vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Brenning og ulovleg deponering av avfall

Brenning av avfall

Kommunane i Hallingdal har i fellesskap utarbeida ein lik lokal forskrift for opne brenning av avfall og brenning av småomnar. Denne tek for seg kva som er lov å brenne og kva som ikkje er lov. Lov om forureining og delegeringsbrev frå Miljøverndepartementet gjev kommunane moglegheit til å lage ei slik forskrift.

Det er kommunen som kan tillate kva som kan brennast, soframt ein ikkje har løyve frå Fylkesmannen eller SFT. Brannvesenet skal varslast der brenning kan vere risikofylt eller på tider av året det må gjevast dispensasjon frå brannsjefen.

Det er generelt bålforbod i skogmark eller i nærleiken til skogmark i perioda 15.04 til 15.09.

Ulovleg deponering av avfall

Kommunen vil gjerne ha beskjed om ulovleg dumping eller deponering av avfall.

I samsvar med forurensingslova § 28 (forbod mot forsøpling) skal ingen tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet. Bestemminga gjeld også skipsvrak, flyvrak og andre liknande større gjenstandar.

Kommunen sakshandsamar desse sakene etter Miljødirektoratet sin veileder 1713/2000 - "Forsøpling og avfallsopprydding - Veileidning til kommunane". Dette inneber følgjande:

Ulovlig forsøpling avdekkast ved at kommunen mottar opplysningar om forsøpling av den ansvarlige eller av andre - eller at kommunen sjølv gjør ein observasjon eller kartlegging

Kommunen drar på befaring til området, i.h.t. forureiningslovens §50 for å avklare omfang og type forsøpling, kven som er ansvarlig osb.
Dersom hendstilling ikkje fører frem gis det et grunna pålegg med frist for gjennomføring. Det leggast vekt på sakens omfang, fare for forureining, sjenanse, kostnad og fare for ytterligare forsøpling.

Det settast ein ny frist for gjennomføring

Dersom pålegg ikkje følgjes opp har kommunen tre muligheiter;
a) ilegga et forureiningsgebyr som skal være så stort at det ikkje løner seg å fortsette det ulovlige forholdet,
b) kommunen ryddar opp på forureinar rekning,
c) forholdet anmeldes til politiet og forureinar får ei bot