vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Motorisert ferdsel i utmark

Natur og miljø

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Jørn Magne Forland

Tittel: Miljøvernrådgjavar

Telefon: 32 02 90 76

Motorferdselsloven har som føremål ut i frå eit heilskapleg samfunnsmessig syn å regulere motorferdsla i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen. I utgangspunktet er all motorisert ferdsel i utmark og vassdrag forbode, men kommunane kan på visse vilkår gi dispensasjon til nyttekøyring

Det er som hovudregel ikkje lov å køyre snøscooter på offentleg veg. Regelverket opnar opp for visse unntak frå forbodet jf. rundskriv t -1/96.

Dersom du har behov for å køyre snøskuter i Gol kommune, må du i dei fleste tilfelle søkje om løyve. Du kan også søkje elekronisk.
Søknader om løyve til å bruke snøskuter vert handsama etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10. juni 1977, nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag av 15. mai 1988 og etter lokal forskrift for Gol kommune.

Det er høve til slik køyring utan særskilt løyve
  • Køyring i samband med politi-og ambulanseoppdrag
  • Oppsynsverksemd med heimel i lov
  • Nødvendig person- og godstransport i jord-og skogbruksnæring.
  • Nødvendig transport i samband med gyldig byggeløyve
  • Nødvendig transport for drift av turistanlegg som ikkje ligg ved brøyta veg.
  • Nødvendig transport av ved frå eigen eigedom til fast bustad.
  • Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakker for ålmennheita og for konkurranse, når det vert gjort av kommunar, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter.
Køyring du må søkje om løyve til

§ 5 a Leigekøyring
Fastbuande som treng attåtnæring, kan søkje om løyve til å ta på seg følgjande transportoppdrag for andre:

  • Transport mellom bilveg og hytte
  • Tilsyn med privat hytte på oppdrag av eigar
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • Transport for funksjonshemma
  • Transport av ved
  • Transport som det er gjeve løyve til etter § 6 ( Sjå under).

Leigekjøringsløyver blir tildelt fleire år for gongen. Ved utgangen av ein periode vil det verte høve til å søke på nytt. Søknadsfrist blir utlyst i Hallingdølen og på kommunens nettsider.

§ 5 b Køyring for funksjonshemma.
Gjeld køyring med eigen snøscooter for varig funksjonshemma personar. Legeattest skal sendast inn ved søknad om løyve.
(Løyve vert gjeve for 3 år om gongen)

§ 5 c Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte.
Eigar av hytte for transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg, når det i området ikkje er høve til leigekøyring. (Løyve vert gjeve for 3 år om gongen).

§ 5 d Køyring i utmarksnæring for fastbuande.
Det må dreie seg om næring med ei viss inntektsmessig betydning. Kommunen kan eventuelt krevje framlegging av næringsoppgåve Døme på slike løyver er transport til eigne utleigehytter, og naudsynt transport i samband med næringsmessig jakt og fiske.
(Løyvet vert gjeve for 3 år om gongen.)

§ 5 e Transport av ved
Løyve gjeld transport av ved frå eigen eigedom til anna stad enn fast bopel og transport av ved frå andres eigedom.

§ 5 f Gruppeturar på snødekt mark for beboarar på helse - og omsorgsinstitusjonar, medlemmer av pensjonistforeninger elelr forflytningshemma. Turane må vere i regi av helse- og omsorgsinstitusjonar eller ideelle organisasjonar.

§ 6 Andre unnatak.
Dvs. viss den som søkjer har særskild bruk for snøscootertransport som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan bli dekt på annan måte.

§ 5a Transport av materiell og utstyr i samband med utmarksnæring,

Områder i Gol med særskilde reglar

Motorisert ferdsel i verneområda Metubba, Lyseren og Veikulåsen er forbode. Desse områda er naturreservat med utarbeida verneforskrifter.

Publikum sine rettar

Du får vurdert søknaden etter gjeldande regelverk, og får attende eit grunngjeve svar om søknaden er innvilga eller ikkje.
Dersom den ikkje vert innvilga, vil du ofte få melding om det går an å få leigd snøscootertransport.

Ved misleghald av løyver, eller dersom føresetnadane for løyvet fell bort, kan dispensasjonen dragast inn med ein gong.

Klagerett/framgangsmåte ved klage

Du kan klage på eit vedtak jf forvaltningslova.
Klaga må vera skriftleg og den må sendast til Gol kommune seinast 3 veker etter at melding om vedtak er motteke. Dersom Gol kommune ikkje ser at det er nye moment i saka som gjer at det bør fattast eit anna, eller endra vedtak, vert klaga automatisk sendt til fylkesmannen i Buskerud, som tek endeleg avgjerd i saka.

Publikum/brukar sine plikter

Publikum må oppgje namn, adresse, registreringsnummer på snøskuter, køyrestrekning (innteikna på kart), føremål med køyringa og tidsrom for når køyringa skal skje.

Dersom løyve vert gjeve, pliktar løyvehavar å

syte for løyve frå aktuelle grunneigarar

vise løyvet fram ved kontroll. Motorkjørety til leigekøyring skal vere utstyrt med eit lett synleg tildelt merke og skal i tillegg ha løyvedokumenta med for framsyning ved ev. kontroll

syte for at motorferdsel i utmark og vassdrag skal vere forsiktig og omsynsfull for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske
avgrense køyringa til det mest naudsynte

 

Leigekjøyringsløyve i Gol kommune 

Leigekøyringsløyve i Gol kommune i perioden 01.01.2015 - 31.12.2017  
       
Hoftun og Høvreslia      
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Widar  Torp 32074378/ 90904223  
Ole  Solli 32068127/ 91383817  
Per Eiklid 92492798/ 32075132  
Gunnar  Engene 32077135/ 91701415  
Tor Ole Brenno 32074451/90166519  
Ivar Gladhus 32074821/48307706  
       
Tretteskogane, Rekkjeset og Møne Stølslag  
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Idar  Smøttebråten 91383715/  
       
Hesla-Vermeli-Skutuset, Einarset, Guriset, Oset og Kamben  
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Arne Nibstad 97978000/  
       
Lauvset, Storla-Vermeli, Skrøyvestølan, Hjartingsstølan, Lauvsjø, Aunehauglia og Tunnetjern stølslag.
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Ragnar Løstegård 90793072/ 32077563  
Lars Erik  Rolid 48136620/  
Endre Jondalen 90577577/  
Knut-Arne  Svang 90983058/ 32073913  
       
Nøreli      
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Solveig  Veslestølen 92429945/ 32061848