vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Adressering

Adressering

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Sigrid Breivik

Tittel: Teknikar

Telefon: 32 02 90 65

I media har det dei seinare åra vore fleire oppslag om ambulansepersonell som har vanskar med å finne fram, noko som kan gå på liv og helse laus. Det same gjeld når politi og brannvesen rykkjer ut. For drosjer, ved post- og varelevering og for kvar einskild av oss, betyr det mykje at vi har eit enkelt og lettfatteleg adressesystem.

Statens kartverk har som mål at alle husstandar, hytter og bedrifter (brukseiningar) i landet skal vera adressert med vegnamn og husnummer innan utgangen av 2014. I Gol kommune har ca. 46 % av brukseiningane vegadresser ved utgangen av august 2014. Grunneigarane får tilsendt kart og informasjon om kva husnummer dei er tildelt, og har 3 vekers uttalefrist. Grunneigarar, og aktuelle lag og lokale organisasjonar, vil bli invitert til å koma med forslag til namn på dei vegane som ikkje har fått noko formelt namn enno.

Innbyggarane i Gol kommune er velkomne til å engasjere seg i prosessen; vi tek imot innspel og forslag til vegnamn undervegs. Utval for Kultur og levekår er vårt organ som fattar vedtak om namn, Utbyggingsavdelinga er dei som set vedtaket ut i «livet» ved å gjennomføre omadressering og varsling. Vi håpar at de ser kor viktig dette arbeidet er, og – aller viktigast – at de lærer dykk og brukar den nye adressa de får tildelt.

Her finn du ei alfabetisk liste over dei vegnamna vi allereie har i Gol kommune per september 2017.

Medan du ventar på å få tildelt adresse, kan du skrive ut ein nødplakat (sjå under) slik at utrykkingskøyretøy kan finne fram.

http://kartverket.no/kart/nodplakat/

Vedtak i namnesak 2016-2 - Nedrebekken med fleire

Kartverket har i brev datert 07.11.2017, journalført i Gol kommune 21.11.2017, gjort vedtak i namnesak 2016-2. Namnesaka vart varsla ved brev frå Kartverket datert 17.02.2016, og høyring kunngjort av Gol kommune i Hallingdølen laurdag 27.02.2016. Partane i namneska vart varsla ved brev datert 10.03.2016.

Vedtak

Med heimel i lov om stadnamn § 5 tredje ledd vedtok Kartverket Oslo 16.10.2017 at namna skal skrivast slik det går fram av det vedlagde namnesaksskjemaet. Grunngjevinga går fram av kolonnen

Merknader/grunngjeving i skjemaet.

Me har òg lagt ved tilrådinga frå Stadnamntenesta, der det går fram meir informasjon om skrifttradisjon og uttale for namna i saka. Kartverket har fylgt tilrådinga deira i dei fleste namn, men ikkje i alle.

Kartverket gjer vedtak om e-ending i bunden form av sterke hokjønnsord for alle namn som var involverte i saka med e-ending i det lokale talemålet. Dette vart gjort i tråd med lokale ynske og punkt 3.1.b.ii i rettleiinga til forskrift om skrivemåten av stadnamn:

Sterke hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a. Når dialekten har endinga -i eller -ei, brukar ein -i. Når dialekten har endinga -e brukar ein -e.

Eigarar og festarar som har eigedom som får endra skrivemåte for bruksnamnet på eigedomen, vert varsla om vedtaket ved eiget brev, og har klagerett etter § 10 i lov om stadnamn. Ei eventuell klage skal rettast til Kartverket, postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss, og vera sendt innan 18.12.2017.

Ny namnesak frå Kartverket 2017-393 - Kvanhøgd og Møni

Stadnamntenesta hos Kartverket har i brev datert 12.10.2017 reist namnesak for namna Kvanhøgd og Møni, forå avklare og gjere vedtak når det gjeld skrivemåten for namna. Lokal høyring vert varsla ved annonse i Hallingdølen 21.10.2017, og ved brev til partar i saka datert 19.10.2017. Det er satt frist til torsdag 30.november for å koma med uttale til dei omtaal bruksnaman for eiegdomane. Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn, og for naturnamn.  

 

Namnesak frå Kartverket - 2017/296 - Brøto, Bråto, Bråten og Frøysok

I samband med adressering i Gol kommune har Stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka reist namnesak på nokre namn for å få avklart rett skrivemåte i offentleg bruk, jf. brev frå Språkrådet datert 15.08.2016.

Kartverket sender med dette saka ut på lokal høyring i kommunen, jf. § 5 i lov om stadnamn. Høyringsbrevet frå Kartverket - datert 12.09.2017. Høyringa vart annonsert i Hallingdølen laurdag 16.september 2017. Det var gitt frist til 28.10.2017 med å gi uttale, i skriftleg form og sendt til Gol kommune.

Nye namneforslag for vegar til høyring - september 2017

Utbyggingsavdelinga har fått inn forslag til namn på vegar i Oset stølslag, planområdet Petterbråten II (nytt bustadområde), Golbergsgutu b5 (nytt bustadområde), Gol skipark og nordaustre del av Tretteskogane.

Uttale skal sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan 15.10.2017.

  • Oset stølslag - kart og liste
  • Petterbråten II - kart og liste - brev 03.05.2017 med forslag frå Gol historielag - vedtak i UKL 22.11.2017, sak 064-17
  • Golbergsgutu b5 - kart og liste
  • Gol skipark - kart og liste
  • del av Tretteskogane - kart og liste