vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Radon

Radon er ein usynleg og luktefri edelgass som blir danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Av radon blir det danna såkalla "radondøtrer". Ved innanding kan desse feste seg til bronkiane og luftvegen og gi helseskadeleg stråling. Høge konsentrasjonar innandørs kan vere ei medverkande årsak til auka risiko for lungekreft.

Radongass kan kome inn i bustader gjennom sprekker eller hol i kjellargolv, grunnmur, rundt rørgjennomføringar, sluk osb.

For alle nybygg skal det setjast i verk tiltak som hindrar inntrenging av radongassar.

Husbanken har tidlegare gitt tilskot til tiltak mot Radon. I samband med dette tilrådde Husbanken 2 målingar (2 dosimeter), sidan det gir ein betre kontroll. Husbanken har for tida ingen middel til slike tiltak.

Miljøretta helsevern Hallingdal kan gi hjelp til å utføre målingar av radonkonsentrasjonen i eksisterande bustader.

Nye bygg: 

Krav til radonsikring gjeld alle bygningar berekna for varig opphald - også hytter - ref. teknisk forskrift TEK10:

§ 13-5. Radon

(1) Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon fra grunn begrenses. Radonkonsentrasjon i inneluft skal ikke overstige 200 Bq/m3

(2) Følgende skal minst være oppfylt:

a) Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.

b) Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3 

(3) Annet ledd gjelder ikke dersom det kan dokumenteres at dette er unødvendig for å tilfredsstille kravet i første ledd.

Eksisterande bygg:

Radon-membran kan også brukast innandørs for å tette mot grunnen. Dette kan vere vanskeleg etter som det er innfløkt å tette der deleveggar og andre konstruksjonar står. Det vil lett oppstå lekkasjar.

Det kan ventilerast i bustaden med ymse typar ventilasjon. Balansert ventilasjon eller lufteluker ved låge verdiar.

Radon-brønn; Det blir då ventilert i grunnen under huset, gassen blir fjerna før han kjem opp i bygget.

Aktuelle linkar

Radonkart for Hallingdal

Statens strålevern.