vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Landbruksvikar

Landbruksvikarordninga skal bidra til å sikre føretak med husdyr- og planteproduksjon tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar.


Landbruksvikarordninga i Hallingdal

Ordninga blir administrert av Landbrukstenester Folgefonna. Tenesta har avdelingskontor på Felleskjøpet Gol som dekkjer kommunane Nes, Gol, Hemsedal, Ål, Hol, Rollag og Nore og Uvdal.

Opningstider

Kontoret er betjent alle dagar og koordinerer alle oppdrag.
Bestilling rettast til Landbrukstenester Folgefonna. Pr. e-post  eller på telefon930 94 485/vakttelefon 990 86 137 

Sjukdom/krisesituasjonar

Avløysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til føretak med husdyr- og planteproduksjon, som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom jf. forskrift. Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.

Det er viktig at landbruksvikaren om mogleg blir bestilt i god tid. For at landbruksvikaren skal vere ein beredskap i tilfelle sjukdom, er det og viktig å bruke landbruksvikaren til andre oppdrag når han er ledig.

Leigeprisar

Finn du på nettsida til Landbrukstenester Folgefonna. Ved bruk av landbruksvikar ved sjukdom m.v. kan ein søkje om tilskot til avløysinga etter visse vilkår.