vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ny skule på Hallingmo

Svøovegen 62, 3550 Gol

Visjon

"Hallingmo viser veg til kunnskap, idrett, kultur og friskliv i nyskapande og berekraftige omgjevnader i hjarta av Hallingdal"

Hallingmo forprosjektet

Jury og juryrapport

Juryen besto av:

Hallvor Lilleslett, ordførar (leiar)
Hege Mørk, Rådmann
Atle Magne Strandos
Ingebjørg By Teiegn                                                                                                                                             
Astrid Myro Rust 
Liv Rosen 
Sigvart Flåm 
Trude Ellingsen, sivilarkitekt, oppnevnt av NAL
Christopher Adams, sivilarkitekt, oppnevnt av NAL
Frøy Walberg Sandness, landskapsarkitekt, oppnevnt av NLA

Etter ei samla og tverrfagleg vurdering hadde vinnaren levert det forslaget som i sum best i varetok kriteria fastsett i konkurransegrunnlaget

Juryrapport

Juryen si avgjersle og rapport var presentert i kommunestyret 20. august 2013, og i ope folkemøte 21. august 2013.

Fasader

Landskapsplan

Heile pressemeldinga kan du lesa her

Ny skule på Hallingmo

I K-sak 25/07 vart det gjort vedtak som medførte at planlegginga av Hallingmo-området også måtte vurdere bygging av ny skule i Gol. Før det var mogleg å sjå på sambruk og andre rasjonaliserings-/effektiviseringstiltak, måtte kommunen gjera vedtak om kva slags skule som eventuelt skulle  byggjast, fordi dette ville få konsekvensar for det øvrige arbeidet i og framdrifta av Hallingmoprosjektet, og før det var avklara kva for modell grunnskulen i Gol skulle ha i framtida, kom ikkje planlegginga av Hallingmo vidare.

Vedtaket  K-sak 86/08 stadfesta at om det skulle byggjast ny skule i Gol, skulle det vera ein 1.-10.-skule som skulle plasserast på Hallingmo. Det skulle utarbeidast pedagogiske prinsipp som grunnlag for vidare planlegging, blant anna romprogram. Ei breitt samansett gruppe med representantar frå politikarar, skuleleiarar, foreldre, dagleg leiar av Gol Byggdrift KF og fagorganisasjonane (Utdanningsforbundet) utarbeidde ein omfattande rapport som var til politisk  behandling i oktober 2009. Vedtak i K-sak 50/09 slår fast at rapporten, Ny skule i Gol. Rapport med forprosjekt. Grunnlagsdokument september 2009, skal  danne grunnlag for vidare arbeid med ny skule i Gol. 

Plan- og designkonkurransen for området våren 2010 plasserte skulen på Hallingmo, K-sak 16/11. Sjå vinnarutkastet herLes juryrapporten her.

Rådmannen fekk i oppdrag å opprette ei administrativ gruppe (AG I) som skulle drive arbeidet vidare med formannskapet som styringsgruppe, K-sak 29/11. Den administrative gruppa (AG I) starta arbeidet sitt i april 2012. Gabriel Johannessen vart engasjert som prosjektleiar. Undervegs i arbeidet vart det gjort grundige vurderingar og utgreiingar knytta til alternative mulegheiter for omdisponering, ombygging og gjenbruk av eksisterande areal og bygg. Steg 1 vart ny skule med dei funksjonane som høyrer til, blant anna areal til faget kroppsøving.

Framdriftsplan for Hallingmo steg 1 vart vedteken i kommunestyret i K-sak 12/13. I same sak vart jury for arkitektkonkurransen oppnemnd.

Etter prekvalifisering av arkitektar, der 26 arkitektfirma leverte søknad om å bli prekvalifisert, vart arkitektkonkurransen utlyst i april 2013.  Fem prekvalifiserte arkitektfirma leverte sine bidrag innan fristen 01.07.13, og arkitektfirmaet Vis-A-Vis frå Trondheim vann konkurransen med forslaget «Hjarterom og opne armar». Juryrapporten vart politisk behandla i kommunestyret, K-sak 28/13. Arkitektane var til stades og presenterte forslaget sitt i møtet.

Dagen etter presenterte dei forslaget på folkemøte.

I K-sak 28/13  vart det vedteke å starte arbeidet med prosjektering av ny skule. Idrettshallen vart trekt ut av skuleprosjektet og overført til styringsgruppa for utgreiing og utarbeiding av finansieringsmodell i samsvar med vedtak i K-sak 85/12.

AG I har så langt fullført arbeidet sitt, men kan, dersom det er behov for det, kallast saman for nye oppdrag.

Leiar av Gol Byggdrift KF, Sigvart Flåm, er beden om å fungere som prosjekteringsansvarleg for det vidare arbeidet med ny skule.  

Det er oppretta ei prosjektgruppe for prosjektering og bygging av den nye skulen:

Sigvart Flåm - leiar, Gabriel Johannessen - sekretær, Astrid Myro Rust – skulefagleg kompetanse, Lars Brattested – verneombod. Når det er engasjert byggjeleiar, vil denne tiltre gruppa. Når endeleg vedtak om bygging er gjort, vil det bli tilsett rektor som også skal vera med i prosjektgruppa. 

Det er oppnemnd ei referansegruppe som skal gje innspel til prosjektgruppa. Referansegruppa består av rektor Ingebjørg By Teigen (leiar), kulturleiar Gunhild Gåsvik, representant for foreldra Tina Eidsgaard (FAU Herad skule), representant for tilsette Camilla Larsen Hoftun, ungdomsrepresentant Tonje Lauvdokken Hagen (Gol ungdomsråd). Referansegruppa knyttar til seg ressurspersonar etter behov.

Arkitektfirmaet Vis-A-Vis ved Jan Vidar Monsen har fått i oppdrag å vera prosjektleiar og bistå prosjektgruppa blant anna med å etablere ei rådgjevande gruppe i prosjekteringsarbeidet.

Planteikningar

Plan underetasje.
Plan 1. etasje.

Plan 2. etasje.

Referat frå møte i styringsgruppa

Møte 11.06.2015

Møte 05.11.2015

Møte 14.04.2016

Bileter