vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Breidokk barnehage m. Hallingmo

Breidokk barnehage består av to einingar med til saman fire avdelingar.

Avdelingane Stabburet, Løa og Stallen har adresse Tunvegen 3 og held til i nedre del av Gol sentrum, like ved helsetunet. Avdeling Hallingmo ligg midt i sentrum med adresse Gymnasvegen 21 rett nedanfor Gol vidaregåande skule med tennisbana som næraste nabo. Det er gangavstand på ca. 700 meter mellom einingane.

Avdelingane har felles leiing og eit godt samarbeid mellom borna og dei tilsette.

Dei to einingane er til saman godkjent for inntil 84 plassar. Stabburet og Hallingmo er småbarnsavdelingar. Stabburet har 12 plassar for 1-2 åringar og Hallingmo har 15 plassar for 2-3 åringar inneverande barnehageår. Løa og Stallen har kvar 18 plassar med 3-5 åringar.

Det blir lagt vekt på å sjå avdelingane i ein heilskap. Ein del fri leik og aktivitetar er felles. Barnehagen får også bruke den store salen til ungdomsklubben ved behov.  Gruppene med 2 og 3 åringar frå begge einingane samarbeidar kvar veke om felles aktivtetar inne eller ute. Det same  gjer fire og femåringane. to store avdelingane samarbeidar om faste turgrupper. Turgruppene har samansetning på tvers av alder for å gje dei yngste gode rollemodellar. I gangeavstand frå barnehageavdelingane ligg leirplassen "Smiu" med grillhytte og skikkeleg omn som alle aldersgrupper ofte nyttar. Det er eit variert nærmiljø med idrettsarenaer, skog og mark som barnehagen brukar aktivt. Barnehagen ynskjer å vere ein barnehage som legg stor vekt på omsorg, trivsel og tryggleik for alle, og arbeidar spesielt for eit inkluderande leikemiljø.

Opningstider i barnehagane

Kl. 07.30 – 16.30, sjå meir utfyllande informasjon under vedtektene

Stenging i påskedagane og dagane i romjula

Frå 2010 er heile Gol barnehage (alle dei seks barnehagane) stengt mandag, tysdag og onsdag i påskeveka.

I jula blir alle dagane f.o.m. julaftan og t.o.m. 1. nyttårsdag stengt.

I andre feriar er det alltid ein barnehage open for å gje tilbod til dei som har behov.

Årsplan for Breidokk avdeling Hallingmo 2017

Bilder av barnehagane

Breidokk barnehage

Besøksadresse:

Tunvegen 3
3550 Gol

Telefon: 32 07 46 65

Kontaktperson: Marita Ø. Bang

Tittel: Dagleg leiar

Telefon: 32 07 46 65