vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kart og oppmåling

Kart og oppmåling

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Knut Ohnstad

Tittel: Geoingeniør

Telefon: 32 02 90 68

Frådeling av tomt / Oppmålingsforretning - Gol kommune

For å få frådelt ei tomt, må grunneigar først søke kommunen om frådeling. Søknad skal fremjast på eige skjema som du får hos kommunen, eller dei kan hentast ned frå nettet. Rekvisisjon av oppmålingsforretning for frådeling av tomt, grensejustering / makebyte m.m. sender du til:

Gol kommune, Utbyggingsavdelinga Gamlevegen 4 3550 Gol

Nødvendige skjema og kartgrunnlag

Det er eigar av eigedomen (heimelshavar) som skal underteikne aktuelle søknadspapir.

  1. Søknad om oppmålingsforretning for etablering av ny grunneigedom. skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning Ved behov for oppmåling av eksisterande grenser kan dette skjema brukast: rekvisisjon av oppmålingsforretning uten deling.
  2. Nabovarsel/Gjenpart av nabovarsel. Altså to skjema. Dersom nabovarsel skal sendast til vedkomande part, må varselet sendast rekommandert. Då må begge skjema nyttast. Skjemaet ”Nabovarsel” til den som skal ha varselet, medan skjemaet ”Gjenpart av nabovarsel” skal postverket stemple/signere som stadfesting på at nabovarselet er sendt. Dersom dei partane som skal varslast kan treffast personleg, er det nok at dei signerer på skjemaet ”Gjenpart av nabovarsel”.
  3. Nødvendig kart / oversiktskart som viser kva ein ynskjer frådelt. Marker arealet med farge.

”Gjenpart av nabovarsel”, rekvisisjonen av oppmålingsforretninga og nødvendig kartgrunnlag skal leverast samla til kommunen.Dei same skjema skal brukast ved grensejustering / tilleggsareal .

Grunnkart, reguleringskart og eigedomskart kan leverast av Gol kommune, Utbyggingsavdelinga eller Statens kartverk OSLO. Ved å gå inn på internettportalen ”Hallingkart", kan ein óg få tilgang på kart. Her kjem ein først til et oversiktskart for alle Hallingdalskommunane. Derfra kan man ved hjelp av enkle menyer zoome seg ned til detaljert kartnivå.

Alle kart kan leverast i både analog (papirkart) og digital form. I nokon høve kan visse temakart leverast. Det er eigar av eigedomen (heimelshavar) som skal underteikna aktuelle søknadspapir.

Saksbehandling

Saksbehandlingsgebyr blir fakturert og må vera betalt før saksbehandlinga tek til og etter at klagefristen på 14 dager (etter at partene har motteke nabovarselet) er gått ut. Oppmålingssaker blir behandla etter Plan- og bygningslova og i samsvar med overordna gjeldande reguleringsplan / kommuneplan. Det kan søkjast om dispensasjon i dei tilfelle der søknaden i utgangspunktet strir mot gjeldande overordna planar og arealføremål.

Saksbehandlingstid

Er søknaden i samsvar med gjeldende overordna planer og lovverk, vil det normalt vere frå 1 til 3 mnd. saksbehandlingstid. Dersom saka er meir kompleks og strir mot overordna planar og lovverk, må ein rekna med ei saksbehandlingstid frå 3-9 mnd. Fleire instansar skal då gje uttale.

Vidare saksbehandling etter at søknaden er godkjent vil skje etter føresegnene i Matrikkellova frå 2010. Søknaden blir registrert i oppmålingsjournalen og lagt på vent til tidspunktet er inne for å beramme oppmålingsforretning.

NB! Det er fortsatt ventetid vedrørende oppmålingssaker.

Tomtemåling

Frådeling av tomt skjer normalt i samband med at det avholdes oppmålingsforretning

Kart- og oppmålingsgebyr