vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Deling av landbrukseigedom

Konsesjon/bu- og driveplikt

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Tove Solheim

Tittel: Jordbrukskonsulent

Telefon: 32 02 90 75

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå departementet, dvs. kommunen.

 

Føremål

Føremålet med jordlova er å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

Føremålet med delingsforbodet i jordlovas §12 er å sikre at driftseininga sitt ressursgrunnlag ikkje vert redusert. Forbodet mot deling omfattar eigedomar som er nytta eller kan nyttast til jord- og skogbruk. Med eigedom meiner ein og rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige. Forbodet mot deling gjeld og forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

 

Saksgang

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein reknar med er den faktiske eigaren til eigedomen kan søkje om deling.

Når det skal avgjerast om samtykke skal gjevast, skal ein m.a. ta omsyn til

  • om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
  • godkjende planar som ligg føre for arealbruk etter plan- og bygningslova
  • kulturlandskapet

Det er viktig å merke seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylte, gir ikkje det automatisk rett til samtykke.

 

Samtykke til deling kan gjevast dersom

  • viktige samfunnsinteresser talar for det
  • deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastinga eigedomen kan gi

I samband med eit samtykke til deling av landbrukseigedom, kan det setjast vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet med lova.

Grunngjeven søknad om deling vedlagt nabovarsel skjema og kartutsnitt skal sendast avdeling for landbruk og miljø i kommunen. Søknaden må innehalde ei nærare omtale av eigedomen, bakgrunnen for søknaden om frådeling og kart som viser plasseringa av arealet det blir søkt om frådeling av.

Kartutsnitt som viser omsøkt frådelt areal kan ein finne på www.hallingkart.no. Kartutsnitt kan ein også få ved henvendelse til tenestetorget i kommunen.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om deling av landbrukseigedomar i Gol. I kurante delingssaker som gjeld:

  • ubebygde einskildtomter opp til 2 daa.
  • areal som grensar til og skal leggjast til tidlegare frådelt tomt, med eller utan bygningar, inntil samla areal er opp til 2 daa.
  • tomter som det er bygd på og arealet ikkje er større enn 2 daa, unnateke våningshus, kårhus og driftsbygningar kan administrasjonen gjere vedtak.

Sakshandsamingstid kan elles variere mykje avhengig av saka si karakter.

 

Gebyr

Gebyr for handsaming vert tilsendt når delingssøknaden er registrert motteken i kommunen. Gebyr for delingssøknad etter jordlova er kr 2000,- pr. sak og er fastsett ved forskrift frå departementet, vedteke i Gol kommune i 2012.

 

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette.

Klageinstans er fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli send til fylkesmannen for klagebehandling. Det blir send tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga. 

 

Aktuelle linkar

Forvaltningslova

Jordlova § 12

Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker

Landbrukseiendom - omdisponering og deling (rundskriv)