vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rotneim barnehage

Rotneim barnehage ligg i grenda Rotneim. Barnehagen ligg ikkje langt frå riksveg 7, ca. 6 km frå sentrum oppover dalen.

Barnehagen har 2 avdelingar og er godkjent for inntil 36 plassar.
Den har tilhald i ein tidlegare barneskule med ein avdeling i kvar etasje. Huset er tilpassa barehagedrift. Eigen gymsal i kjellaren, og skogen rett utafor gjerdet gjer at det er gode muligheiter for allsidig leik og aktivitetar. Nærmiljøet elles er prega av landbruk og husdyr.

Avdelinga Stugu har primært barn i alderen 1-2 år, medan avdeling Nuten primært er for barn frå 3-5 år. Avdelingane har tett samarbeid til beste for både barn, foreldre og tilsette.

Personalet har ei målsetting om å ta barna med i planlegging og utvikling av aktivitetane i barnehagen. Me veit at barn lærer best når dei får byggje på eigen erfaring, og får lov å vera med å påverke med sine eigne idèar.Nokon barn treng trening på å komma med sine tankar, andre treng trening i å lytte til andre barn og deira innspel. Dei vaksne si rolle er å ta vare på barna sine sinnspel og sjå korleis me kan bruke dette for å skape utfordring, glede og læring.

Opningstider i barnehagane

Kl. 07.30 – 16.30, sjå meir utfyllande informasjon under vedtektene

Stenging i påskedagane og dagane i romjula

Frå 2010 er heile Gol barnehage (alle dei seks barnehagane) stengt mandag, tysdag og onsdag i påskeveka.

I jula blir alle dagane f.o.m. julaftan og t.o.m. 1. nyttårsdag stengt.

I andre feriar er det alltid ein barnehage open for å gje tilbod til dei som har behov.

Årsplan for Rotneim barnehage 2017

Rotneim barnehage

Besøksadresse:

Tuppeskogvegen 475
3550 GOL

Kontaktperson: Jorunn B. Knaldre

Tittel: Dagleg leiar

Telefon: 32 02 91 21