vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Jordbruk

Tilskot i landbruket

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Tove Solheim

Tittel: Jordbrukskonsulent

Telefon: 32 02 90 75

Kontaktperson: Wilhelm Stake

Tittel: Fagkonsulent

Telefon: 32 02 90 74

Rådgjeving

På avdeling for Landbruk og miljø kan du få faglege råd i spørsmål knytt til resultatområda kulturlandskap, husdyrbruk og jord- og plantekultur i kommunen.

Hjå oss vil du m.a. få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i jordbruket.

Avdelinga skal vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor kommunen, som Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

I begrensa omfang kan vi mot gebyr utføre diverse planleggingsarbeid som:

  • driftsplanlegging
  • jordprøvetaking
  • gjødslingsplanlegging
  • teknisk planlegging

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at jordbruksressursane vert nytta på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessig forsvarleg måte. Lovsaker i jordlov, odelslov, konsesjonslov og forpaktingslov vert handsama hjå avdelinga

Søknad om uttak av torv i Gol

Grunneigar som ynskjer å ta ut torv må søkje Gol kommune på særskild skjema.

Vilkår
Grunneigar som ynskjer å ta ut og/eller selje torv frå dyrka eller dyrkbar mark må søke Gol kommune om løyve etter § 9 i jordlova.

Grunneigaren er ansvarleg for at torvuttaket blir utført på følgjande måte:

Torva skal kuttast like under grasrota, og torvlaget som blir teke ut skal ikkje overstige 5 cm.

Innan 1 år etter at torva er teken ut, skal området horvast, gjødslast med kunst- eller naturgjødsel og såast til slik at etableringa av ny grasmark blir tilfredsstillande. Søknaden gjeld for eit uttak pr. skifte.

Alt uttak av torv skal gjerast på ein måte som ikkje skader landbruket.

Dersom torvuttaket ikkje er sett i gang innan tre år etter at løyvet er gjeve, fell løyve bort.

Saksgang
Søknadsskjemaet finn du her.

Send søknaden til Gol kommune v/avdeling for landbruk og miljø. Legg ved eit kart der arealet er teikna inn og målt opp. Kart kan enklast hentast på http://www.hallingkart.no/gislinewebinnsyn_hallingdal/ eller du kan få hjelp på tenestetorget på Kommunehuset.

Det er ikkje gebyr på saksbehandlinga

Bakkeplanering

Med bakkeplanering meiner ein arbeidet med å gjere brattlendt eller kupert dyrkbart og tidligare dyrka areal skikka for maskinell jordbruksdrift.

Reglar for bakkeplanering står i kapittel 4 i forureiningsforskrifta . Det vert rekna som planering etter denne forskrifta når det vert flytta masse som berører eit areal på minst 1,0 dekar.

Alle anlegg (eksisterande og nye) må være innretta slik at det ikkje oppstår forureining.

Planeringsfelta skal vera utført i samsvar med Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt fastsett av Landbruksdepartementet. 

Søknad, løyve m.v.
Det er søknadsplikt for anlegg av planeringsfelt.
Før planlegging av planering vert sett i gang skal det sendast ein forenkla søknad til kommunen.

Den forenkla søknaden skal innehalde kart som viser kva område som vil bli berørt av planeringa. Viktige natur/terrenginngrep, bekkelukkingar o.a. skal merkast av på kartet. Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenkla søknaden om planeringa krev løyve etter forskrifta.

Eigar og brukar av areal som er eller blir planert, er ansvarlig for at reglar om bakkeplanering med tilhøyrande retningslinjer vert følgt.

Nydyrking

Med nydyrking vert meint fulldyrking og overflatedyrking av jord. Oppattdyrking av jordbruksareal som har ligge unytta i over 30 år vert også rekna som nydyrking.

Planar om nydyrking skal godkjennast av kommunen.Det gjeld uavhengig av storleiken på arealet. Det er fastsett eiga Forskrift om nydyrking som er heimla i § 11 i jordlova.

Ved avgjerda skal det leggjast særleg vekt på kva slag verknader tiltaket kan få for natur- og kulturlandskapsverdiane. Ved denne vektlegginga skal det takast omsyn til om det er sjeldne miljøverdiar på arealet og kor sjeldne miljøverdiane er. Det skal og leggjast vekt på om det ut frå § 1 i jordlova er ønskeleg å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga og om nydyrkinga legg til rette for driftsmessige gode løysingar.

Søknad og saksgang
Søknad om nydyrking skal sendast kommunen på eige søknadsskjema. Ved søknaden skal det leggjast ved kart som viser det planlagde nydyrkingsarealet, eigedomen og området omkring. Tenestetorget i kommunen kan hjelpe til med å skaffe kart.

Kommunen ønskjer som regel å foreta ei synfaring før søknaden vert teke til behandling. Denne synfaringa kan gjerne takast før søknaden vert sendt. Ta gjerne kontakt med avdeling for Landbruk og miljø på førehand dersom du har planar om nydyrking. Synfaringa må nødvendigvis gjerast på barmark.

Alle søknader om nydyrking skal sendast på høyring til Buskerud fylkeskommune. Ofte ønskjer dei å foreta eiga synfaring, spesielt dersom det er registrert kulturminne i området tidlegare. Dersom nydyrkinga kan berøre vesentlege miljøverdiar vert saka også sendt på høyring til Fylkesmannen. Uttalefrist er minimum 1 månad.

Dersom nydyrkinga omfattar meir enn 14,9 dekar over ei 5-årsperiode vil tiltakshavar få krav om å dekke kostnadene til evt. kulturminneundersøking, jf. rundskriv T/2/99.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om nydyrking i Gol kommune. I kurante nydyrkingssaker under 10 dekar kan administrasjon gjere vedtak.

Sakshandsamingstid kan variere sterkt avhengig av saka si karakter og kva tid på året den vert sendt kommunen.

Omdisponering av jordbruksareal

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord må ikkje skje utan samtykke frå departementet, dvs. kommunen.

Føremål

Føremålet med jordlova er å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

Føremålet med forbodet mot omdisponering i jordlovas §9 er å verne produktive areal og jordsmonnet. Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida. 

Søknad og saksgang

Søknad om omdisponering skal sendast avdeling for Landbruk og miljø. Søknaden må vere grunngjeven og nabovarsla, og det må leggast ved kartutsnitt som syner omsøkt omdisponert areal. Kartutsnitt og skjema for nabovarsling får ein på tenestetorget i kommunen.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om omdisponering i Gol. I kurante saker som gjeld omdisponering av dyrka jord til skogsmark for areal ikkje over 25 daa, kan administrasjonen gjere vedtak. Sakshandsamingstid kan elles variere mykje avhengig av saka si karakter.

Husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam

Reglar for bruk og oppbevaring av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam er heimla i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav. Del III, kapittel 6 og 7, i forskrifta omhandlar lagring og bruk.

Krav til lagring:

Lager for husdyrgjødsel og avløpsslam må ikkje plasserast slik at det medfører fare for forureining. Det må og takast omsyn til moglege luktplager. Lager for flytande gjødselvare skal vere tett. Det er ikkje krav til tak, men gjødselkummar og dammar skal ha tilstrekkeleg heilårssikring, dvs. min 1,5 m frå terreng til kant av kum/gjerde. Kumvegg som når høgare enn 1,5 m over bakken skal ha klatreavvisar på toppen. Kum skal utstyrast med innvendig stigetrinn eller andre redningsinnretningar.

Lager for husdyrgjødsel skal ha tilstrekkeleg kapasitet, og må minimum romme 8 månaders produksjon. Gjødsel frå utegardar og pelsdyrhald skal fjernast regelmessig, minst ein gong i året. Ved nybygg, utviding og utbetring av lager for husdyrgjødsel skal kommunen godkjenne plan før arbeidet kan gjennomførast. Kommunen skal også kontrollere og godkjenne lageret før det kan takast i bruk. 

Silopressaft skal samlast opp og lagrast slik at den ikkje fører til forureining eller fare for forureining. Ved nybygg, utviding og utbetring av siloanlegg skal tekniske retningslinjer fastsett av Landbruksdepartementet følgjast. Før anlegget vert teke i bruk skal det vere kontrollert og godkjent av kommunen.

Krav til bruk:

Bruk av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam skal inngå i gjødslingsplan, jf forskrift om gjødslingsplanlegging. Husdyrgjødsel kan berre spreiast på godkjent spreieareal (fulldyrka areal). Føretaket skal ha tilstrekkeleg disponibelt areal for spreiing av husdyrgjødsel, minimum 4 dekar fulldyrka jord pr. gjødseldyreining (GDE). Gjødslinga skal tilpassast arealet sitt gjødslingsbehov.

Spreiing skal så langt det er mogleg skje i vekstsesongen frå våronnstart til 1. september, forttrinnsvis om våren når planteveksten tek til. Det er forbode å spreie husdyrgjødsel, avløpsslam og silopressaft på snødekt og frossen mark, og i perioden frå og med 1. november til og med 15. februar.

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde skal gjerast så tidleg i vekstsesongen at det er moglegheit for betydeleg gjenvekst som kan haustast eller beitast, og seinast innan 1. september. Husdyrgjødsel spreidd på open åker skal moldast ned straks, og seinast 18 timar etter spreiing. Ved spreiing nær bustadar skal det takast rimelege omsyn til luktulemper og ulemper som følgje av partikkelspreiing.

For bruk av avløpsslam er det spesielle reglar, jf § 25 i forskrifta.

Dispensasjon:

Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane om bruk og lagring, med unntak av visse reglar for avløpsslam, jf. § 31 i forskrifta

Informasjon:

For fleire detaljar sjå kapittel III i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav eller ta kontakt med kommunen, avdeling for Landbruk og miljø.

For bruk av avløpsslam finn du meir informasjon på nettsidene til Miljøretta Helsevern Hallingdal. Her finn du også meldeskjema som skal sendast kommunen seinast 14 dagar før første levering av slam.