruksoppgjeret. 

Alle føretak må dokumentere avløysarutgifter for å få utbetalt tilskot.

Søknad

Søknadsfristen er 15. oktober i avløysaråret, og tilskotet vert utbetalt i februar. Det er same søknadsskjema som søknad om produksjonstilskot. Det kan kun søkjast elektronisk vi Altinn.

Sjukdom og fødsel mv

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere leige av avløysarar i jordbruket i føretak med husdyrproduksjon, eller heilårs veksthusproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket som følgje av sjukdom mm. ikkje kan delta i arbeidet i føretaket.

I onnetida skal ordninga også bidra til å finansiere avløysing i føretak med planteproduksjon eller honningproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket som følgje av sjukdom mm. ikkje kan delta i arbeidet i føretaket.

Ein som har næringsinntekt frå føretaket kan få tilskot til avløysing ved sjukdom, svangerskap/fødsel, sjuke barn og dødsfall.

Søknad / søknadsskjema

Søknaden må være sendt inn til kommunen seinast 3 månader etter siste dag i søknadsperioden som gir rett til tilskot.

Søknadsskjema finn du på nettsida til Landbruksdirektoratet eller du får det ved å vende deg til Tenestetorget.

Som vedlegg til søknaden må det leggjast ved dokumentasjon av utgiftene, sjukemelding ved sjukdom eller tilsvarande dokumentasjon i andre tilfelle, samt bekrefta likning for siste to år.

Meir informasjon

Reglane om kor mykje tilskot kvar enkelt søkjar har rett på går fram av jordbruksavtala, og står også i rettleiingsheftet som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang (same hefte som produksjonstilskot).

Heile jordbruksavtala finst på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider om jordbruksoppgjeret.

Det finst også mykje informasjon på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Ønskjer du meir opplysningar, så ta kontakt med avdeling for Lanbruk og miljø eller Landbrukstenester Folgefonna.

Produksjonstilskot i jordbruket

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei gruppe av direktetilskot i jordbruket med felles forvaltningsrutinar. Det er kommunen som er handsamar og avgjer søknader om produksjonstilskot. Sjølve tilskotet vert utbetalt sentralt frå Landbruksdirektoratet.

I 2017 vert det inført eit nytt system for søknad om produksjonstilskot. Det vert nye fristar og teljedatoar. Meir info om nye ordningar sjå: Fylkesmannen Buskerud og Landbruksdirektoratet.

Krav til søkjarar

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon og disponerer dyr og/eller areal, kan søkje produksjonstilskot. Alle føretak som ønskjer å søkje produksjonstilskot må ved registreringstidspunktet vere registrert i Einingsregisteret.

Nærare vilkår for å kunne få produksjonstilskot står i Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket.

Tilskotsordningar

Det er mange ulike ordningar som ligg under begrepet produksjonstilskot. Desse ordningane er aktuelle i vårt område:

  • tilskot til bevaringsverdige storferasar
  • tilskot til grønt- og potetproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert kjøtfeproduksjon
  • tilskot til husdyr
  • tilskot til dyr på beite
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot til økologisk landbruk

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i 2017 med tilhøyrande teljedato:

  • Søknadsfrist 15. mai med teljedato 01.mai for husdyrprodusenter
  • Søknadsfrist 15. oktober med teljedato 01. oktober for alle søkere

Søknad/elektronisk søknad

Det er kun mogleg å søkje om tilskot via internett. Denne tenesta er tilgjengeleg i ei periode på 15 dagar før søknadsfristane. Elektronisk søknad er tilgjengeleg via Altinn.

Meir informasjon

Dei ulike tilskotsordningane er definert i jordbruksavtala og i rettleiingsheftet som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang.

Heile jordbruksavtala finst på nettsida til Landbruks- og matdepartementet. Ønskjer du meir opplysningar om produksjonstilskot så finn du meir informasjon hjå Landbruksdirektoratet eller ta kontakt med avdelinga for landbruk og miljø.

Endringsskjema for kontonummer

Skjema for endring av kontonummer finn du hjå Landbruksdirektoratet eller du kan gjere det sjølv via Altinn.

Regionalt miljøprogram (RMP) i Buskerud

Regionale miljøtilskot er produsentretta tilskotsordningar for landbruket som er definert i Regionalt miljøprogram for Buskerud.

Det er fastsett eigen forskrift for kvart fylke. Meir informasjon om dei ulike ordningane står på nettsida til Fylkesmannen i Buskerud.

Søknad/søknadsfrist

Søknad skal sendast til kommunen som handsamar søknadene.
Søknadsfrist er 20. september.
Elektronisk søknad må væra levert før midnatt.
Rettleiing og hjelpevideoar finn du på Landbruksdirektoratet sine sider eller på nettsida til Fylkesmannen.

Tilskot i landbruket

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Tove Solheim

Tittel: Jordbrukskonsulent

Telefon: 32 02 90 75

Kontaktperson: Wilhelm Stake

Tittel: Fagkonsulent

Telefon: 32 02 90 74