vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gardskart

Gardskart er eit kart som viser arealressursar og arealtal for ein enkelt landbrukseigedom. Alt areal for ein landbrukseigedom på same eigarhand innanfor ein kommune vil vere med på gardskartet. Kartet er elektronisk tilgjengeleg på nettsidene til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Du kan søkje på alle gards- og bruksnummer i heile Norge. Søkesida kan du gå direkte til her.

I Gol kommune er arealopplysningane gjennomgått og ajourført i ein såkalla gardskartprosess, arbeidet vart ferdigstilt i 2013. Etter den tid blir arealet løpande ajourhalde av kommunen. Dersom du oppdagar feil på markslag, eigedomsgrenser eller andre feil på karta ta kontakt med kommunen.  

Meir informasjon om gardskartprosessen og gardskart finn du på NIBIO sine internettsider om gardskart.