vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rovvilt

Fleire offentlege instansar, organisasjonar og personar har ei rolle i rovviltforvaltninga i Buskerud.

Tre av desse er:

  1. Fylkesmannen i Buskerud
  2. Rovviltnemda for region 2 (Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold)
  3. Statens Naturoppsyn (SNO)

SNO har åtte rovviltkontaktar i Buskerud. Dei utfører skadedokumentasjon ved mistanke om rovdyrskade på bufe/tamrein, og kontroll med meldingar om spor og sporteikn etter store rovdyr. Husdyreigar skal uavhengig av kadaverets tilstand melde frå med ein gong dersom det er mistanke om rovviltskade.


Rovviltkontakt for Gol og Hemsedal:
Harry Granli, tlf 907 67 334

Nes, Krødsherad og Flå:
Kåre P. Rasmushaugen, tlf 414 20 819 eller 32 07 21 73

Ål og Hol:
Hans Vidar Nestegard, tlf 901 88 138 eller 33 08 81 38

Dersom ikkje lokal rovviltkontakt i oversikta er tilgjengeleg, skal den næraste kontaktast, eller kontakt SNO sin regionalansvarlege på tlf 975 70 975.

Ved funn av husdyrkadaver og/eller sporteikn gjer du slik:

La kadaveret eller sporteiknet liggje mest mogleg urørt, men dekk det gjerne til med bar slik at åtseletarar ikkje kjem til

Ikkje trakk unødig i området og hald hundar unna

Merk staden med markør, gjerne og så raskaste tilkomst. Vær forberedt på å kunne påvisa staden for SNO

Beskriv funnstaden, gjerne med UTM kartreferanse frå GPS og /eller kryss på kartet

Meld frå til rovviltkontakten snarast mogelg. Det er husdyreigars ansvar og sørgje for at kadaver vert meldt til SNO, og å væra tilgjengeleg for påvisning

Sjekk området for ytterlegare kadaver eller sporteikn.

Fylkesmannen i Buskerud og Statens Nauroppsyn har i samarbeid utarbeida ei brosjyre med nyttig og praktisk informasjon.