vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Brann og feiing

Det er bålforbod i heile Hallingdal. Det er ikkje lov å gjera opp eld eller nytte engongsgrill ute i naturen. Forbodet gjeld ikkje i område der det er snø. Forbodet vil gjelde fram til det kjem større mengder nedbør.

Hallingdal brann- og redningsteneste iks er eit interkommunalt brannvesen mellom kommunane Gol, Hemsedal og Ål.

Dei har tilhald på Torpomoen, 3579 Torpo.

Naudtelefon 110.

Arbeidsområde:

  • tilsyn ved særskilte brannobjekt
  • kurs,øving- og informasjonsverksemd
  • sakshandsaming
  • tilsyn med fyringsanlegg
  • feiing av piper 

 

Feiegebyr

Ny forskrift om brannforebygging gjeldande frå 01.01.2016

Den nye forskrifta  om brannforebyggjing stiller krav om fleire brannvarslera  i huset ditt enn før. I tillegg kan det hende pipa di skal feieast  oftare enn du trur.
Den nye forskrifta som tredde i kraft 1. januar krev  at du har minst ein  røykvarslar i kvar etasje.
Antall røykvarslera  du må ha etter den  nye forskrifta  vert avgjort  av inndelinga av bustaden  i soner, etasjar, tekniske rom og antall soverom.
Har du flere etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i en del av huset, våtrom i en annan del, kan det være at du må ha enda  fleire varslera for å tilfredsstilla  kravet i den nye forskrifta  om brannforebyggjing.
Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslere i bustaden.

No skal også hytta feiast regelmessig

Den største forskjellen er at den nye forskrifta for brannforebyggjande arbeid også gjeldt fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.

Det er heller ikkje slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiervesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.

Behovet i enkelte bustader vil væra mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområder er husa eldre, pipeløp dårligare og behovet for hyppigare feiing er til stades.

Kostnadene for eigara av hus eller fritidsbustader vil variera etter kor ofte brannvesenet meinar pipa di skal feiast.

Meldeplikt til brannvesenet

Husk og at du har meldeplikt til ditt lokale brannvesen dersom du byggjer ny ildstad, byter omn, eller endrar vesentlege forhold ved fyringssystemet ditt. Som for eksempel at du har oppdaga at muren til pipa di blir varmare enn før.

 

Sjekkliste for røykvarslare

1. Monter røykvarslarar i alle opphaldsrom. (Det anbefalas at du monterer røykvarslarar i alle opphaldsrom og alle soverom).

2. Plasser røykvarslarane midt i taket. Røyk stig opp til taket. Korrekt plassering av røykvarslar er derfor i midten av taket. Lova seier at den skal plasseras i taket, minimum ½ meter frå veggen.

3. Kjøp ein optisk røykvarslar. Ein optisk røykvarslar reagerer mye tidlegere enn en ionisk røykvarslar ved ulmebrann, og berre kort tid etter ionisk på ein flammebrann.

4. Røykvarslaren skal kunne høyras frå alle rom. Få ein person i familien til å trykke på røykvarslarnes testknapp medan du går frå rom til rom. Ein godkjend røykvarslar skal gi 60 dB, dette lydnivået kan samanliknas med å stå ein meter unna ein støvsugar.

5. Seriekople røykvarslarane. Har heimen din fleire etasjar? Då bør du seriekople alle røykvarslarane slik at dei gir alarm samstundes, uansett kva slags røykvarslar som har utløyst alarmen.

6. Test røykvarslarens batteri og elektronikk. Du bør jamleg teste at batteri og elektronikk fungerer som det skal. Har du vore bortreist i meir enn 14 dagar, anbefaler vi at du sjekkar røykvarslarane når du kjem heim.

7. Test røykvarslarens detektor. Du bør jamleg teste at røykvarslarane reagerer på røyk ved å tenne en spesialfyrstikk.

Aktuelle linkar

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Gol kommune