vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Øygardane barnehage

Øygardane, som ligg i grenda Øygardane har 2 avdelingar. Barnehagen har inntil 36 plassar.

Øygardane har avdelingane Teigen og Skimten
Barnehagen ligg ved riksveg 52 mot Hemsedal, ca. 7 km frå Gol sentrum. Avdelinga har tilhald i ein tidlegare skule, men med tilpasningar til barnehagedrift. Det er rikeleg med plass både ute og inne.

Teigen ligg i 1. høgda, og er ei småbarnsavdeling for barn i alderen 1-2 år. Skimten ligg i 2. høgda, og er for barn i alderen 3-5 år. Det er mogeleg å utvide alderen med eitt år på begge avdelingane når det er eit behov.

Her er eit flott utemiljø, med lavvo og bålplass like ved barnehagehuset, som blir mykje brukt.

Opningstider i barnehagane

Kl. 07.30 – 16.30, sjå meir utfyllande informasjon under vedtektene

Stenging i påskedagane og dagane i romjula

Frå 2010 er heile Gol barnehage (alle dei seks barnehagane) stengt mandag, tysdag og onsdag i påskeveka.

I jula blir alle dagane f.o.m. julaftan og t.o.m. 1. nyttårsdag stengt.

I andre feriar er det alltid ein barnehage open for å gje tilbod til dei som har behov.

Årsplan for Øygardane barnehage 2017

Øygardane barnehage

Besøksadresse:

Hemsedalsvegen 588
3550 Gol

Kontaktperson: Gry Bækken

Tittel: Dagleg leiar

Telefon: 32 07 75 22