vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vesterhuset barnehage

Vesterhuset barnehage ligg sentralt i Gol inntil bustadfelta Vesterhuset og Heslarystadn ca 1 km frå øvre del av Gol sentrum.

  • Barnehagen har fire avdelingar.
  • Avdelingane heiter Lia, Reppen, Botten  og Åsen.
  • Barnehagen er godkjent for inntil 84 plassar.
  • Barnehagen har to småbarnsavdelingar  med 1-2 år og 2-3 åringar.
  • Dei to andre avdelingane har barn i alderen 4-5 år. 

Sommaren 2014 vart heile barnehagen rehabilitert i tillegg til at den fekk ein ny avdeling og ny personalavdeling. Lia og Reppen ligg i same etasje med noko felles leikeareal. Botten ligg i underetasjen, og Åsen er den nye avdelinga. Det er eit godt samarbeid på tvers av avdelingane slik at store og små får leike i lag. I 2009 blei barnegarderoben på Botten utvida slik at den har fått ein meir funksjonell bruk.
I nærleiken av barnehagen er det ein fine turmoglegheiter. Barnehagen har ei grillhytte som barna ofte besøkjer. Barnehagen har gode tradisjonar på å arbeide med lokal kultur, spesielt song og dans.

Opningstider i barnehagane

Kl. 07.30 – 16.30, sjå meir utfyllande informasjon under vedtektene

Stenging i påskedagane og dagane i romjula

Frå 2010 er heile Gol barnehage (alle dei seks barnehagane) stengt mandag, tysdag og onsdag i påskeveka.

I jula blir alle dagane f.o.m. julaftan og t.o.m. 1. nyttårsdag stengt.

I andre feriar er det alltid ein barnehage open for å gje tilbod til dei som har behov.

Årsplan for Vesterhuset barnehage 2017

Vesterhuset barnehage

Besøksadresse:

Vesterhusvegen 3
3550 GOL

Kontaktperson: Nina Stengård

Tittel: Dagleg leiar

Telefon: 32 02 90 25

Kontaktperson: Ingunn Svensgård

Tittel: Assisterande leiar

Telefon: 32 02 90 25