vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Klima og energi

Klimaendringane er vår tids største utfordring. Samstundes nyttar me meir energi til oppvarming enn nokon gong før. Kommunen har eit stort samfunnsansvar i å leie utviklinga i riktig retning. Energi - og klimaplanen til kommunen har som mål å sørge for nedgang i utslepp og energibruk.

Revidering av energi-og klimaplan for Gol kommune

Energi – og klimaplan for Gol kommune 2012 – 2015 er under revidering og ny plan skal gjelde for 2017 – 2020.
Planprogrammet legg opp til at ny plan skal verte vedtatt i løpet av 2017.
Det vert arrangert folkemøte om energi – og klimaplanarbeidet.
Barn og unge skal verte spesielt involvert i arbeidet med å finne gode klimatiltak.

Her kan du lesa planprogrammet til ny plan.

Energi og klimaplan for Gol kommune 2012 - 2015

Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres har lagt føringar for at kvar kommune i regionane skal lage eigne energi og klimaplanar som er meir tilpassa lokale forhold. Desse planane skal ha status som kommunedelplan.

Energi - og klimaplan for Gol kommune 2012 -2015 vart vedtatt av kommunstyret 8. mai 2012.

Her kan du lese dokumenta:

Energi og klimaplan for Gol kommune, generell del

Energi og klimaplan for Gol kommune, tiltaksdel

Aktuelle linkar

Energiutredning Gol kommune 2007

Energiutredning Gol kommune 2009

Energi- og klimaplan for Hallingdal og Valdres

Klimagassutslipp og energibruk i Gol kommune