vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Byggavfall

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld også tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda av byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning. Kommunen skal godkjenne avfallsplanen før det blir gitt igangsetjingsløyve etter plan- og bygningslova. Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.

.

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

  • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter

 

Det blir tilrådd å nytte ein mal som Statens forureiningstilsyn har utarbeidd for avfallsplan og sluttrapport. I samband med rehabilitering og riving skal det også lagast ei eiga utgreiing om miljøsanering for farleg avfall.

I avfallsplanen gir du:

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

 

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vere:

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass).

 

Klage

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.