vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Avfall og gjennvinning

Avfallsplan 2015 - 2019

Revidert Forskrift for avfallsbehandling for Gol kommune

Revidert forskrift for avfallsbehandling for Gol kommune ble vedtatt i Gol kommunestyre 13.06.2017 i sak 36/17.

Informasjon om kommunal renovasjon

Kommunen sørgjer for innsamling av avfall frå hushald ("tvungen renovasjon"). Som hushaldsavfall reknar ein avfall frå private hushald, også større gjenstandar slik som inventar.

Det finnes to forskjellige abonnement for bustader i tillegg til abonnement for hytte og støl.

Dei som bur slik at det er mogleg har dunkar som nyttast til restavfall, glas- og metallemballasje og papir- og papp i tillegg til plastsekkar som skal nyttast til plastemballasje. Sjå meire om korleis sortere på sortere.no

Dunkane skal ikkje stå meir enn 5 meter frå vegen der renovasjonsbilen køyrer. Står dei lenger unna vert dei ikkje tømt.

Har du fleire abonnement eller ønskjer å dele dunkar med f.eks. naboen, ta kontakt med Hallingdal renovasjon så ordnar dei det.

Abonnentar som har dunkerenovasjon kan ikkje nytte containerane som er satt ut. Desse er berre for bustader med bringeordning i tillegg for dei som har hytter og støler i Gol kommune.

Farleg avfall skal ikkje blandast med vanleg hushaldsavfall, men leverast på eige mottak. Det finst også eigne returordningar for bestemte typar avfall.

Renovasjon er ei lovpålagd teneste jf. Forurensningslova § 30. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som gjer greie for ordninga, og rettar og plikter for kommunen, abonnenten og renovatøren.

Gol kommune er med i interkommunal ordning gjennom Hallingdal Renovasjon iks. Hallingdal Renovasjon iks har ansvar for innsamling, transport og behandling av avfallet.
Nye abonnentar kan bestille avfallsdunkar hjå Hallingdal Renovasjon.

Du kan følgje med på heimesida og på Facebook til Hallingdal Renovasjon for å halda deg oppdatert.

Manglande henting av avfallet

Viss avfallsbeholderene ikkje vert tømt, må du gi melding til Hallingdal Renovasjon.

Tømmekalender

Tømmekalender
Dersom du ikkje får tømmekalender i posten, kan du få ved å henvenda deg til tenestetorget.

Renovasjonsgebyr

Opningstider avfallsmottak Klemmavegen

Lokalt mottak i Klemmavegen 35 i Gol (heilt i enden av vegen)

Opningstider:

  • Måndagar kl. 10-19 (frå og med april til og med oktober)
  • Onsdagar kl. 12-19 (10-19 frå og med april til og med oktober)
  • Laurdagar kl. 10-14

Kart Klemmavegen 35


Regionalt mottak i Kleivi

  • Måndagar, onsdagar, torsdagar og fredagar kl. 07-15
  • Tysdagar kl. 07-19
  • Laurdagar kl. 10-14

Kart Kleivi

 

For privatpersonar som betaler renovasjonsgebyr er det gratis å levere på avfallsmottakene. Det forutset at avfallet vert levert med personbil med eller utan tilhengar, og at avfallet sorterast ved levering. Er det næringsavfall må du ta kontakt med personalet for prisar.

Meir informasjon om avfallshandtering og renovasjonsordninga finn du på Hallingdal Renovasjon tlf 32 08 61 10

Kvist og hageavfall

Hallingdal renovasjon sitt mottak for kvist og hageavfall er primært eit tilbod til private abonnentar.

Kvist og hageavfall kvernas og brukas som stukturmateriale i prosessen med kompostering av slam. Det er viktig at det ikkje medfølgjer stein, metall eller anna avfall som kan skade kverneutstyret.

For næringsdrivande tek dei imot kvist og hageavfall så langt dei har behov. Næringsdrivande kan ikkje levere til lokale avfallsmottak i kommunane, da kapasiteten der berre er tilpassa private abonnentar, dei kan berre levere til Hagaskogen komposteringsanlegg på Torpo i Ål kommune. Slike leveransar må avtalast på forhand.

Retningsliner for fritak 

Spørsmål om gebyr for tenesta og søknader om fritak skal rettast til Gol kommune.

Felles retningsliner for fritak frå renovasjon i Hallingdal og Krødsherad vart vedteke i Utval for Natur og Næring 7.11.2013. Retningslinene er i samsvar med Forskrift for avfallsbehandling som vart vedteken i Gol kommunestyre 13.06.2017 i sak 36/17.

Heimel om fritak ligg i § 4 andre ledd i forskrifta jf. Forureiningslova § 30.

 

  • Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg dokumentert 
  • Kommunen kan krevje fotodokumentasjon der den finn det tenleg 
  • Dispensasjon kan berre bli gjevne for særskilte eigedommar 

Søknadsskjema

Vedtak fatta etter desse retningslinene er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklagast i henhald til klagereglane i forvaltningslova.

 

Heimekompostering

For husstandar som heimekomposterer alt matavfall/ organisk materiale vert det gitt ein reduksjon i avfallsgebyret under fylgjande forutsetningar:

  • Minst ein person i husstanden skal ha gjennomgått komposteringskurs i regi av Hallingdal Renovasjon IKS 
  • Det skal nyttast ein isolert og lukka type kompostbinge som er godkjent av Hallingdal Renovasjon IKS. 
  • Det skal opprettast skriftleg avtale med kommunen der ein forpliktar seg til å kompostere alt matavfall/ organisk avfall heile året, og kommunen skal ha tilgang til å ta stikkprøver. 
  • Den enkelte må sjølv ta kontakt med kommunen for å iverksetje ordninga.

 

Håndbok i heimekompostering 

Neste heimekomposteringskurs: Ikkje planlagt

Brenning av avfall

Det er kommunen som kan tillate kva som kan brennast, soframt ein ikkje har løyve frå Fylkesmannen eller SFT. Brannvesenet skal varslast der brenning kan vere risikofylt eller på tider av året det må gjevast dispensasjon frå brannsjefen.

Det er generelt bålforbod i skogmark eller i nærleiken til skogmark i perioda 15.04 til 15.09.

Ulovleg deponering av avfall

Kommunen vil gjerne ha beskjed om ulovleg dumping eller deponering av avfall.

I samsvar med forurensingslova § 28 (forbod mot forsøpling) skal ingen tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet. Bestemminga gjeld også skipsvrak, flyvrak og andre liknande større gjenstandar.

Kommunen sakshandsamar desse sakene etter Miljødirektoratet sin veileder 1713/2000 - "Forsøpling og avfallsopprydding - Veileidning til kommunane". Dette inneber følgjande:

Ulovlig forsøpling avdekkast ved at kommunen mottar opplysningar om forsøpling av den ansvarlige eller av andre - eller at kommunen sjølv gjør ein observasjon eller kartlegging 
Kommunen drar på befaring til området, i.h.t. forureiningslovens §50 for å avklare omfang og type forsøpling, kven som er ansvarlig osb. Dersom hendstilling ikkje fører frem gis det et grunna pålegg med frist for gjennomføring. Det leggast vekt på sakens omfang, fare for forureining, sjenanse, kostnad og fare for ytterligare forsøpling.
Det settast ein ny frist for gjennomføring 
Dersom pålegg ikkje følgjes opp har kommunen tre muligheiter; a) ilegga et forureiningsgebyr som skal være så stort at det ikkje løner seg å fortsette det ulovlige forholdet, b) kommunen ryddar opp på forureinar rekning, c) forholdet anmeldes til politiet og forureinar får ei bot.

Farleg avfall

Farleg avfall kan leverast lokalt mottak på Gol i Klemmavegen eller til behandlingsanlegget i Kleivi i Ål.

Når du leverer farleg avfall, så sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (finst eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Asbesthaldige materiale
  • PCB-haldige isolerglasruter (finst eiga returordning )
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (finst eiga returordning)

Pris: For hushhald er det gratis å levere farleg avfall sidan kostnader knytta til dette skal dekkjast over renovasjonsavgifta. Verksemder må betale gebyr ved levering av avfallet.

Næringsavfall - Kommunens tilsyn med besittere av næringsavfall

11. april 2003 vedtok Stortinget å endre definisjonane av avfall i lov om forureiningar og om avfall av 13. mars 1981 (forureiningsloven) frå kategoriane forbruks- og produksjonsavfall til kategoriane nærings- og husholdningsavfall. Endringane trådde i kraft 1. juli 2004.

Som ein følgje av dette ble kommunanes plikter og ansvar på avfallsfeltet redusert, samtidig som offentlige og private verksemder fikk økt handlefridom.

For å hindre ein eventuell risiko for økt forsøpling som følgje av lovendringa, heiter det i Ot.prp. nr 87 pkt. 2.6.4 at: ”departementet samtidig med at lovendringen trer i kraft, vil delegere myndighet til kommunene til å føre tilsyn med besitter av næringsavfall etter forurensingslovens § 48 mm”. Videre heter det at ”for å sørge for at kommunene ikke påføres økte kostnader som følge av disse oppgavene, anser departementet det som nødvendig å gi kommunene anledning til å kreve utgiftene knyttet til kontrollarbeidet dekket”.

Dette blei fylgt opp gjennom Miljøverndepartementets delegeringsvedtak av 5. desember 2003 nr. 1909, som lyder slik:

"Samtlige av landets kommuner får delegert myndighet etter forurensingslovens § 48 første ledd til å føre tilsyn med at besitter av næringsavfall som ikke i art eller mengde skiller seg vesentlig fra husholdningsavfall, håndterer dette forsvarlig.

Innenfor det saksområdet hvor kommunen har fått myndighet etter forurensingsloven § 48 får den også myndighet til å

  • kreve nødvendige opplysninger av avfallsbesitter etter § 49
  • utføre inspeksjon av eiendom og granske dokumenter og materiell etter § 50
  • fastsette forskrift om gebyr etter § 52a
  • fastsette og frafalle tvangsmulkt etter § 73
  • begjære påtale etter § 78 siste ledd og § 79 siste ledd

På bakgrunn av dette er det nå under utarbeiding ein forskrift om gebyr for tilsyn med besitter av næringsavfall. Frå den dato denne forskrift er gjort gjeldene vil kommunen starte opp et tilsyn med besittere av næringsavfall og krevje gebyr for dette.

 

Om tilsynsordninga

Som grunnlag for arbeidet med å føre tilsyn med bestemmingane i forureiningsloven og forskrift om miljøretta helsevern, kan kommunen utarbeide retningslinjer for kva som er å anse som forsvarlig oppbevaring og handtering av avfall.

Kommunens tilsynsmyndigheit vil bl.a. innebere at kommunen skal påse at verksemda er orientert om kva krav som er retta mot dei, gjennomføre tilsyn med verksemder etter fastsett plan og følgje opp at verksemda retter opp sine avvik etter fastsett tid. I tilfeller kor kommunen påviser avvik frå pliktene etter forskrifta, kan desse krevjast retta etter forskriftas § 6 jf. kommunehelsetenestelovens § 4a-8. Unnlater avfallsbesitter å etterkommer kravet om retting, kan vedkommande ileggast tvangsmulkt.

 

Fastsetting av gebyr

Gebyr etter forskrifta vil være et kontrollgebyr, dvs. eit gebyr som skal dekke utgiftene knytta til arbeidet med å utføre kontroll, ikkje et straffegebyr med formål å avbøte påvist mislighald. Kommunen kan ikkje pålegge kontrollobjektet å betale kontrollgebyr utan at dette er fastsett i ein kommunal forskrift.

Gjenstand for betaling av gebyr fastsett etter forskrift med heimel i § 52 a vil være den enkelte som faktisk blir kontrollert. Det vil såleis ikkje være høve for kommunen til å krevje et generelt gebyr av einkvar som er i besittelse av næringsavfall uavhengig av kontrollvirksomheten. Satsen på gebyret skal settes slik at gebyra samla ikkje overstiger kommunens kostnader ved kontrollordninga jf. forureiningslovens § 52 a første ledd første punktum.

Forskrift om innkrevjing av gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall vedteke 28.06.2005 i sak K 038/05. 

Aktuelle linkar

Forskrift om gjennvinning og behandling av avfall

Avfall Norge

Miljøstatus -  avfall

Sortere.no