vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Naturskade

Norge har vi ei todelt økonomisk erstatningsordning ved naturskade fordelt på privat og offentleg. Kven som erstattar skaden avheng av om det som er skada kan forsikrast eller ikkje.

Forsikringsselskapa si dekning av naturskade vert handsama i Naturskadeforsikringslova. Ordninga vert administrert av Norsk Naturskadepool der alle skadeforsikringsselskap er medlemer. Alle bygningar og lausøre som vert forsikra mot brannskadar vert automatisk også forsikra mot naturskade. Har du spørsmål som gjeld dekning og erstatning for naturskade på objekt som er forsikra, må du ta direkte kontakt med forsikringsselskapet ditt.

Offentleg naturskadeerstatning

Gjennom naturskadelova vert tilbodet til det offentlege om erstatning for naturskadar det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei vanlig forsikringsordning regulert. Ordninga gjeld for heile den private sektor inkludert landbruket. Landbruket har i tillegg nokre særlege erstatningsordningar, les meir om erstatningsordningar i landbruket her.

Statens naturskadeordning

Statens naturskadeordning har følgjande oppgåver:

  • å yte erstatning for naturskadar i dei tilfelle det ikkje er mogleg å forsikre seg mot skaden ved ei alminnelig forsikringsordning, (fondet kan ikkje yte erstatning dersom skadelidne faktisk får skaden dekket av ei forsikring )

Statens naturskadeordning omfattar styret og ankenemnda for Statens naturskadefond som er forvaltningsorgan direkte underlagt Landbruksdepartementet. Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret og ankenemnda.

For å søkje erstatning etter naturskadelova, må du melde frå til lensmannen, eller til tingretten.

Frist for å sende melding

Meldinga må sendast seinast 3 månader etter skadetidspunktet.

Skader som gir rett til erstatning

Skader som direkte skuldast naturulykker gir rett til erstatning. Dette kan for eksempel vere storm, stormflod, flom, skred eller jordskjelv.
Naturskade på følgjande skadeobjekt kan erstattast:

  • Vegar og bruer i privat eige
  • Frittståande murar/forbyggingsanlegg
  • Kaier/moloar som småbåthamneanlegg av mur/stein i privat eige
  • Gjerde det ikkje er mogleg å forsikre
  • Jordbruks- og skogsbruksareal
  • Utmark ved skade på grunnen
  • Skog

Stormskadar vert ikkje dekka

Sikring mot naturskader

Statens landbruksforvaltning v/styret for Statens naturskadefond har ikkje lenger oppgåver eller ansvar knytta til sikringstiltak mot naturskader.

Frå og med 1. januar 2009 har NVE det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan forebygging mot skred.

Meir informasjon og søknadsskjema

For meir informasjon og søknadsskjema sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider eller ta kontakt med lokalt lensmannskontor.