vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skogbruk

Skogbruk

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Petter Owesen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 909

Rådgjeving

Næringsavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til resultatområdet skogbruk. Hjå oss vil du m.a. få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i skogbruket. Avdelinga skal vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor vårt distrikt, Innovasjon Norge

Ved sjølvhogst av skog hos annan skogeigar bør du fylle ut egenerklæring som vedhogger på eige skjema

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at næringsutøvarane nyttar skogressursane sine på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte. Skogbrukssjefen har det daglege ansvar for skogoppsynet og skogkulturen i kommunen, m.a. oppfølging av barkebilleangrep og stimulering til auka satsing på ungskogpleie.

Fylgjande saker etter ulike forskrifter og lover i skogbruket vert handsama hjå avdelinga:

  • vegbygging
  • skogskjøtsel
  • hogst i verneskog
  • rentemiddelbudsjett for skogbruket
  • bruk av skogavgiftsordninga

Tilskotsordningar

Avdelinga handsamar og-/eller gjev uttale på fylgjande søknader

  • tilskot til bygging av skogsveg
  • tilskot til m.a. planting, tettare planting (klimatiltak), ungskogpleie, markberedning, gjødsling og stammekvisting
  • søknad om bygdeutviklingsmidler, tilleggsnæringar (IBU-midler)

Ein kan få nærare informasjon om søknadskriteriar og retningsliner for midlar til utvikling av tilleggsnæringar i skogbruket ved å klikke seg inn på Innovasjon Norge.

Landbruksveg

Nyanlegg og utbetring av landbruksvegar og skogsbilvegar skal søkast om og godkjennast av kommunen.

Vedtak

Alle vedtak om bygging av skogsvegar skal sendast Fylkesmannen til orientering. Fylkeskommunane ved kulturminnevernet og Fylkesmannen er høringsinstansar i slike saker.

Fylkesmannen har ansvaret for at kommunane følger opp regelverk og forskrifter for bygging av skogsvegar.

Klageinstans

Fylkeslandbruksstyret er klageinstans for dei kommunale vedtaka om godkjenning av landbruksvegar.

Tilskot

Det kan søkast tilskot til bygging av skogsvegar. Søknaden må sendast kommunen innan 1. oktober.

Skogfond

Skogfond kan brukast til bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar. Både skogsbilvegar og traktorvegar er omfatta av denne ordninga. Skogfond kan også brukast til sommarvedlikehald av skogsbilvegar (ikkje traktorvegar).

Melding om hogst i verneskog

Skjema for melding om hogst i verneskog.