vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Læringssenteret Gol

Læringssenteret flyttar til Gol skule sine gamle lokale til skulestart i august 2016.

Læringssenteret Gol tilbyr undervisning for vaksne.

Læringssenteret Gol gir tilbod om kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal og for bebuarar i mottaka i Nes og Hemsedal. Vi har også eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning. Læringssenteret Gol har høgt kvalifiserte lærarar med lang erfaring på alle områder, og vi bruker IKT breitt i undervisninga.

Skuleruta for Læringssenteret 2017/2018

 

Elevgrunnlaget på Læringssenteret

  • Innvandrarar med rett og/eller plikt til norskopplæring (inklusive familiegjenforeinte)
  • Andre vaksne framandspråklege som ynskjer norskopplæring (arbeidsinnvandrarar)
  • Asylsøkjarar
  • Alle vaksne (over 25 år) med rett til opplæring på grunnskulens område, inklusive opplæring i grunnleggjande  ferdigheiter, og rett til realkompetansevurdering.
  • Vaksne med rett til spesialundervisning
  • Innvandrarar som ynskjer opplæring i norsk på høgare nivå
Søknadar

Søknad om opplæring i grunnleggende ferdigheiter (§4A-1) eller spesialundervisning (§4A-2) (word)

Søknad om opplæring i grunnleggande ferdigheiter (§4A-1) eller spesialundervisning (§4A-2) (pdf)

Søknad om norskopplæring (for søkjar med rett) word

Søknad om norskopplæring (for søkjar med rett) pdf

Søknad om norskopplæring (for søkjar utan rett) word

Søknad om norskopplæring (for søkjar utan rett) pdf

Søknad om grunnskule og /eller realkompetansevurdering


Personar som ynskjer opplæring ved Læringssenteret Gol sine kurs må ha opphaldsløyve eller arbeidsløyve ut over 6 månader. Dette skal dokumenterast ved å legge fram passet

Grunnskule for vaksne

Læringssenteret Gol organiserer grunnskuleopplæring for alle vaksne som er busett i Hallingdal.

Alle dei 6 kommunane i Hallingdal har ei samarbeidsavtale om dette tilbodet. Alle som søkjer, sender søknaden til Læringssenteret Gol som handsamar alle søknader. Same søknad brukast også om du søkjer om realkompetansevurdering. Etter at vi har motteke søknaden, blir du kalla inn til ei samtale der vi vurderer om du er kandidat for grunnskulopplæring eller realkompetansevurdering.

Det ordinære tilbodet er eit fulltidstilbod som strekkjer seg over 2 år. For framandspråklege som har svake forkunnskaper, gjer vi vedtak om eit 3-årig løp, dvs at dei går i ei innføringsgruppe det fyrste året. Da får dei ekstra opplæring i norsk og grunnleggjande kunnskap i dei andre faga. Alle søkjarar blir innkalla til ei samtale og ei testing i alle fag. Om du har mange år med grunnskule frå heimlandet, god allmennkunnskap og god kunnskap i norsk og engelsk, kan det vurderast om du kan gå rett inn på det 2. året i grunnskuleløpet.

I særskilte høve blir det vurdert om søkjarar treng eit forkurs i grunnleggjande ferdigheiter: lese, skrive, rekne, uttrykkje seg munnleg og digitale ferdigheiter. Dette er ferdigheiter du treng for å kunne fylgje det ordinære opplæringsløpet.

Tilbodet dekker dei 5 obligatoriske faga som du må ha for å kunne søkje vidaregåande opplæring. Det er norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Du blir vurdert og får karakter, og du kan gå opp til eksamen. Du kan søkje om å delta på eitt eller fleire av faga. Du treng ikkje å gå opp til eksamen dersom du ikkje skal søkje vidaregåande opplæring. Du kan også søkje om å delta utan karakter. Opplæringa fylgjer dei ordinære læreplanane for grunnskulen i kunnskapsløftet. Vi arbeider mot læremåla for 10.klassetrinn, dei same som på ungdomsskulen.

Tilbodet rettar seg mot:
  • Alle vaksne som ikkje har fullført grunnskule, eller som ikkje har karakter i alle fag som treng betre karakterar.
  • Framandspråklege som ikkje har grunnskule frå heimlandet (eller berre nokre år), eller som har dokumentasjon på grunnskule.
  • Alle vaksne som treng lyfte sin basiskunnskap i eit eller fleire fag. Kanskje du manglar eit fag, t.d. engelsk, fordi det ikkje var tilbod om engelsk då du var ung.
  • Vaksne som rett og slett har lyst til å lære meir.

Dersom du ynskjer vidaregåande opplæring, men er usikker på din kompetanse i grunnskulefaga, kan Læringssenteret gjennomføre ei realkompetansevurdering.

I det ordinære løpet går undervisninga alle 5 dagane frå kl.08.30, bortsett frå torsdag. Då sluttar undervisninga kl.11.45. Dei andre dagane er det lang pause frå kl.11.45 til 12.30. Normalt har vi samanhengande økter i fag fram til langpausa, med eit avbrekk frå kl.10.00 til 10.15. Øktene etter langpausen er meir oppdelt og inneheld m.a. fysisk trening og studietid.

Undervisninga er gratis

Læreplan for grunnskuleopplæringa

Det standariserte grunnskuleløpet over 2 år fylgjer ordinære læreplanar for fag i kunnskapsløftet.

Elevane arbeider med læreplanmåla for 10. klassetrinn. Opplæringslova seier at retten til tilpassa opplæring også gjeld vaksne. I praksis vil det seie at einskilde elevar startar med materiell og oppgåver frå 5. - 7. trinn.

Læreplanar

Udir.no

 

Vårt 2-årige løp er eit krevjande løp om du deltek i alle fag. Det krev mykje arbeid, og du bør vere til stades alle timane. Opplæringa fører fram mot eksamen på slutten av 2dre året. Det er alltid ein skriftleg eksamen (norsk, engelsk eller matematikk) og ein munnleg eksamen (i eit av dei fem faga).

Undervegs i løpet har lærarane samtaler med elevane om framdrift og læringsutbytte. Elevane deltek i vurderinga av framdrift og eigen læring. Grunnlaget for vurdering og karakterar er kor mykje og korleis du deltek i undervisninga.

Læreplan i norsk med samfunnskunnskap

Alle kursa i norsk fylgjer ny læreplan i norsk og samfunnskunnskap.

Den kom i ny utgåve i 2012. Den presiserar at deltakarar med rett og plikt til opplæring i inntil 2400 (2700 for dei som fekk opphaldsløyve før 1.1.2012) timar. Kommunen skal gjera det mogleg for deltakarane å få opplæring opp til nivå B1 innanfor den totale ramma på 3000 timar.

Den nye utgåva legg sterkare vekt på grunnleggande lese- og skriveopplæring og arbeidsretta norskopplæring. Den inneheld også mål for digital kompetanse.
 
Planen har 2 delar:

  • Læreplan for 50 timar samfunnskuunnskap
  • Læreplan i norsk.

Læreplan i norsk er delt inn i spor og nivå. Oppdelinga i ulike spor tek utgangspunkt i deltakaranes bakgrunn og inneber at tempo og progresjon vil være ulik for dei tre spora. Spor 1 er tilrettelagt for deltakarar med liten eller ingen skulegang. Spor 2 er for deltakarar med ein del skulegang og med skriftspråklege ferdigheiter. Spor 3 er for deltakarar med god almennutdanning. Læreplanen beskriv også språkferdigheitene på fire nivå. A1,A2,B1 og B2, samt mål for deltakarar som ikkje har lært å lese og skrive.

Les meir om innhald i læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrere.

Du kan søkje om norskopplæring heile året, men kursa fylgjer skuleåret, skal du være sikra å få plass frå skulestart på hausten, må du søkje seinast 1. juni. Alle søkjarar blir kalla inn til ei kartlegging. Du må gjere nokre oppgåver og ha ei samtale med ein lærar. Denne kartlegginga gir oss dei opplysningane vi treng for å finne kva spor og nivå som passar best til ditt behov.

Alle ordinære kurs startar ved skulestart i august, og hausten 2014 vil det starte ca. 9 ulike grupper som er organisert etter spor og nivå. Søkjarar som kjem seinare kan også søkje om plass og dersom søkjarens nivå passer til ei gruppe, kan han/hun starte. Alle deltakarar må dokumentere opphaldsgrunnlaget sitt ved og legge fram opphaldsløyve som er limt inn passet.

Les meir om kven som har rett og plikt til norskopplæring

Alle våre kurs går på dagtid. Berre vårt spesielle tilbod for søkjarar på høgt nivå går på kveldstid i mindre omfang.

Ved årsskifte har deltakarane kome ulikt langt i si opplæring, og då reorganiserer vi gruppene. Ein deltakar kan også bli flytta til ei anna gruppe i løpet av hausten eller våren dersom vi ser det vil være betre for deltakaren. Ved årsskifte prøver vi også å starte opp ei ny gruppe slik at nybegynnarar ikkje treng vente heilt til neste haust.

Les meir om folkeuniversitet sine kveldskurs

Norsk for asylsøkjarar

Læringssenteret Gol organiserer norsk med samfunnskunnskap for asylsøkjarar

Formålet med opplæringa er å gi asylsøkjarane basisferdigheiter i norsk slik at dei kan kommunisere på norsk i mottaket og lokalmiljøet. Det er ikkje noko i vegen for at asylsøkjarar går opp til norskprøve 2 eller 3 dersom dei har lært nok norsk.

Målgruppa er asylsøkjarar over 16 år som bur i ordinære mottak. Asylsøkjarar som har fått avslag frå utlendingsnemda eller utdanningsdirektoratet, er ikkje i målgruppa. Personar som har fått opphalds- eller arbeidsløyve, vil være omfatta av rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, og dei trer ut av målgruppa. Men dei kan likevel halde fram med norskopplæring til dei flytter.

Asylsøkjarar kan få inntil 175 timar opplæring i norsk, men dei har ingen lovfesta rett og plikt. Opplæringa skal følge same læreplan som for dei busette. Asylsøkjarar som får opplæring ved Læringssenteret Gol vaksenopplæring mottar 8 timar norskopplæring pr. veke.

Norsk med samfunnskunnskap

Opplæringa i norsk med samfunnskunnskap er heimla i

Lov om introduksjonsordning. Lova seier at alle innvandrarar som ynskjer permanent busetting/statsborgarskap i Norge må ha gjennomført minimum 300 eller 600 timar norsk med samfunnskunnskap. 300 timar gjeld for dei som kom til landet før 1.1.2012. Du kan også dokumentere norskkunnskapen din med bestått norskprøve. Av dei 600 timane skal det være 50 timar i samfunnskunnskap. Kommunen har også plikt til å gi opplæring i inntil 2400 timar slik at deltakarane når det nivået som er satt som mål i deira induviduelle planar.

Norsk med samfunnskunnskap har eigen læreplan, og deltakarene blir delt inn i grupper etter nivå og spor (læringshastighet). Målet for opplæring er å bestå norskprøve 2 (A2) eller norskprøve 3 (B1). Frå våren 2014 er Norskprøvene digitale (lytte, lese og skrive), dvs at dei må gjennomførast på datamaskin. Alle grupper tek eksempeltestar for å sjå om dei er klare til å gå til norskprøva.

Frå 1. september 2013 er det obligatorisk å gå opp til norskprøve 2 eller 3, og til prøve i samfunnskunnskap. Det gjeld for alle med rett og plikt; eller plikt; til opplæring. Prøva i samfunnskunnskap skal være digital, og den er oversett til mange språk. Ein treng ikkje å bestå prøva for å få permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap.

Læringssneteret Gol organiserer norskopplæring for alle framandspråklege i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal. Vi har for tida ca 11-12 grupper, men talet kan variere. Normalt har vi 4 grupper for år 1-elevar,og 4 grupper fpr år 2-elevar, men fordelinga kan variere frå år til år. Vi har også 1-2 grupper for bebuarar i mottak, og vi har ei gruppe for arbeidsinvandrarar. Dei er betalingselevar. Vi har også nettbasert gruppe for søkjarar på høgt nivå.

Før skulestart i august blir alle søkjarar kartlagt.Vi kartlegger så mange som mulig før sommarfeien, men vi tek imot søknader heile året, og dersom nivået til ein søkjar passer inn i ei gruppe, tek vi han inn. For alle deltakarar med rett og plikt utarbeidast ein individuell plan.

År 1-elevar går 4 dagar i veka, måndag,onsdag, torsdag og fredag. Alle som er i introduksjonsprogram har fullt program alle dagane, frå kl.08.30 til 15.00, bortsett frå torsdag. Då slutter vi kl.11.45. På dei 3 andre dagane har gruppene vanleg timeplan fram til kl.11.45. Frå kl.12.30 er det omgruppering, og gruppene har nye læringsaktiviteter i lesing, skriving, uttale og lydlære, samtale, lytting m.m. Vi har også symjing for damer, fysisk trening for både damer og menn og litt leksehjelp. Totalt blir det 25 timar pr.veke.

År 2-elevar går 3 dagar i veka, måndag,onsdag og fredag, totalt 21 timar pr.veke. Undervisninga er gratis for dei som har rett til slik undervisning.

Opplæring i grunnleggande ferdigheiter

I læreplanverket for grunnskuleopplæring inngår dei fem grunnleggande ferdigheitene som sentrale element.
  • Lese
  • Skrive
  • Regne
  • Yttrykke seg munnleg
  • Bruke digitale verktøy

Dei er eit "uttrykk for samfunnets oppfatning av kva som er viktige redskap for at den enkelte skal kunne klare seg i livet" jfr.opplæringslova. Læringssenteret Gol organiserer slik opplæring. Har du rett til ordinær grunnskuleopplæring i grunnleggande ferdigheiter "innenfor rammen av læreplanane for dei fem dagane som ellers må til for å få vitnemål" jfr.opplæringslova.

Andre kommunar kan kjøpe tenester frå Gol kommune. Alle søkjarar må søke i eigen kommune. Undervisninga er gratis.

Denne opplæringa organiserast som ein-til-ein undervisning eller i smågrupper. Behovet hjå den einskilde blir vurdert, og deltakarane har normalt 2-4 timar pr.veke. Undervisninga er tilpassa behova hjå dei einskilde. Det blir utarbeidd ein enkel individuell plan for den einskilde elev.

Prisar for deltakarar som må betale

For norskopplæring med samfunnskunnskap.

Søkjarar som ikkje har rett til gratis norskopplæring må betale (arbeidsinvandrarar). Vi reknar at det er 16 veker med effektiv undervisning både hausten og våren, og prisen reknast ut etter det.

Hausten 2014 vil betalingselever som er nybegnnarar bli skild ut som ei separat gruppe. Den vil gå 3 dagar pr.veke. Andre nybegynnarkurs går over 4 dagar pr.veke. Vidaregåande kurs går 3 dagar pr.veke.
Frå hausten 2014 er det nye prisar:

Prisar som deltakarane må betale:

Innmeldingsavgift

kr.   750.-

for   testing, kartlegging og administrasjon

Bøker   og materiell

kr.1000.-

 


Semesteravgift:

 4dg pr. veke

kr.50.- pr.time =   kr.12.800.-

3dg pr. veke

kr.50.- pr.time =   kr.9.600.-

For ein deltakar som går 4 dagar pr.veke vil den totale prisen bli kr.14.550.-(256 undervisningstimar). For ein deltakar som går 3 dagar pr.veke vil den totale prisen bli kr. 11.350.- (192 undervisningstimar).

I spesielle høve kan andre prisar avtalast. Normalt sendast det ut 2 fakturaer i løpet av semesteret. Du kan også avtale og dele opp i fleire fakturaer.

For nettbasert kurs i norsk på høgare nivå

Nettkuset har ein pris på kr. 275.- pr. veke. Dette dekkjer din registrering som deltakar på nett, deltaking på kurskveldane og materiell. Om du ikkje deltek på kurskveldane, er det ingen reduksjon i prisen. Ein periode på 6 månader vil koste (ca 19 veker undervisning) kr.5225.-.

Realkompetansevurdering

Har du rett til grunnskule for vaksne, har du også rett til realkompetansevurdering.

Same søknad blir brukt til å søkje om grunnskule og realkompetansevurdering, og bur du i Hallingdal, sender du søknaden til Læringssenteret Gol som handsamar alle søknader. Etter at vi har motteke søknaden, blir du kalla inn til ei samtale der vi vurderer om du er kandidat for realkompetansevurdering eller grunnskuleopplæring.

Kva er realkompetansevurdering? Opplæringsloven slår fast at den vaksne har rett til rådgiving om kva opplæringstilbod som passer best for den einskilde. Realkompetansevurdering blir brukt for å samanlikne den vaksne sin kompetanse med læringsmåla i læreplanen for grunnskulen. Vurderinga vil syne om du treng eller ikkje treng grunnskuleopplæring.

Å bli realkompetansevurdert kan være aktuelt for vaksne fra utlandet som vil ta grunnskuleopplæring, og som ikkje kan dokumentere grunnskuleopplæringa frå heimlandet.

Realkompetansevurdering har som formål å finne ut kva den vaksne kan og å dokumentere dette, uavhengig av kor og korleis den vaksne har fått sin kompetanse. Den vaksne kan få dokumentert sin kompetanse utan og måtte gjennomføre heile grunnskuleopplæringa. Vurderinga fastslår om den vaksne sin kompetanse er likeverdig med den kompetansen som grunnskuleopplæring gir.

Vurderinga gir ein dokumentasjon på kva kompetanse den vaksne har fått godkjent. Dersom kompetansen i eit fag er godkjent, har du ein kompetanse som er lik karakteren 2 eller høgare. Dokumentasjonen er likeverdig med vitnemål på fullført grunnskule, og du kan bruke den om du vil søkje på vidaregåande opplæring.

Realkompetansevurdering er gratis.

Reglement for læringssenteret Gol

Som kursdeltaker ved læringssenteret Gol er du medlem av et skolesamfunn.

Dette samfunnet består av alle kursdeltakere og personalet ved skolen. Skolen forventer at alle bidrar til å skape et godt arbeids- og læringsmiljø, og at alle bidrar til at ingen blir utsatt for mobbing eller trakasering. Læringssenteret Gol vaksenopplæring er en regionsnøytral skole. Individuell religionsutøvelse skal ikkje sjenere eller forstyrre andre.

Du har rett til opplæring etter de læreplaner, lover og forskrifter som gjelder for deg, og innenfor de økonomiske rammene for læringssenteret Gol.

Vi tilbyr deg som kursdeltaker at vi:
  • skal ta deg med på planleggingen av undervisninga
  • skal lytte til råd og tilbakemeldinger fra deg om faglige opplegg, skulemiljø osv
  • skal hjelpe deg i å nå lengst mulig i din faglige og personlige utvikling
Dine plikter:
  • å møte presis til undervisningen og å holde alle tidsfrister
  • å samarbeide med andre kursdeltakarar og lærere
  • å delta aktivt i undervisningen
  • skaffe deg undervisningsmateriell når du slutter
  • å følge regler for bruk av datamaskiner, spesialrom og spesialutstyr
  • å delta på eskursjoner og undervisningsopplegg som utenfor skolen når dette er en del av det faglige opplegget
  • å følge vanlige regler for skikk og bruk
  • å melde fra om morgenen dersom du er syk eller av en annen grunn ikke kan møte
  • å levere sykemelding eller egenmelding til lærer første dag etter fravær
  • mobiltelefonen må ikke benyttes i undervisningstiden
  • røking er ikke tillatt inne
Fravær

Alt fremmøte og fravær blir registrert på alle kurs ved læringssenteret Gol. For deltakere på introduksjonsprogram gjelde også andre regler. Skolen sender 1 gang pr. måned oversikt over fremmøte til flyktningekonsulent/NAV/barnevernstjenesten (de som har ansvar for økonomien til den enkelte deltaker). Dette gjelder alle kursdeltakere som ahr stønad fra en offentlig etat.

Alle besøk på offentlige kontorer, politi, likningskontor, leger, tannleger o.l. må forsøkes lagt utenom skoletiden. Dersom du likevel må gjøre det i skoletiden, må en avtale eller bekreftelse fra det gjeldende kontoret vises frem.

Omgruppering

Dersom antallet kursdeltakere i en norskopplæringsgruppe blir for lavt, kan det føre til at gruppen vil bli lagt ned, og at deltakerne blir omplassert i andre grupper. Alle kursdeltakere i norskopplæring må regne med at de kan bli omplassert i løpet av skoleåret.

Sykdom

Når du er syk, kan du levere egenmelding til skolen om sykdommen. Du har rett på inntil fir egenmeldinger på grunn av sykdom i løpet av 12 måneder. Egenmeldingsskjema får du på skolen. Du skal fylle ut skjemaet første dag på skolen etter sykdommen. Egenmeldingen gjelder for maksimalt tre ukedager. Ved alt fravær må du gi beskjed til skolen før undervisningen starter om morgenen. Dersom bruken av agenmeldinger blir misbrukt, vil eleven umiddelbart tape retten til egenmeldinger. For all sykdom som varer mer enn 3 dager, må det leveres sykemelding fra lege. Dersom det ikke leveres egenmelding eller sykemelding, vil fraværet bli registrert som ugyldig.

Pemisjoner

Du kan søke om permisjon i forbindelse med religiøse høytider. Du har rett til 2 slike permisjonsdager i løpet av skoleåret. Ellers følger læringssenteret permisjons-reglementet til Gol kommune.

Bortvising

Når en kursdltaker har vist atferd som alvorlig grad går utover orden og arbeidsro på skolen, eller når en kursdeltakeralvorlig forsømmer pliktene sine, kan han/hun bli bortvist for en periode eller for resten av kurset.

Gjeldende lover

Opplæringslova §4A-1

Opplæringslova § 9a

Introduksjonslova § 7

Rett til gratis norskopplæring eller ikkje

Rett og plikt til norskopplæring

Kva betyr rett?
Å ha rett til norskopplæring betyr at personen har krav på gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap frå kommunen han/hun er busett i.

Kva betyr plikt?
Å ha plikt til norskopplæring betyr at personen må ha gjennomført lovpålagt opplæring i norsk og samfunnskunnskap for å kunne søkje om permanenet opphaldsløyve eller stasborgarskap i Norge. Dei som berre har plikt til opplæring må betale sjølv.

Kva betyr rett og plikt?
Å ha rett og plikt til norskopplæring betyr at personen har krav på gratis norskopplæring frå kommuna han/ho er busett i, og at lovpålagt norskopplæring må vere gjennomført før dei kan søkje om permanent opphaldsløyve og norsk statsborgarskap.

Kva opphalsløyve gir rett og/eller plikt til norskopplæring?

Personkrins

Rett

Plikt

Gratis

Timetal

Personar   med asyl, opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeint med desse
  gruppene og kollektiv beskyttelse 16-55 år

Ja

Ja

Ja

600 timar.Om dei treng   opp til 2400 norsktimar ekstra(300 timar for dei med opphaldsløyve før 1.   januar 2012/opp til 2700 timar ekstra)

Familiegjenforeint   med norske og nordiske borgarar busett i Norge, 16-55 år

Ja

Ja

Ja

 

Personar   frå gruppe 1 eller 2 i alderen 55-67 år

Ja

Nei

Ja

 

Arbeidsinnvandrarar   utanfor EØS/EFTA-regelverket, 16-55 år

Nei

Ja

Nei

300   timar

Personar som både har rett og plikt til norskopplæring er:

Personar som har fått opphaldløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve er:

  1. Personar som har fått asyl
  2. Overføringsflyktningar
  3. Personar som har opphaldsløyve på grunnlag av sterke menneskelege omsyn etter søknad om asyl
  4. Personar som har opphaldsløyve på grunnlag av sterke menneskelege omsyn
  5. Personar som har opphalsløyve på sjølvstendig grunnlag
  • Personar som har fått kollektiv beskyttelse
  • Familiegjenforeint med personar i gruppe 1
  • Familiegjenforeint med personar som har permanent opphalsløyve
  • Familiegjenforeint med norske eller nordiske borgarar
Personar som har plikt, ikkje rett:
  • Arbeidsinnvandrarar frå utanfor EØS/EFTA- området
  • Familiegjenforeint med arbeidsinnvandrarar frå utanfor EØS/EFTA-området

Personar i desse gruppene må ha gjennomført lovpålagt opplæring etter introduksjonslova dersom dei seinare ynskjer å søkje om permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap i Norge. Dei må betale for opplæringa sjølv.

Personar som hverken har rett eller plikt er:
  • Personar med midlertidig opphaldløyve som ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldløyve(student, au pair)
  • Arbeidsinnvandrarar med opphald etter EØS/EFTA-regelverket.
Personar med opphaldsløyve før 1. september 2005

Personar som har fått opphaldløyve, eller kollektiv beskyttelse, før 1. september 2005 er ikkje omfatta av introduksjonslovas reglar, og har dermed hverken rett eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Dei må sjølv betale for opplæringa, og det vil ikkje bli stilt krav for gjennomført norskopplæring ved søknad om permanent opphaldløyve. For søknad om statsborgarskap vil det likevel bli kravd gjennomført norskopplæring. Dette kravet vart innført 1. september 2008 og gjeld alle søknader om statsborgarskap som blir fremma etter denne dato.

Nyttige linkar:

Rett og plikt til norskopplæring

Forskrift om norskopplæring

Rett til grunnskuleopplæring

Rett til grunnskuleopplæring (§4A-1)

Rett til grunnskuleopplæring for vaksne blir omtalt i kapittel 4A i opplæringslova. Det er 3 kriterier som gjeld i vurderinga av om du har rett til slik opplæring.
Dei 3 kriteriene er:

  • du må vere over opplæringspliktig alder (16 år)
  • du har ikkje rett til vidaregåande opplæring (ungdomsretten-etter §3-1 i lova)
  • du treng grunnskuleopplæring

Opplæringslova §3-1 beskriv retten til vidaregåande opplæring for ungdom slik: "ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til... vidaregåande opplæring". Punkt 2 peikar altså på ikkje fullført grunnskule. Sjølv om du har grunnskule frå heimlandet, må du likevel kunne dokumentere det fro å få retten til vidaregåande opplæring.

Punkt 3 er ei skjønnsvurdering. Du treng kanskje ei styrking av din kunnskap i til dømes engelsk eller matematikk i arbeidet ditt. Du treng kanskje ei generell styrking av din kunnskap fordi du ynskjer å ta meir utdanning som vaksen mv.

Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Rett til opplæring i grunnleggande ferdigheiter

Retten til opplæring i grunnleggande ferdigheiter

blir vurdert på same måte som retten til grunnskuleopplæring-etter §4a-1 i opplæringslova. Har du rett til ordinær grunnskuleopplæring, har du også rett til opplæring i dei grunnleggande ferdigheitene. Dei grunnleggande ferdigheitene er sentrale element i dei ulike faga i lærplanane.

På utdanningsdirektoratets nettside kan du lese om dei grunnleggande ferdigheitene: " I hver lærplan for fag er det beskrevet hvordan de grunnleggende ferdighetene er forutsetninger for utvikling av fagkompetanse. For å sikre kontinuerlig utvikling av elevenes grunnleggende ferdigheter gjennom hele den 13-årige grunnopplæringen, er ferdighetene integrert i kompetansemålene. De kan imidlertid framstå ulikt og komme til uttrykk i varierende grad i forskjellige læreplaner for fag".

Læringssenteret Gol gir opplæring i grunnleggande ferdigheiter som tilpassa opplæring, i ein-til-ein undervisning eller i små grupper, og eot avgrensa omfang pr. veke. Vedtak blir fatta etter opplæringslova §4a-1 for eit år om gangen.

Rett til spesialundervisning

"Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne , har rett til spesialundervisning.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik, har rett til slik opplæring".

Formuleringane ovanfor er kva opplæringslova seier om slik opplæring i §4a-2. Det er viktig å merke seg at retten til spesialundervisning fylgjer av retten til grunnskuleopplæring etter 4A-1. Du må altså ha rett til grunnskuleopplæring for å ha rett til spesialundervisning.

Dei 3 kriteriane for rett til grunnskuleopplæring er:

Dersom du både er over 16 år og har gjennomført vidaregåande opplæring, er det berre punkt 3 som står att og vurdere. "Du treng grunnskuleopplæring". Det blir ei skjønsvurdering. Om du har vært gjennom vidaregåande opplæring og nådd dei måla som du jobba med der, bør det være nye mål med i vurderinga av om du treng spesialundervisning.

Det kan være vanskeleg å sjå skilnaden mellom opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning. Opplæring i grunnleggande ferdigheiter er ordinær opplæring på lågt nivå, eller tilpassa opplæring. Spesialundervisning er noko anna. Det kan være at du til dømes har lærevanskar som gjer at du ikkje kan fylgje ordinær opplæring.

Alle som har rett til det og som startar med grunnskuleopplæring eller med opplæring i grunnleggande ferdigheiter blir vurdert med tanke på om dei har behov for spesialundervisning. I fall det er slik, blir du meldt opp til PPT som gjer ei undersøking. Undersøkinga munnar ut i ei sakkunnig vurdering som vurderer retten og behovet.

Om det er slik at eleven har rett og behov, blir det fatta nytt vedtak om opplæring etter §4A-2. Slike vedtak blir fatta for eit år av gangen.

Her kan du lesa meir om Utdanningsdirektoratets veiledning om spesialundervisning for vaksne.

Rådgjeving

Vaksne med rett til vaksenopplæring

har rett til rådgjeving for å kartlegge kva tilbod den vaksne har behov for og rett til. Ta kontakt med Læringssenteret eller stikk innom for å gjera avtale.

Spesialundervisning for vaksne

Treng du særskild tilrettelagt undervisning for å kunne fungere betre i kvardagen?

Vaksne som ikkje har eller ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde vedlike grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring. Opplæringa og undervisingsmateriellet er gratis.

Det kan vera ulike grunnar til at du har behov for spesialundervising:
  • Afasi
  • Dysleksi
  • Lærevanskar
  • Manglande grunnskuletilbod i ungdommen
  • Annan sjukdom eller skade som gjer at du treng opplæring

Dersom du har særskilde behov for tilrettelagt undervisning, kan du søkje kommunen om dette, anten det er snakk om opplæring i kunnskap du har "mista", eller det er snakk om nyinnlæring. Du vil då få einetimar, eller undervisning i små grupper. Undervisninga kan omfatte alt frå grunnleggjande lese- og skriveopplæring til læring om personleg økonomi. PPT må gjera ei sakkunnig vurdering som vurderer behov og rett, og med bakgrunn i den, vil det bli gjort enkeltvedtak om opplæring. Det blir utarbeidd individuell opplæringsplan for kvar elev.

Søknader blir handsama fortløpande.

Andre kommunar kan kjøpe tenester frå Gol kommune. Alle søkjarar må søkje i eigen kommune.

Undervisninga er gratis.

Her kan du lesa meir om Utdanningsdirektoratets veiledning om spesialundervisning for vaksne. 

Læringssenteret

Besøksadresse:

Skulevegen 11
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 GOl

Kontaktperson: Britt Vikane

Tittel: Rektor

Telefon: 32 02 92 35/408 04 373

Kontaktperson: Liv Gjærde

Tittel: Inspektør

Telefon: 32 02 92 39/901 59 415

Kontaktperson: May Britt Rustand

Tittel: Sakshandsamar

Telefon: 32 02 92 37