vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Byggesak

Skal du bygge?

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Hanne Cecilie Nes

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 921

Kontaktperson: Harald Huse

Tittel: Byggesakshandsamar

Telefon: 32 02 90 66

 Ålhytta, Nystølfjellet

Nytt frå 2016:

Frå nyttår er det fleire endringar i byggereglane, m.a. så opphøyrer lokal godkjenning. Dette kan du lese meir om her

Kva kan du bygge?

Alle eigedomar og bygningar er omfatta av ein plan, og det er bestemmelsane i denne som fastset kva som er tillatt på din eigedom. Om den ikkje inngår i ein bebyggelses- eller reguleringsplan vil det vere kommuneplan/-delplan som gjeld (NB: for reguleringsplanar vedtatt før 30.10.2001 vil det for hytter vere utnyttingsgrad i kommunplanens nr. 2.1 som gjeld).

Gjeldande plan kan du finne ved å søkje opp eigedomen på Kommunekart. Vedtekne planar finst og i planarkivet

Har du gards- og bruksnummer for eigedomen kan Tenestetorget hjelpe deg med planbestemmelsar, i tillegg til situasjonsplan, skjema og nabolister. Ved meir innfløkte saker, reguleringsspørsmål osv. står Utbyggingsavdelinga til teneste. Avdelinga er stengt tysdag, men har elles vanleg opningstid frå 09.00 - 15.00.

Bruk helst e-post.

 

Korleis søkje?

1. Byggetiltak som er unntatt søknadsplikt:

Enkelte mindre tiltak; uthus m.m., kan gjennomførast utan kommunal saksbehandling. NB: gjelder kun dersom bygget/endringa er i samsvar med alle planbestemmelsar for området, herunder planformål, utnyttingsgrad, antall bygg på tomta, utforming, høgde m.m. Sjå meir utfyllande opplisting i SAK10 eller på nettsidene til Direktoratet for Byggkvalitet. Når tiltaket er ferdigstilt skal det sendast melding til kommunen med plassering og areal. Skjema finn du her.

2. Byggetiltak som krever søknad utan ansvarsrett (tidl. melding):

Søknad utan ansvarsrett er ein forenkla søknad der tiltakshavar (byggherre) sjølv står ansvarleg for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningslova. Dei vanlegaste tiltaka er garasje/uthus (ikkje anneks med soverom), tilbygg og driftsbygningar i landbruket. Les meit om dette i SAK10.

3. Byggetiltak som krever søknad med ansvarsrett:

Dei tiltaka som ikkje er lista opp i pkt. 1 og 2. skal behandlast som søknad - normalt via eit godkjent føretak (ansvarleg søkjar).

Dersom dine planar ikkje er i samsvar med gjeldande bestemmelsar er det høve til å søkje dispensasjon (i brevs form, og med grunngjeving). Det må framgå på nabovarselet at det også blir søkt om dispensasjon. Som hovudregel blir dispensasjonar behandla politisk i Utval for Natur og næring. Dispensasjon kan kun innvilgast dersom det ligg føre spesielle og relevante grunnar. T.d. er plassmangel og økonomi ingen dispensasjonsgrunn. Meir om dette kan du lese i plan- og bygningslova kap. 19. Det er ekstra gebyr for dispensasjonssaker (også ved avslag), og saksbehandlingstida kan bli vesentleg lenger.

Dokumentasjon som skal sendast kommunen:

Utfylt søknadsskjema (med eller uten ansvarsrett)

Situasjonsskisse i målestokk 1:500 eller 1:1000 med målsett plassering på tomta (kartutnitt kan skrivast ut frå Kommunekart).

Målsatte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100.

Terrengsnitt som viser eksisterande og nytt terreng (NB: må kontrollmålast i terrenget om ikkje tomta er tilnærma flat) og høgdeplassering av bygg.

Kvittering for nabovarsel (stempla på Posten eller signatur på skjema - alt. e-post frå nabo). Både naboeigedom (felles grense) og gjenboereigedom (der det kun er ein veg, elv eller anna åpent areal mellom) skal varslast. Nabofrist skal vere ute og ev. merknader kommentert når søknad blir sendt inn.

Vedlegg gjerne foto som viser eksisterande situasjon.

For søknader med ansvarsrett skal det også vedleggjast: 

Gjennomføringsplan

Skjema "erklæring om ansvar" (erstattar søknad om ansvarsrett/lokal godkjenning).

For bustader i tiltaksklasse 1 der krav om uavnehgig kontroll av fuktsikring av våtrom og lufttetthet (gjelder og for fritidsbustader med meir enn ei bueining).

På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet kan du hente byggesaksblankettar.

Kommunen sitt gebyrregulativ finn du her.

Inngjerding av tomter:

Ver merksam på at bestemmelsar om inngjerding av hyttetomter varierar i ulike planområder. For enkelte områder er dette ikkje tillatt med gjerde, medan det for andre områder kan vere tillatt å gjede inn ein mindre del av tomta. Det må alltid nyttast sauesikkert gjerde

Tips for rask byggesakshandsaming:

  1. Send inn komplett og godt dokumentert søknad. Retting av feil og manglar kostar tid og pengar.
  2. Forhald deg til dei bestemmelsane som gjeld for området. Dispensasjonssøknader har lågast prioritet, tek lenger tid og har ekstra gebyr (også ved avslag).
  3. Snakk med naboen. Nabovarsling skal skje i forkant av innsendt søknad. Det er ein fordel å avklare eventuelle konfliktar med naboar og berørte partar før søknaden vert send til kommunen. Mindre justeringar kan ofte vere nok til at klage unngås, og vere positivt for naboforholdet i framtida.

Bygg skal tilpassast terrenget, ikkje omvendt. Ruvande bygg på høge fyllingar tyder på dårleg planlegging. Mest mogeleg av eksiterande vegetasjon bør bevarast, og eventuell fylling gis ei mest mogleg naturleg form.

For å sikre at hytta eller huset blir godt tilpassa den aktuelle tomta i forhold til terreng/ landskap, omkringliggande bygg, solforhold, utsikt m.m. vil det ofte vere ein fordel å bruke arkitekt - ikkje minst i bratt terreng. Kostnadane kan ofte bli spart inn ved at smartare planløysingar gjer at arealet kan reduserast. I tillegg kan terrengarbeida reduserast om bygget blir tilpassa terrenget (store fyllingar/skjeringar betyr høge kostnader i tillegg til eit dårleg resultat).  Erfaringa tilseier også at bruk av arkitekt gir betre søknader/ mindre arbeid for kommunen, og det blir difor gitt redusert gebyr.

Liste over småhusarkitektar kan du finne her.

Kvifor bruke arkitekt?

Kven kan kalle seg arkitekt?

Aktuelt regelverk

Plan- og bygningslova

Forskrift om byggesak (byggesaksforskriften, SAK 10)

Forskrift om teknisk krav til byggverk (byggteknisk forskrift, TEK 10)

Veiledning til Forskrift om byggesak (byggesaksforskriften)

Veiledning til Forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift)

Veileder Grad av utnytting

Byggesaksblankettar

Byggereglar og rettleiing - Direktoratet for Byggkvalitet