vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Telefonvarsling

Telefonvarsling


Varslingssystemet gir deg beskjed om blant anna uventa vasstans.

Gol kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS – Unified Messaging Systems AS), sørgjer vass- og avlaupsetaten for at du får beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vasstans eller ved tilråding for koking av vatn. Også i andre situasjonar kan det være aktuelt å nytta systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Mobil og fasttelefon

Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ein automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som kun er registrert med fasttelefon.

Korleis virkar det?

I forbindelse med vassavstenging, lekkasjer, driftsbrot ol. vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det berørte området.
Når du tek telefonen får du beskjed om å taste 1 for høyre ei melding som er lese inn.
På slutten av meldinga blir du bede om å taste:
1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldinga
0 - dersom du ynskjer å få beskjeden lese opp ein gong til
Dersom du ikkje taster 1, vil systemet ringje deg opp på nytt (inntil 3 gonger).

Korleis finn kommuna mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling er ei samling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysninga frå alle teleoperatørane og frå matrikkelregisteret. Innbyggjera under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsel.

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du har moglegheit til å kontrollera og endre di oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager) : http://cdm.ums.no
Her kan du også registrera deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ynskjer å få varsel ved hendelsar som berører fritidseigedom, studentbolig eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevaren din, må du sjølv leggje denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendelser på heimeadressa.

Hemmelig nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmelig nummer, som betyr at dei ikkje mottek varsling med dagens system. Dersom du har eit slikt nummer og ynskjer varsling, kan du registrera deg i databasen, som vert halde hemmelig for alle andre.

Varslas også bedrifter?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling inneheldt også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan væra vanskelig å nå dei rette personane, og bedrifta vert anbefalt å endra eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast, ved enkelt å logge inn på UMS Contact Data Manager.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svartjeneste eller tastevalg for vidarekobling er derfor lite egna som kontaktnummer for næringsvirksomheiter. Dersom di bedrift er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å væra sikker på at bedrifta mottek eventuell varsling.

Varslingssystemet er meint som en sikkerheit for di bedrift, virksomhet eller institusjon.
Hvis me skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte er me avhengige av dykkar hjelp.
Me ber derfor om at rett kontaktperson vert registrert her: http://cdm.ums.no

Sårbare abonnentar - abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vassforsyning.


Gol kommune tek spesielle hensyn til såkalla sårbare abonnentar ved endringar i vasskvalitet eller vassmengde. Det er spesielt låg terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrrelsar på vassleidningsnettet.

Virksomheiter og personar med særskilt behov for varsling vert beden om å registrere adressa som sårbar abonnent i UMS sin portal for vedlikehold av kontaktdata.
Tjenesten er eit tilbod til spesielt sårbare abonnenter som:

• Alders - og sjukeheim
• Frisørar
• Hotell
• Leger/medisinsk
• Næringsmiddelindustri
• Renseri/vaskeri
• Restaurantar/kaféar
• Skule/barnehage
• Sjukehus
• Tannlegar/tannhelse

Dersom du hører heime i ei av disse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du setje adressa di som sårbar abonnent her: http://cdm.ums.no

Om du treng hjelp eller har spørsmål  i samband med registrering/endring av telefonnummer, kan du kontakte tenestetorget på telefon 32 02 90 00.