vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Biologisk mangfold og verneområde

Biologisk mangfald

Biologisk mangfald er kort fortalt variabiliten hos levande organismar av alt opphav.

I Gol er kunnskapen om det biologiske mangfaldet innanfor kommunegrensa varierande god alt etter kva me snakkar om av levande organismer. Me kjenner minst til artsmangfaldet i skog, våtmark og fjell, medan me har best kunnskap om artane knytta til kulturlandskapet.

Biokonvensjonen knytter biologisk mangfold til variasjon i tre biologiske organisasjonsnivå:

- økosystem (naturtyper)
- artar
- innan artar (gener)

Alle landets kommunar skal ha gjort kartlegging av det biologisk mangfaldet innan 2003, og det vart også gjort i Gol. DN-Handbok nr. 13- kartlegging av naturtyper og DN-handbok nr. 11 (Viltkartlegging) låg til grunn for denne kartlegginga.

Resultat frå kartlegginga i Gol kommune

Rapport frå fellesprosjektet med BM-kartlegginga i Hallingdal.

Rapport frå kommunes viltkartlegging i 2003 kan du lesa her.

I 2010 påstarta Fylkesmannen i Buskerud eit revideringarbeid av tidlege kartlagte naturtypar og det vart i tillegg kartlagt heilt nye områder i kommunen. Dette arbeidet vart utvida til også gjelde viktige våtmarksområder for fugl og nærmare sjekk av utvalgte MiS-lokalitetar med A-verdi. Arbeidet vart ferdig med eigen rapport i 2013.

Rapporten frå rekartlegging og nykartlegging kan du lesa her

Tilleggsrapport lokalitetar Gol 2013

Vilt og innlandsfiskenemnda har gitt midlar til kartlegging av kommunes storfuglleikar og våtmarksområde på Golsfjellet. Fylkesmannen i Buskerud støttar arbeidet økonomisk.

Kartlegginga av våtmarksområder og storfuglleikar i Gol kan du lese meir om her.

Slåttemarka på Renslo

Renslo er kommunal eigedom og ligg sentralt i Gol, omlag 1 km frå sentrum.

Gol kommune og private eldsjeler samarbeider om å halde eigedomen vedlike, tildømes gjennom årleg slått og rydding av vegetasjonen.

Slåttemarka på Renslo er registert som slåttemark-naturtype etter DN-håndbok nr 13, og har regional verdi (B). Sjå faktaark.

Det er utarbeida eigen skjøtselplan for Renslo.

Verneområde

Gol kommune har tre verneområde, Metubba naturreservat, Lyseren naturreservat og Veikulåsen naturreservat.

 

Metubba – Brenne

Område beståande av eit myrlandskap med varierande myrtypar og vegetasjon. Området viser dei fleste myrtypar og myrplanter som er typiske for regionen. Viktig hekkeområde og trekkrasteplass for våtmarksfugl.

Lyseren

Ligger nær Klanten flyplass. Reservatet består av eit våtmarkssystem i bjørkeregionen mot fjellet, og er ein del av større kompleks med myrer, vierkratt og fjellbjørkeskog. Området er eit viktig hekkeområde og trekkrasteplass. Det er registrert 30 artar av våtmarksfugl og av desse er fleire raudlista og regionalt sjeldne. Området er eit av dei beste våtmarksområda i Hallingdal med stor verdi for viltet.

Veikulåsen

Føremålet med fredninga er å ta vare på eit tilnærma urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar. Området har ein særskilt betydning som eit regionalt stort skogsområde med store topografiske variasjonar. Området har betydning for soppartar knytta til daud ved, og skogen vil på sikt kunne oppnå god kontinuitet ved ein aukande daudvedmengde.

 

For utfyllande bestemmelsar sjå :

Forskrift om fredning for Metubba naturreservat, Gol kommune, Buskerud

Forskrift om fredning for Lyseren naturreservat, Gol kommune, Buskerud

Forskrift om fredning for Veikulåsen naturreservat, Gol kommune, Buskerud.