vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Gol kommune har kjøpt rettigheten til miljøfyrtårnprogrammet og jobbar aktivt med å sertifisere eigne verksemder som miljøfyrtårn, i tillegg til å jobbe ut mot private bedrifter og verksemder. Kommunen har eigen plan for arbeidet med å sertifisere eigne verksemder og stimulere private til å gjere det same.

Per 01.12.12 er kommunale verksemder som Helseavdelingen, Vesterhuset bhg, Åsgardane bhg, Breidokk bhg, Rotneim bhg, Hallingmo bhg og kommunehuset sertifisert.

Av private bedrifter er Pers Resort, Storefjell Resort, VINN AS Hallingdal, VVS Miljø AS, Vinmonopolet og Meny miljøfyrtårnsertifisert.

Gol kommune har saman med Hemsedal kommune eigen sertifisør som kan sertifisere bedrifter og verksemder som miljøfyrtårn.

Bedrifter og verksemder som ynskjer å verte miljøfyrtårn kan søkje om tilskot frå Buskerud fylkeskommune .

Alle bedrifter og verksemder som vert miljøfyrtårn får overrekka sertifkat som eit bevis på dette. Det er vanleg at ordføraren i eit kommunstyremøte står for overrekkinga.

All informasjon om miljøfyrtårnordningen; bransjekrav, gebyrer ol fins på heimesida til mijøfyrtårn.

Innkjøp

Alle statlege verksemder må som kjent følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffelsar.

Miljøindex.no kan ein enkelt søkje etter:

• Svane- og Blomsten-merka produkt • Miljøfyrtårnsertifiserte bedrifter • ISO 14001- og EMAS sertifiserte bedrifter • Leverandørar av «grønne» produkt og tenester

Portalen vert publisert av Findexa Forlag i samarbeid med Stiftelsen Miljøfyrtårn, Stiftelsen Miljømerking og KvaLex®. Portalen er den einaste i Norge som gjev markedet ein samla oversikt over miljøsertifiserte bedrifter i henhold til Miljøfyrtårn, EMAS og ISO 140001.

Det er ynskjeleg å kunne auke omsetninga av «grøne» produkt og tenester. Hensikten er også å forenkle prosessen for grøne innkjøp både i privat og offentlig sektor.