vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Herad barnehage - oppstart august 2018

Herad barnehage ligg i grenda Herad ved riksveg 7, 4 km aust for Gol sentrum.

Barnehagen opnar i august 2018. Den får 5 avdelingar og vert godkjent for inntil 90 plassar (om alle barn er mellom 3-6 år).
Herad barnehage er ein tidlegare barneskule som no vert bygd om og pussa opp til å bli eit flott barnehagebygg.

Barnehagen får store og gode leikeareal både inne og ute. Den vert innreia for to småbarnsavdelingar i 1. etasje med tilpassa leikeareal for aldersgruppa 1-2 år utanfor. I 2.etasje (hovedetasjen) vert det tre avdelingar for barn frå 3-5/6 år. Dei eldste aldersgruppene får også tilpassa leikeareal ute til sitt behov. På barnehagen sitt uteområdet er det ein flott fotballbane som også vert brukt til "grendafotball" for barn som bur i grenda på kveldstid. I tillegg har barnehagen skogsområder både innanfor og utanfor gjerdet som gjer at det er gode muligheiter for allsidig leik og aktivitetar. Nærmiljøet er også prega av landbruk og husdyr.

I tillegg til leikeareal for fem avdelingar er det ein stor sal som kan brukast til fysiske aktivitetar for heile barnehagen i 1 etasje. På kveldstid kan Herad Vel disponere denne salen, som dei også gjorde når det var skuledrift i bygget.

Tilsette i nye Herad barnehage vil i hovudsak bestå av personalet som har arbeid i Rotneim, Øygardane og Åsgardane barnehagar. Desse tre barnehagane vert lagt ned 29. juni.

Denne våren og året som kjem skal personalet arbeide saman for å bli ei felles personalgruppe som skal arbeide til det beste for at alle barn skal føle tryggleik og trivsel i den nye barnehagen og nærmiljøet. Dette fyrste året vil vaksne difor ha hovudfokus på leiken med utvikling av venskap i eit inkluderande barnehagemiljø og bygging av gode relasjonar.