vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Konsesjon og bu- og driveplikt

Konsesjon/bu- og driveplikt

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Tove Solheim

Tittel: Jordbrukskonsulent

Telefon: 32 02 90 75

Buplikt

Reglane for buplikt vart endra frå og med 1. juli 2009. Endringane førte til at buplikta no i all hovudsak vert styrt gjennom konsesjonslova.

Reglane om driveplikt vart også endra 1. juli 2009 og ligg heimla i jordlova. Driveplikt er plikt til å drive jordbruksareal, det vil seie å hauste og kultivere arealet årleg.

Buplikt på landbrukseigedom

Lovverket vedkomande bu- og driveplikt i landbruket vart endra 01.07.2009 og vert no i hovudsak styrt gjennom konsesjonslova.

Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket, jamfør konsesjonslova §1. Bestemmelsen gir ei vid ramme for kva for omsyn som skal trekkast inn:

  • framtidige generasjonar sitt behov
  • landbruksnæringa
  • behovet for utbyggingsgrunn
  • omsynet til miljøet, ålmenne naturverninteresser og friluftsinteresser
  • omsynet til busetjinga

Erverv frå slekta

Personleg buplikt oppstår ved erverv av landbrukseigedom innan slekt, og gjeld bebygd eigedom der fulldyrka og / eller overflatedyrka jord er meir enn 25 daa, eller eigedomen har meir enn 500 daa produktiv skog. Oppfylling av den lovbestemte buplikta er ein føresetnad for at nokon med odelsrett eller i nær slekt kan erverve landbrukseigedom av ein slik storleik konsesjonsfritt.

Det er ikkje lenger høve til å søke om utsetjing eller fritak frå buplikta på desse eigedomane. Viss ein skal overta ein eigedom innanfor desse arealgrensene og ikkje vil/eller kan busetja seg på eigedomen innan eit år frå overtaking av eigedomen må ein søke kommunen om konsesjon for å få overta eigedomen. For å oppfylle buplikta må den nye eigaren bu på eigedomen i minst fem år.

Anna erverv

Eigedom som vert overteke utanom slekt er konsesjonspliktig dersom den er bebygd og har totalareal på over 100 daa, eller fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 daa. I konsesjonsvurderinga har landbruksstyresmaktene plikt til å vurdere om det er naudsynt å setja vilkår om buplikt på eigedomen, og om buplikta skal vera personleg.

0-konsesjon, er innført i Gol kommune

I kommunar som har innført 0-konsesjon etter §7 i konsesjonslova vil buplikta gjelde alle eigedomar opp til 100 daa totalareal som er eller har vore i bruk som heilårsbustad. I slike tilfelle kan buplikta oppfyllast ved bortleige.

Eigenerklæringsskjema kan nyttast ved slike overdragingar når ervervaren på eigenerklæringsskjema forpliktar seg til at eigedomen skal nyttast som heilårsbustad enten av seg sjølv eller andre.

Gol kommune har saman med omlag 80 av landets 431 kommunar innført 0- konsesjon. Det er kommunen som skal føre kontroll med at buplikta vert oppfylt.

Buplikta er oppfylt når

Buplikta er oppfylt når eigaren er registrert busett på eigedomen etter reglar fastsett i eller i medhold av lov 16. januar 1970 nr 1. om folkeregistrering.

Driveplikt

Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.Den globale utfordringa knytt opp mot matsikkerheit, klima og befolkningsauke gjer det stadig viktigare å styrke virkemidlar som kan bidra til matproduksjon. Dyrka og dyrkbar jord er ein begrensa ressurs, og også ein viktig del av kulturlandskapet. Eigaren av jordbruksareal har eit viktig forvaltaransvar i denne samanhengen. Driveplikta skal sikre matproduserande areal på ein slik måte at dyrka / overflatedyrka mark og innmarksbeite vert halde i god stand samstundes som ein tek vare på kulturlandskapet.

Det er ikkje krav om lønsam drift, eller at drifta skal vera optimal. Den aktuelle drifta kan imidlertid ikkje vera slik at produksjonseigenskapane vert forringa over tid. Produksjon av blomar eller hestehald vert ansett som tilstrekkeleg for at driveplikta er oppfylt.

Driveplikta er personleg på den måten at eigar av jordbruksareal pliktar at jorda vert drive så lenge vedkomande er eigar. Driveplikta kan oppfyllast ved at eigar driv jorda sjølv eller ved at det vert inngått leigeavtale med andre om drift av areala.

Ei slik leigeavtale skal vera:

  • skriftleg
  • gjelde for minst 10 år
  • må føre til driftsmessige gode løysingar

Inngåtte leigeavtaler skal sendast kommunen som slik har mogelegheit til å kontrollere om vilkåra for bortleige etter jordlova er oppfylt.

Kommunen skal føre tilsyn med at driveplikta vert oppfylt, og kan gi pålegg om bortleige av jord eller leige bort jord. Det er i særskilte høve mogleg å søke kommunen om fritak frå driveplikta.

Driveplikta er fastlagt i jordlova § 8.

 

Aktuelle linkar

Driveplikten etter jordloven (rundskriv M-3/2011)

Forvaltningsloven

 

Dersom eigaren ikkje ønskjer eller er i stand til å drive jordbruksarealet sjølv eller leige det bort, kan det søkjast om fritak frå driveplikta for ei viss tid. Kommunen vil gjera ei konkret vurdering i alle saker.

 

Klage

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

 

Konsesjon

Treng du informasjon om konsesjon så kan du ta kontakt med avdeling for landbruk og miljø, eller ved å gå inn på vedlagte link på Landbruksdirektoratet sine heimesider.