vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Farleg avfall

Kommunen skal sørgje for at det finst mottak for farleg avfall frå hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller skade på menneske og dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (finst eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Asbesthaldige materiale
  • PCB-haldige isolerglasruter (finst eiga returordning )
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (finst eiga returordning)

Når du leverer farleg avfall, så sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet.

Kommunen si plikt avgrensar seg til å motta inntil 400 kg farleg avfall per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å motta inntil 500 kg PCB-haldige isolerglasruter per år per avfallseigar.

 

Hallingdal renovasjon IKS utfører tenesta på vegne av Gol kommune. 

Dette er ei lovpålagd teneste. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.

Avfallsforskriften kap. 11 (Farleg avfall)

 

Farleg avfall kan leverast lokalt mottak på Gol i Klemmavegen eller til behandlingsanlegget i Kleivi i Ål.

Pris:
For hushhald er det gratis å levere farleg avfall sidan kostnader knytta til dette skal dekkjast over renovasjonsavgifta. Verksemder må betale gebyr ved levering av avfallet