vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bygdeutviklingsmidlar - bedriftsretta tiltak

Bygdeutviklingsmidlar, som går inn under jordbruksavtalen, skal leggje til rette for næringsutvikling i jordbruket, desentralisert busetnad og gi like vilkår for kvinner og menn.
Målgruppa er landbruksforetak og foretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Bygdeutviklingsmidlar er inndelte i to hovudgrupper:

  • Midlar til utgreiings- og tilretteleggjingstiltak som kommunar, lag og organisasjonar kan søkje på, og som blir forvalta av Fylkesmannen (ikkje nærmare omtalt her) .
  • Midlar til bedriftsretta tiltak som den einskilde gardbrukar kan søkje på, og som blir forvalta av distriktskontora til Innovasjon Norge.

Bedriftsretta tiltak kan vere:

  • Etableringsstipend (oppstart av tilleggsnæring)
  • Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring)
  • Investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring)
  • Generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar mv. i samband med generasjonsskifte)
  • Praktikantordningar

 

Søknaden blir vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Norge.

 

Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidlane. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som distriktskontora til Innovasjon Norge utarbeider.

 

Forskrift om midler til investering og bygdeutvikling i landbruket

 

Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing og hjelp til å søkje Innovasjon Norge om bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar.

Innovasjon Norge

Klage 

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.