vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Erstatningsordningar i landbruket

Målet med ordningane er å redusere økonomiske tap som skuldast uforutsette skader som det ikkje har vore mogleg å forhindre og forsikre seg mot, og tap som følgje av offentlege pålegg og restriksjonar. Sjå også eigen side om Naturskade.

Erstatningsordningane i landbruket er heimla i jordlova og matlova.

Ordningane kan delast inn i to hovudområde:

I samband med gjennomføring av offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon kan ein søkje om erstatning for økonomiske tap.

Formål

Formålet med ordningane er å gje økonomisk erstatning for å redusere belastninga ved ulike tiltak mot planteskadegjerarar, sjukdommar hjå dyr og smittestoff samt restriksjonar i bruk av utmarksbeite pga. rovvilt. Erstatningar etter offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon er fastsett i eigen forskrift frå 2016.  Det er eigen forskrift frå 2010 om kompensasjon ved restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt.

Ulike ordningar

Det finst følgjande ordningar for å erstatte tap etter offentlege pålegg og restriksjonar i landbruket:

  • Pålagt nedslakting av husdyr som følgje av husdyrsjukdom
  • Tap i ei pålagt opphaldsperiode
  • Nedfôringskostnader mv. som følgje av radioaktivitet
  • Frivillig nedslakting av småfebesetning pga skrapesjuke eller CAE/mædi-/visnavirus
  • Offentlege pålegg som følgje av planteskadegjerarar
  • Flytterestriksjonar på bier
  • Kompensasjon ved restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt

Pålegg

Søkjarar vert oppmoda om å ta kontakt med Fylkesmannen så raskt som mogleg etter å ha motteke eit pålegg.

Søknadsskjema

For alle ordningane er det mogleg å sende elektronisk søknad via Altinn. Dette har fordelar både for søkjar og forvaltning. Papirskjema finn du på nettsida til Landbruksdirektoratet. Det er eit felles søknadsskjema SLF-278 for alle ordningane, med unntak for radioaktivitet som har eige skjema. Tenestetorget i kommunen kan også hjelpe til med å finne skjema. 

Kvar søknaden skal sendast

Søknad for alle erstatningsordningane skal sendast til fylkesmannen. Landbruksdirektoratet er klageinstans og forvaltar regelverket for erstatningsordningane i landbruket.

Meir informasjon

Detaljar om den enkelte ordning kan du lese om på nettsida til Landbruksdirektoratet eller ved å kontakte kommunen eller Fylkesmann.

Jordbruksføretak kan få erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon, som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Vilkår

Erstatning ved klimabetinga skader i plante- og honningproduksjon gjeld for føretak som fyller vilkåra for å motta produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Ordninga gjeld berre skader som er forårsaka av kimatiske forhold (været) og som det ikkje er mogleg å tegne privat forsikring mot. Erstatningsordninga er heimla i erstatningsforskrifta frå 2012. Satsane for erstatning er fastsett i sats- og beregningsforskrifta frå 2015.

Kva er klimabetinga skader

Svikt i produksjonen utover 30 % av gjennomsnittsproduksjonen (pr. vekstgruppe eller i honningproduksjon) som skuldast været kan gje rett på erstatning. Skader forårsaka av sjukdom, skadedyr og ugras vert ikkje dekka.

To ulike ordningar: 

  • Erstatning ved avlingssvikt
  • Erstatning ved svikt i honningproduksjon

Meld umiddelbart frå om skade

Føretaket må melde frå til kommunen om mogleg avlingssvikt og svikt i honningproduksjon med ein gong føretaket kan få produkssjonssvikt. Dette må gjerast utan ugrunna opphald og før innhausting og slynging. Melding skal gjerast uavhengig av søknadsfrist og er ein føresetnad for å få behandla ein søknad om erstatning.

Søknadsfrist/behandling 

Søknadsfristen til kommunen er 31. oktober kvart år. Det er kommunen som handsamar søknaden. Fylkesmannen er klageinstans.

Søknadsskjema

Søk elektronisk via Altinn. Det er og mogleg å levere søknad på papirskjema som ein finn ein på nettsida til Landbruksdirektoratet. Kommunen ved Tenestetorget eller Landbruk og miljø kan også hjelpe til med å finne rett skjema.

Meir informasjon

Detaljar om den enkelte ordning kan du lese om på nettsida til Landbruksdirektoratet eller ved å kontakte kommunen eller Fylkesmann.